onsdag, juli 31, 2024

Dagbok 2024: 31.juli

 

                                 Eg fekk det ikkje heilt fint, men betre enn på bildet.


Klokka er no 18.46, temperaturen ute er ca + 18. Det hadde regna sist natt, men det har vore opplett i heile dag.Og litt sol innimellom.

I dag hadde eg lagt opp til ein arbeidsdag, eg bytta på senga mi og vaska sengetøyet, mens eg hadde ut alle teppa på soverommet og datarommet og vaska golva. Det var for så vidt ikkje så krevande.

Men så begynte eg å rydde i den kråa på altanen der eføyen hadde vore. Då måtte eg til både med vatn og såpe, skurekost og kniv. Heilt ferdig blei eg ikkje, men eg får ta det att ein annan dag. Så vil Einar komme neste veke, og kanskje spe på med litt maling. Det er han som er malermester her i huset. Då eg var så å seie ferdig på altanen, var det nokon som ropa på meg frå tunet. 

Det var Margrete som kom på besøk, og det var no veldig kjekt, ho hadde med seg gode kjeks så det var berre å koke kaffi. Vi avtalte å reise til Eid onsdag i neste veke om det passa for Bodil då.

Eg har allereie to avtalar for komande veke, for eg skal treffe tidlegare kollegaer på Rjåneset på mandag.Ragnhild plukkar meg opp, så eg slepp å køyre sjølv.

Solveig ville komme innover i slutten av veka. JHo likar å handle klede på ein butikk her.

Etter at Margrete hadde fare, kokte eg meir kaffi og "inviterte" Marit ned ein tur. Så i dag har eg fått prata nok. Men eg har ikkje vore på Vernet, og eg trur ikkje eg vil gå no.


Plommetreet har 1000 plommer, men det spørs kor mange vi får ete. Mange greiner er brotne og treet er ikkje heilt i form.

tirsdag, juli 30, 2024

Dagbok 2024: 30.juli



Klokka er no 17.30,ute er det skodde og litt regn, det var ikkje så begredelig ver før i dag, veret skiftar ofte for tida. I dag fyrte eg litt i omnen, for det vart litt kjølig.

Eg hadde ingen planar for denne dagen, rekna med å få slappe av litt. Men eg hadde avtale med Marit om å fare ned på KIWI og handle. Ho skulle køyre. Og slik vart det. Vi ser litt på prisar når vi går rundt., og noko som eg syntest var litt artig, var prisane på poteter og kålrabi. Eg hugsar den første hausten etter at Nils og eg hadde gifta oss og skulle handle inn i stort. Då kjøpte vi ein sekk poteter og ein sekk med kålrabi. Potetene kost 45 øre kiloen og rabba 35 øre. No blir desse to varene selde for om lag same pris- i kroner. 

Då eg kom heim att, bestemte eg meg for å gå på Vernet mens eg enno var kledd for å vere ute. Det var ikkje så spennande på Vernet i dag, eg trefte ingen eg kjende, men blei litt kjend med ein eldre mann, mykje yngre enn meg, han dreiv og sprang for full fart opp steintrappa fleire gonger. Eg får nøye meg med å gå.

Til middag i dag åt eg resten av grauten frå i går, elles har eg gjort lite og ingen ting, men det var også planen for dagen. I går jobba eg mykje, så det går opp i opp. Det er berre det at eg har lyst å gjere noko i hagen, det er mykje som trengst å gjere noko med, til dømes plukking av rips og solbær.


Eg har tre sortar clematis, ein lavendelblå, ein rosa og tre møkt lillablå, det var ein som eg har delt opp. Merkeleg nok er det ingen av dei tre som blomstrar enno. dei brukar å vere først. Når mine klematis blomstrar så seint på sommaren, er det fordi eg klipper dei heilt ned om hausten. Men så er det no kjekt å ha noko som blomstrar seint også, for no er ikkje rosene så fine lenger og mykje anna er på retur også. Men vi KAN få ein Indian summer i år ! Ein kan i alle fall håpe.

Margrete er heime frå Liverpool så eg håper å få treffe henne snart og høyre litt frå den store verda.
 

Denne clematisen er veldig fin, med gulltrådar midt i blomsten, berre synd at eg ikkje har fått støtta den opp slik eg skulle. Men det kan eg rette på.
På skjermen min står det no: Regnet slutter-og det er no bra. Har ikkje vatna mykje denne sommaren, det har regna mykje om nettene.


mandag, juli 29, 2024

Dagbok 2024: 29.juli, Olsok


 Klokka er no 19.48, temperaturen ute er +20 grader C og sola skin. På PC-en min står det:"Regn i morgen". Så då har vi noko å glede oss til.

I dag har eg hatt ein skikkeleg arbeidsdag. Eg hadde tenkt å halde fram med å rydde og ev.vaske i tilbygget, men eg måtte no vere ute når det var så fint ver. Ein gong i tida planta vi eføy på uteveggane av tilbygget, og eføyen har trivast meir enn godt er, den har tatt aldeles overhand og kryp inn over alt. Nokre greiner har kome seg opp på altanen, og eg syntest det var litt fint. Men eføy kan ikkje kunsten å begrense seg, så det vart for mykje av det gode. I dag reiv eg ned alt som var på altanen, eg måtte ta opp eit par av flakane på golvet for å få med alt. Meg det nytta ikkje å ta bort det som var kome opp på altanen, eg måtte få vekk det som var nedanfor og på veg opp.. Det tok heile føremiddagen og vel så det. Det blir ikkje fint når ein tek det vekk slik, men eg sette bossdunkane attåt veggen, så då ser ein ikkje styggedomen.

                                                        Ikkje akkurat fint.


Denne jobben tok heile føremiddagen, og ikkje berre det, men eg måtte ta allergitablettar for å halde ut. Eg er så vidt eg veit ikkje allergisk for anna enn akkurat eføy.

Då eg kom inn og skulle lage meg mat kom eg på at det var olsok så då laga eg berre litt rømmegraut.

Eg var trøtt og sliten, så eg la meg inn på dag-senga mi og slappa av ei stund før eg stod opp og dusja og vaska håret. Så var eg opp til Marit ein tur, og så vart det ein liten runde på Vernet i dag også.I morgon skal Marit og eg på butikken.







søndag, juli 28, 2024

Dagbok 2024: 28.juli

Klokka er no 16.44, temperaturen ute er+18 grader, men det kjennest kaldare ut.

Hittil har det vore ein nokså kjedelig dag, men det må eg ta på meg sjølv, det er opp til meg sjølv , stort sett, korleis dagane blir, og i dag har eg ikkje funne på så mykje kjekt. Eg har sete og strikka litt og sett TV og så gjekk eg ein tur på Vernet. Der var lite folk i dag og veret var ikkje så fint, til slutt kom det skikkeleg regn før eg kom heim att. Middagen i dag vart restar frå i går. 

No når det lid på dag er eg litt irritert på meg sjølv fordi eg ikkje har funne på noko kjekt i dag. Men i morgon.........


Dette bildet tok eg med det samme eg hadde kome opp trappa. Her ser vi ned på vegen som går langs Vernet-og her ser vi også skyene som kjem inn frå vest.


Då eg kom heim gjekk eg ned og såg på "prosjektet" mitt. Jordstykket som eg
spadde opp i vår og sådde grasfrø i. Eg klipte graset med klippar ein gong men sist eg klipte plen fekk det stå i fred. Det er ikkje fast nok til å tole klipparen. Men det blir fint på sikt. Wenche planta dei tre små buskene som eg hadde kjøpt då ho var her. Som de ser veks både graset og ugraset frodig.

Jordbæråkeren min er ein skandale, det slutta å komme bær nesten før det hadde begynt. Eg har rips og solbær som eg skal plukke når det blir finare ver.

Margrete kjem vel heim i løpet av helga, eg  ser fram til det, for ho og eg skal ha ein tur til Eid. Håper vi får finare ver, det var no spådd ein fin august månad, men sommaren varer ikkje så veldig lenge. Dessverre.

No lysnar det opp i vest, heilt typisk er det at sola kjem når det er nesten kveld, og så er det også slik at det regnar om natta og så kjem sola om dagen.....men ikkje i dag.




 

lørdag, juli 27, 2024

Dagbok 2024: 27.juli Bryllaupsdag

Klokka er no 15.30, temperaturen ute er +22grader, og det er opplett og somme tider sol.

I dag hadde eg ingen planar om kva eg skulle gjere,  så eg for no berre her og surra, før eg kom meg ut for å gå på Vernet. Det var verken varmt eller kaldt ute, men litt skiftande . Eg bestemte meg i alle fall for å gå tur på Vernet i dag også, åleine som vanleg. Og i dag trefte eg ingen eg kjende. 

Det første ein møter når ein kjem opp er blomster "tallerkenen"som er fin enno , og så har det vakse opp veldig høgt gras sidan dei slo tidleg på sommaren, og der er også geitrams som er liv i enno.Eg likar å sjå på alt som veks til ulike tider av året. Eg sit litt å benkane og ser på naturen. I ddag fekk eg sjø kvar dei finn så mykje bringebær, det er ved elva som renn langs Åsmundmarka.Men eg går ikkje opp dit, eg er veldig forsiktig, for eg vil ikkje dette.

Eg trefte ingen eg kjenner i dag, men då eg var komen ned og gjekk inn Starevegen stoppa det ein svart bil, og det var Helge som kom att med nøkkelen til kjellerleilegheita.



Ei stund etter at eg var komen heim, og hadde ete etc. fekk eg besøk av Solfrid, som er heime med foreldra no, men som har vore på sykkeltur i Solund. Det var veldig kjekt, for ho er flink å fortelle  og var blitt kjent med Rolf og litt av familien. Tenk sykkeltur i Sula? Då eg kom dit, trur eg ikkje der var mange syklar å sjå. Men når der kom vegar vart det heilt annleis å vere der, vil eg tru. Jentene og eg bur oss på å fare dit til neste vår,ja Margrete har no vore der i sommar også. 

Eg veit ikkje kva eg skal styre med resten av dagen-for eg har kjensle av at det er sundag, enda eg veit at det ikkje er det.Eg kunne kanskje plukke rips, men det er ikkje noko som hastar. Eg synest ikkje det er kjekt å fare nede i Vik åleine, men kanskje eg tek ein tur?

Naboane mine feira diamantbryllaup for litt sidan, i dag er det min bryllaupsdag, det er 62 år sidan vi gifta oss i Bergen, så vi kunne ha hatt diamantbryllaup for to år sidan, om vi hadde vore i live begge to.

Forresten kom eg i mål med sudokuen min no på føremiddagen.

fredag, juli 26, 2024

Dagbok 2024: 26. juli


Klokka er no kvart på 6 , temperaturen ute er + 18 grader, Då eg stod opp i dagm, var asfalten våt, men etterpå kom det finare ver. Eg brukar å vaske litt i huset på frdagar og det gjorde eg i dag også. Så sette eg meg til med sudokuen som eg ikkje vart ferdig med i går. Då fekk eg besøk av Helge. Eg hadde snakka med han om å få lys i tilbygget, og no var han klar. Eg hadde funne ut at det ville vere greit med stikk-kontakt også, Og Helge var klar. Han kjøpte eit stort rør med led-lys  m.m. Og alt kom fort og greit på plass. Det er bra å ha ein "personleg elektrikar," brukar eg å seie.Han kjøper det som skal til, og så vippsar eg han til slutt.

Litt vanskeleg å sjå det på bildet.

Eg jobba vidare med sudokuen, men fann ut at hjernen min trong litt frisk luft, så då vart det ein runde på Vernet. Det var veldig fint ei stund, men så mørkna det til med skyer, og no er det både vind og skodde ute. 
Eg trefte det samme ekteparet i dag som sist og fekk høyre korleis de gjekk med bringebæra. Og så snakka eg med ei dame med hund. Damer med hund er alltid parat til å snakke om hunden.

No er eg heime att, og skal prøve meg på sudokuen igjen, eg veit at eg klarer den til sist ; og så må eg tenkje ut noko eg kan ha til middag.No vart det mykje skodde ute-og det likar eg ikkje.

Ønsker alle ei god helg



torsdag, juli 25, 2024

Dagbok 2024: 25.juli


   Her er det tydeleg at eg har klipt litt ujamnt, men det går seg vel til.


Klokka er no 19.56, det har vore fint ver og delvis sol i dag, men det er meldt regn og det skyar over litt etter kvart, så regnet er ikkje langt unna. I dag har det vore ein heilt vanleg dag utan store hendingar,og takk for det.

Marit og eg var ein tur fram på gravplassen på føremiddagen, Vi klipte bort gras etc. men saks, og stort meir var det ikkje å gjere. På heimvegen var vi innom KIWI, men det var ikkje så mykje eg trong å kjøpe i dag.

Arbeidet mitt i dagvar å klippe plen. Eg starta litt forkjært med klipparen for langt nede, dermed vart det litt plunder for det vart for tungt , så motoren stoppp fleire gonger, før eg forstod at eg mått lette på litt. Då gjekk det fint. Det var mylkje gras rundt huset, så det tok si tid, men Skråninga var lett å ta i dag, Eg fekk altså ta alt som var rundt huset og i skråninga, Før eg begynte å klippe hadde eg brukt kantklipparen på steinvegen nedafor huset, slik at Erlend får ein finare veg. Eg tok diverse pausar , men kom i mål. 

Eg har ein regel som seier at dei dagane eg klipper plen, skal eg sleppe å gå på Vernet, så der har eg ikkje vore i dag. Marit var ein tur ned til meg i dag, og fekk sjå på TV-en min. Og eg demonstrte korleis eg får nork tekst på norske program. Ho har nyleg fått ny TV, og er ikkje heilt kjend med den enno. Før var alle TV-apparat meir og mindre like. Slik er det ikkje lenger. Etter at Marit hadde gått opp att, strikka eg litt, men så sovna eg. Det skjer nesten kvar dag viss eg set meg i godstolen med beina opp.Og det gjer berre godt for eg er tidleg oppe og seint i seng, så eg treng kanskje nokre minutt søvn på dagtid

I morgon er det fredag igjen, og i løpet av helga kjem vel Margrete heim frå Liverpool, der ho og Svein er denne veka og "studerer" Beatles, det skal bli artig å høyre om det dei har opplevd.


                                           Grasbingen er full.


onsdag, juli 24, 2024

Dagbok 2024: 24.juli


Klokka er no21.23, temperaturen ute er+16 graderC. Det har vore sol og fint i dag, og dagen begynte godt. Eg hadde ikkje lagt nokon plan  ,men eg har gått å tenkt på at eg måtte få klipt håret mitt. I dag fekk eg ein innskytelse og køyrde ned i Vik, der eg gjekk inn på ein tom frisørsalong og vart klipt av ei hyggeleg dame utan å måtte vente.

Eg vart fornøgd med den nye sveisen og tok ein tur på Vernet  der eg møtte eit par eg kjenner dei hadde plukka bringebær der oppe. Kjekt å treffe dei.

Akkurat i det eg skulle ta bilde, såg eg ei melding på telefonen som eg ikkje forstod, det var noko om banken. Eg vart sittande ei stund og gruble, men tenkte eg kanskje måtte ned å snakke med dei igjen, og det har eg lita lyst til.

Men det blei mykje verre, for då eg skulle bruke datamaskina, begynte der ein evig-heit med varsel om at eg måtte betale ein sum etc. det heldt berre ikkje opp same kva eg gjorde. Eg skulle betale for sikkerheit etc, og abonnementet gjekk ut i går, så eg måtte betale 500 kr. etc.etc. Har hatt slikt før, men det er lenge sidan, og det er berre tøv og sjølvsagt ulovleg. 

Etter at eg hadde kava ei god stund med dette og ikkje fått orden på det, prøvde eg det som eg svært ofte gjer: Sender bod på Helge! Han har redda meg mange gonger og han kom i kveld også.

Han sa straks at dette var ikkje noko som han hadde mykje greie på, så etter å ha prøvd diverse, ringde han til Rasmus. Og i fellesskap med kvar sin telefon greidde dei til slutt å få orden på maskina mi. Og eg vart så letta at eg kunne ha floge. Og mens dei var på tråden fekk Helge lagt meg inn som ekstramedlem til Rasmus sin Netflix.

Eg veit ikkje kva eg skulle ha gjort utan Helge, og mor hans seier at eg berre må spørje han når eg har slike problem. Eg er så avhengig av denne PC-en min, at eg føler meg heilt utanfor når den ikkje funkar. Så då vart det i alle fall ein god slutt på dagen, og eg fekk skrive blogg.Sola skin fint på andre sida av bygda enno, men ikkje her. Eg har også lagt merke til at det alt har begynt å bli litt mørkt om kveldane. Sommaren er kort-


 

tirsdag, juli 23, 2024

Dagbok 2024: 23.juli

 


Klokka er no 19.22,temperarturen er ca +18 grader ute, det er opplett,  skyer men også sol. Og så har vi hatt litt vind i dag, då kosar eg meg, for det er sjelden med vind her i Ørsta-i alle fall her oppe i bakkane.

Eg kom ikkje så tidleg i arbeid i dag, men fekk no gjort aldri så lite. Eg spurde Marit om ho ville vere med på Alti og det ville ho. Eg skulle ha tablettar på apoteket og så hadde eg bestemt meg for å kjøpe to små svarte stolar til å ha ute, eg hadde to frå før, men ville ha fleire så eg kan sleppe å drage rundt på stolar når eg skal jobbe i hagen. Eg kjøpte stolane på Europris og bar dei ut i bilen og fekk pressa dei inn i baksetet og det gjekk bra, vi kom heile heim. 

Då var eg liksom komen i sving så eg heiv hageboss-sekkane inni bagasjerommet og køyrde på VØR. Eg hadde ikkje så mykje boss, berre 5 sekker som ikkje var fulle ein gong, Men det er no godt å få rydda opp litt.

På heimvegen køyrde eg bort til gravplassen og såg etter korleis der såg ut. Det var no ganske bra der, men eg vatna litt sjølv om det har regna innimellom.

I dag bestemte eg meg for å lage livretten min  til middag, så då vart det krydderspekesild med tilbehør-i dag hadde eg til og med nypoteter. Elles er det ikkje så ofte eg har poteter. Så gjekk det ein times tid med drikking, mens oppvaskmaskina gjorde jobben sin. I dag hadde eg stilt den rett så det tok ikkje så lang tid; sist eg vaska i maskina brukte den over 4 timar, fordi eg hadde stilt den feil. Sånn kan det bli det når ein får noko nytt.



Eg var ein tur ute i hagen og åt bær og prata med nabo-Solveig. Og så endeleg kom eg meg opp på Fonnvernet for å gå runden min. Dagsnytt er nok ferdig no, men eg kan sjå den når eg vil.No skal eg sjå om eg får legge inn bilde.




mandag, juli 22, 2024

Dagbok 2024: 22. juli

Blikkstille fjord i dag

 Klokka er no 18.20, temperaturen ute på trappa er + 20 grader, det er lettskya  og opphalds-ver, men på PC-en min står det : "Regn i morgen" og "vind i morgen." Ja, då har vi noko å glede oss til. Særleg gleder eg meg til vind, for det har vi nesten aldri her i Ørsta.

Eg hadde ikkje plan for dagen i dag, så eg starta med å stryke eit par dukar som låg på vent. Så var det sodukoen; eg begynte på den torsdag kveld då Møre-Nytt var komen på nett.Så har den lege her på bordet, og eg har sett på den av og til utan å komme vidare. I dag hadde eg god tid, så eg begynte frå begynnelsen i roleg tempo, og løyste heile sudokuen utan ein einaste feil; så det er slik ein skal jobbe med problema!

Eg fekk melding frå Olaug på Hareid; ho,sambuar Thomas og Audun ville komme inn til meg kl.15 og ta meg med på Kina-restaurant. Det var no veldig hyggeleg, men etter ei stund kom eg på at Kina-restauranten i Volda har stengt om mandagane. Men då vart det endra frå kinesisk i Volda til indisk i Ørsta.

Eg hadde litt tid til overs så då vart det ein tur på Vernet i dag også.

Dei kom og henta meg presis, og Audun visste kvar vi skulle, så eg kunne slappe heilt av.Vi diskuterte menyen og vart samde om kva vi skulle ete, Audun ordna opp så vi fekk både kjøtt og saus og ris, og nokre veldig gode nan-brød. Vi åt opp nesten alt og måtte spørje etter meir ris- og det fekk vi- Det er ein skikkeleg bra restaurant. Eg trudde kanskje vi vart der åleine sidan det var så tidleg, men der var fleire. Då vi køyrde forbi KIWI på heimvegen snakka Audun om is, men då sa eg at eg hadde is heime så vi kunne ha is og kaffi der, og slik vart det. Takk til alle som bidrog til ein kjekk dag!

Dagen gjekk veldig fort, og no er klokka kvart på 7, og eg skal sjå nyheiter. I går kveld sette eg på for å høyre kva som skjer i verda, men dei snakka berre om BIDEN - i timevis.

Håper Margrete er vel framme i Beatles -byen no.

søndag, juli 21, 2024

Dagbok 2024: 21.juli

 

Klokka er no 16.58, temperaturen ute på trappa er +25 grader, det er overskya, men opplett, berre ein og annan liten vassdrope kan falle ned frå himmelen. Tidlegare i dag var det over 30 varmegrader.

Eg var seint oppe og somla vekk det meste av føremiddagen, før eg gjekk opp til Marit. Ho er i fin form no, men vi sat no berre og prata i varmen, kan ikkje strikke når det er så heitt.

Då det leid på dag tok eg ein tur på Vernet, Det såg ut som om det ville skye over og eigentleg venta vi på torever, men eg fekk fullført runden min utan regn-berre eit par små dropar. t er like fredeleg no. Eg tenkjer på at helga er slutt, men mange i familien har framleis ferie, så eg får vel sjå dei. Margrete og Svein-N. reiser til England i morgon-, så Amanda får tre hundar å passe, men det greier ho fint.

Eg har ikkje meldt meg på Pensjonisttur, så eg blir gåande her heime, men det er heilt greitt. No skal eg sette på TV-en og ta fram strikketøyet. Trur eg.

Den 23.juli går Hundedagane inn -og dei varer til 23(24.) august. Her i Norge vart det sagt at om Hundedagane begynte med godver slutta dei med dårleg ver,og omvendt. (Såpass skulle eg greidd å spå sjølv).

Klokka 23.30: Regnet kom ikkje før i kveld og no er det +16 grader ute, så det vart litt av ei nedkjøling.



lørdag, juli 20, 2024

dagbok 2024: 20.juli


 Klokka er no19.45, temperaturen ute er+26 grader, men på skjermen min står det "Regn i morgen". Det har vore lest av +32-24 grader i dag, men deg har ikkje sett noko over 30 grader her hos meg.

Med det samme eg var ferdig med morgonstellet gjekk eg på Vernet før det vart altfor varmt. Bildet over tok eg då eg sat på ein av kvile-benkane-og sola var høgt på himmelen-

Då eg kom heim sat eg lenge oppe på altanen til Marit, eg hadde liksom tenkt meg til Vik, men det var ikkje naudsynt.

Ei stund etter at eg var komen heim, fekk eg uventa besøk av Eirik, og det var no koseleg. Eg hadde ikkje mykje å by på i dag, men det var kjekt å få prate med han på tomannshand. Han reiser opp att til Trondheim no, der han og Nora skal flytte i lag.

Så hadde eg ein liten tur på butikken for å supplere varebeholdninga i kjøleskapet. Så no håper eg at eg har noko å by på om det skulle komme eit menneske.  

Eg trudde at der var mykje jordbær i åkeren min i dag, for eg hadde ikkje plukka i går. Men nei-der var nesten ingen ting. Rips har eg rikeleg og naboen hadde hatt ei not over buska mi også, så no kan eg vere trygg. Eg gjekk og såg litt over "Godset" mitt før eg gjekk opp att til Marit. Ho er også nesten åleine heime.

Eg har ingen plan for morgondagen og eg veit ikkje om eg får besøk. Margrete reiser til England, men eg hugsar ikkje om det var søndag eller mandag ho skulle fare.Amanda blir heime og passar hundane.


                    Solskinnsdag  i Ørsta

fredag, juli 19, 2024

Dagbok 2024: 19.juli

 


                                                     Dronning Elizabeth i blomst i dag


Klokka er no19.30,temperaturen ute er +21grader C, det er nokså overskya, men opplett og fint.Men skulle no gjerne ha hatt litt meir sol.

I dag tok eg først fredagsvasken, så fann eg andre jobbar.Eg skulle spyle trappa og då kom eg på at Einar hadde sagt at eg måtte spyle husveggane også, så gjorde eg det.Sidan eg først hadde slangen i hendene, kom eg på at eg kunne spyle bilen min, så gjorde eg det.Og eg tok ut golvmattene og spylte dei. Men i garasjen var der ikkje så fint å sette den reine bilen inn, så der måtte kostast og spylast, så gjorde eg det. 

Eg vart etter kvart litt lei så eg slutta av, med godt samvit. Den siste spylinga var då eg gjekk i dusjen. Eg skulle også ha støvsuga litt her og der men eg fekk ikkje til å opne nokon av støvsugarane og tømme dei- så det måtte vente til for eksempel Margrete kom Men eg visste ikkje kva planer ho har. Då fekk eg ei melding på Messenger om at Margrete skulle på Plantasjen først og så ville ho komme hit. Det passa veldig godt

Ho hadde med seg nydelige wienerbrød og eg kokte kaffi. Og under over alle under så hadde Margrete strikka-eg veit ikkje kva det heiter,  men eit slags sjal i eit invikla mønster. Eg trudde aldri at eg skulle få noko som ho hadde strikka, det var i Coronatida ho først begynte å strikke, og så har ho berre blitt flinkare etter kvart. Vi hadde ei god pratestund, mens Dennis slikka på dei nakne føtene mine. Og så fiksa Margrete støvsugerane, så no fekk eg støvsuga litt i bilseta. No er dei reist, og eg er her åleine. Kanskje eg skal gå ut og finne litt jordbær?

Margrete skal på tur til England, men eg hugsar ikkje kva dag ho skal reise. Når ho kjem heim skal ho og eg på tur til Eid, noko som vi har skulla lenge.

Eg ønsker alle ei god helg. Her er i alle fall skodda borte, men skyer har vi framleis

torsdag, juli 18, 2024

Dagbok 2024:18.juli

 



Desse tre bilda er tatt frå samme stå-stad,dvs på toppen av bakken opp mot Vernet


Klokka er no 19.44, temperaturen ute er + 20 grader , og sola kom endeleg fram idet eg tok kvelden og gjekk inn, etter å ha vore ute det meste av dagen.

No har brannalarm gått også, og denne gongen var det på sin plass. Eg hadde sett ei steikepanne med vatn i på ei plate, fordi eg skulle vaske den. Men så vart det gløymt og vatnet var vekk osv. Det var ikkje så dramatisk for eg var i stova og reagerte med ein gong. Så no står huset på lufting. Elles har det ikkje hendt så mykje, eg har vore ute og jobba i hagen heile dagen. Først på oppsida av huset der eg renska rundt garasjebeddet og klipte plenen der, den som Gudmund brukar å klippe. 

Så begynte eg på nedsida der eg klipte plen i går. Eg klipte utan oppsamlar nede i Skråninga, så i dag tok eg klipparen og samla opp graset som var nesten tørt, og så klipte eg med saks på alle mulige og umulige plassar. Det røyner på ryggen , men det må til. Då eg til slutt sette meg på ein stol og spyla klipparen, kom Eirik og henta Erlend, dei skulle ete middag med Lars.Så fekk eg snakke litt med dei .

Eg laga meg middag og åt,  eg tykte eg fortente det etter ein slik travel dag. 

Eg starta forresten dagen med ein tur på Vernet; eg synest ikkje føtene mine er så gode, men når eg begynner i hagen kjenner eg ingen ting, då er det ryggen som seier i frå, så eg må ha ein stol ,så eg kan sette meg ned innimellom. Det er det hjørnet der kompostbingane står som ikkje er i orden, der må eg ta ein runde til ,minst. 

Eg likar slikt arbeid, og likar å vere ute og eg likar å gjere det litt fint rundt meg, så eg håper det blir mange fine utedagar. No melde dei fint ver i morgon, men det skulle visst vare berre ein dag. Og i morgon er det fredag igjen, synest fredagane kjem ofte. 


onsdag, juli 17, 2024

Dagbok 2024: 17.juli

                                            Dagens utfordring: 43 trinn i bra fart!

Klokka er no 16.24, og det er kanskje litt tidleg å oppsummere dagen, men eg sat no her med maskina framføre meg,så då kan eg like godt skrive.

Det er + 18 grader ute, det er opplett, men sola kjem ikkje gjennom skodda sjølv om ho prøver på det, det er heilt merkeleg med denne skodda i år, ho kjem igjen og igjen og tek frå oss sola.

I dag hadde eg ikkje slik arbeidslyst som eg oftast har. Eg starta med å gå ein tur på Vernet, men eg var trøtt i føtene før eg begynte å gå. Men eg gjekk, sat litt på kvar benk. Då eg kom hem følte eg meg ikkje så gira på noko, men eg tok meg litt mat og så gjekk eg ut for å gjere det eg hadde tenkt i dag. Eg klipte plenen rundt huset, med oppsamlar, så begynte eg på Skråninga utan oppsamlar, og fullførte på ein måte. Meste av tida brukte eg på å rydde borte ved bingane. Der reiv eg opp skvallerkål og anna til den store gullmedalje, eg klipte med saks rundt bærbuskene etc. Eg var lei før eg var ferdig, men kan ta att arbeidet ein annan dag. Eg må kanskje rake skråninga for at det skal sjå skikkeleg ut. Eg jobba ute i ca3 timar-og det held vel for ein pensjonist?

No skal eg sjå om eg finn noko godt som eg kan ha til middag. Det er ikkje kvar dag eg lagar middag - men somme dagar må eg ta meg saman og lage noko skikkeleg.

Desse sommardagane går så fort, og plutseleg er sommaren forbi , eg tenkjer på det kvar gong eg skriv datoen på bloggen. Men heldigvis har eg ferie heile året.



tirsdag, juli 16, 2024

Dagbok 2024: 16.juli

Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 17 grader C. Det er opplett, men skodda ligg langt nedover fjellsidene og det er ikkje noko vi kan gjere med det.

Eg hadde ikkje planlagt noko i dag, men tenkte at kanskje Marit og eg skulle handle litt, og det skulle vi, vi  var ein tur på ALTI, ho skulle på apoteket og eg skulle på Europris for å kjøpe meir vaskemiddel. På veg heim stoppa vi på KIWI, og eg fann litt i dag også som eg måtte ha, enda eg handla i går.

Eg lurte på å gå ein tur på Vernet i dag, men eg var låk i både i ryggen  og føtene så eg var ikkje særleg lysta på å gå.

Men eg fann litt å gjere i hagen, vatna beddet nedanfor garasjen, for der var det faktisk veldig tørt,vatna litt andre stader også, men så fann eg ut at eg kunne plukke solbær. Eg har to busker, den eldste hadde ikkje modne bær, men den eg kjøpte sist stod med ferdige bær, og den buska var så nedgrodd og stygg at den trong at eg stelte litt med henne. Eg sat på ein stol og klipte greiner og plukka bæra. Buska vart heilt fin til slutt, og så henta eg ein god slump med kjøpejord og la på røtene som begynte å stikke opp frå jorda. Dette er slikt arbeid som eg likar.

 Men kva skulle eg gjere med bæra? Fryse dei? eller sylte dei? Eg bestemte meg for å sylte og då måtte eg sjøvsagt reinske dei først men eg tok med sammen og no har eg tre store glas med solbærsylte, som eg truleg for ha for meg sjølv. Det er ikkje så mange som likar den sylta, men det gjer eg. Og det er den dyraste sylta å kjøpe på butikk, trur eg.
 


Til middag i laga eg risgraut så no har eg brukt opp mesteparten av melka som eg hadde, bakte brød i går. Eg likar ikkje å kaste mat, så eg prøver å bruke opp det eg kjøper.
Plenane skulle ha vore klipt , men der er enno så vått i graset, og betre blir det visst ikkje. Eg synest det er deprimerande å sjå på denne skodda, dag ut og dag inn.

mandag, juli 15, 2024

Dagbok 2024: 15.juli

 


Klokka er 17.45, temperaturen ute er +17 grader C. Det har vore skodde i fjella i heile dag også, og no regnar det, kanskje blir skodda borte då?

Eg hadde ikkje så mange planar i dag, men tenkte at eg kanskje skulle ein tur til Vik-

Men så hadde eg så mykje melk ståande at eg tok først og baka 3 brød-for eg hadde ein pakke gjær . Det vart tre gode brød, elles har eg gjort diverse husarbeid. Og så samla eg alle tomflasker og boksar og tok ein tur på butikken. Marit og eg skal ha oss ein tur og handle ein av dagane, men det vart ikkje i dag. 

Det kom ei regnbyge, men då det letta opp att tenkte eg det var greit å gå ein tur på Vernet, men eg var ikkje komen langt før det begynte å regne så smått. Eg hadde ei hette på jakka mi, det var ikkje regnjakke, så eg vart våt til skinnet, men det gjer ingen ting sommars dag som det eigentleg er.

Eg har ikkje gjort noko storarbeid i dag, eg hadde tenkt å plukke solbær,  det går ikkje i dette veret, men eg sikra meg litt jordbær. Dei er ikkje særleg gode i år , har ikkje fått nok sol, trur eg. Får ikkje halde på i hagen slik eg har lyst til -men ikkje i regnver.

No ser det ut til å lysne igjen, men dagen er snart forbi. Alle i familien kan gjerne komme på besøk når dei vil, men sjekk at eg er heime. Ja, eg meinte ikkje alle på ein gong altså. Fortsatt god ferie !



søndag, juli 14, 2024

Dagbok 2024: 14. juli

 


                     Skodda letta litt etter kvart-bildet er tatt i19-tida.


Klokka er no1940, temperaturen ute er+19 grader, skodda som vi har hatt i heile dag har letta litt, men sola har eg ikkje sett i dag.

!4.juli er ein merkedag i familien vår. Mamma vart fødd14.juli1904

Margrete vart døypt på mamma sin 64-årsdag i 1968

og Wenche og Rasmus gifta seg 14.juli i året 2000

Dagen minner meg likevel mest om jordbær. På mamma sin fødselsdag hadde vi alltid(?) masse jordbær og det var alltid sol og sommar. Det er dei gode minna vi skal ta fram ein slik dag.

Eg har ikkje akkurat feira dagen, for sidan eg valde å jobbe urte i går, så var det mykje å rydde opp att inne i dag. Klesvasken er eg så å seie ferdig med, men så var det "huset". Eg sette i gang å vaske og støvsuge, og vart ferdig til klokka var 13.3o, det var eg godt nøgd med. Så åt eg litt og slappa av før eg gjekk opp til Marit og prata med henne ei stund -før eg gjekk ein runde på Vernet. Der hadde eg ikkje vore sidan måndag.

Eg hadde på TV ei stund, men fekk ikkje sett nyheiter, så det har eg til gode. Veit no litt om det som har hendt i USA.

Elles har eg ingen planer om kva eg skal gjere komande veke, men det dukkar vel opp eit kvart. Håper at alle har det bra der dei er.Med alle meiner eg dei som les dette. Det er heilt umuleg at alle i heile verda skulle ha det bra. Slik er det dessverre ikkje.



lørdag, juli 13, 2024

Dagbok 2024: 13.juli



Klokka er no19.54, temperaturen ute er + 19 grader, og skodda sig lenger og lenger nedetter fjellsidene. Men det er opplett og eg høyrer lyden av plenklipparar -så det er vel nokon som vil bli ferdig til helga.Eg klipte plenen i går,men då var graset så vått at mykje gras vart liggande på marka. I dag klipte eg igjen og då fekk eg med alt. Eg klipte berre rundt huset, og ikkje skråninga.

Men det første som skjedde i dag var at Rasmus og familien reiste heim. Dei hadde eigentleg tenkt å vere til i morgon, men så var det så dårlege meldingar om veret, mykje nedbør, og Rasmus likar ikkje å køyre når det vert for mykje vatn på vegen. Eg ville no gjerne hatt dei her lenger, for det vart mykje jobbing, særleg for Rasmus, men han bestemte sjølv. Eg var veldig glad for at han og Einar fekk  tatt den veggen, slik at heile huset er måla.

Eg har jobba i heile dag, og eg likar å jobbe når eg sjølv får bestemme. Eg har ikkje rydda så mykje inne i huset, det kan eg gjere i morgon, men eg har vaska og "tromla" klede i heile dag og held  det gåande enno med handdukar og sengetøy. Det er no ikkje så mykje arbeid for meg. Men eg har altså klipt plen og så har eg reinska opp i blomsterbedda og ymse anna utearbeid. Det er det er likar best.

Eg lurte på om eg måtte vaske føtene i Klorin i kveld eller om eg kan utsette det ei stund til. Det er slikt som høyrer sommaren til-for meg. I dag hadde eg ikkje hanskar på meg når eg rota i molda , så hendene ser ut deretter, dei må kanskje få Klorin dei også

I morgon får eg  vere inne og rydde litt og kanskje gå på Vernet, har ikkje vore der sidan mandag.

Marit har vore på tur i dag, men er ventande heim kvar augneblink. Eg har passa Lollo og gitt henne mat.

Det var veldig kjekt å vere 6, minst, til bords i fleire dagar, det er Rasmus som sjefar når vi er i lag, og bestemmer kva vi skal ha til middag etc. Bra for meg for eg veit ikkje så godt kva dei likar, og det kan no vere bra for meg å ete noko som er litt annleis enn mine vanlege rettar.

Mykje av sommaren er oppbrukt, men vi må no håpe på fleire gode, varme dagar.

Eg ønsker alle ei god helg og mange fine sommardagar.



 




fredag, juli 12, 2024

Dagbok 2024: 12.juli


KLokka er no2137, temperaturen ute er +16 graderC, og sola skin - på andre sida av bygda no. Vi har hatt ein aktiv og god dag. Eg vakna som vanleg tidleg, og det første eg gjorde var å gjere ferdig Sudokuen som eg ikkje vart heilt ferdig med i går kveld/natt.

Etter frokost og diverse anna, kom Einar, presis som vanleg. Det var ein stor dag i dag, for siste hand skulle leggast på huset. Det er to år sidan vi fekk nytt tak+ 1 ny vegg mot aust. Einar mala noko av veggen i fjor sommar, men blei ikkje ferdig. Øystein malte nedste delen av veggen i år, men det øvste partiet var litt problematisk, for då måtte ein høgt opp i stigen, og ikkje alle likar det. Men i dag hadde dei bestemt seg; Einar skulle male, og Rasmus skulle halde stigen. Dei grov ned litt av føtene på stigen, og til mi store lettelse gjekk det bra.


Då var det tid for middag og den vart som vanleg bestemt av Rasmus. Han hadde bestilt 4 store pizza på ALTI. Til dessert hadde vi is med jordbær som eg hadde plukka på føremiddagen, Vi åt opp så å seie alt.

Mens målinga pågjekk hadde Wenche planta dei tre buskene som eg hadde kjøpt på plantasjen. Dei vart planta der som eg kallar Prosjektet. Etterpå klipte eg graset der med saks.For det er ikkje godt å køyre klipparen opp i det som nesten er ein åker. 

Då Einar var reist og vi kadde kvilt ei stund  gjekk eg ut og klipte plenen rundt huset. Graset var litt vått så det vart ikkje heilt fint, men eg tar det att i morgon.

Eg hadde grua meg litt til den målinga, for eg er veldig høgderedd, så no er eg letta og glad for att det er gjort.Stor takk til Einar og Rasmus!




 

torsdag, juli 11, 2024

Dagbok 2024: 11.juli

 


                                           Vebjørn og Eivind

Klokka er no 22.40, temperaturen ute er + 15 graderC, det er opplett men skodda har lagt langt ned etter fjellsidene i heile dag.

I dag har det ikkje hendt så mykje, vi har ikkje hatt besøk i dag .Men vi er no ein flokk på 6, så eg er ikkje åleine. Rasmus-familien var ein tur til Vik på føremiddagen.  Eg har rydda litt og gjort vanleg husarbeid, men har i grunnen vore veldig lat. I dag hadde eg maskin til oppvasken, og då måtte eg no lære meg korleis den virka, for den er annleis enn den eg hadde før. 

Rasmus handlar, og han laga middagen, mens eg hjelpte til. Det er han som er sjefen i huset no-så lenge dei er her, og for meg er det berre bra, for det er han som veit best kva gutane likar, t.d. Og eg slepp å finne på kva vi skal ha til middag. Andre "måltid" lagar dei seg sjølve akkurat som dei gjer heime. 

Vi har ein tendens til å sitte lenge oppe om kvelden, og ikkje alle står opp så tidleg om morgonen. Om kveldane blir det oftast " Kviss" (Quiz)  der dei unge veit mykje meir enn eg. MIn kunnskap er forelda, det forstår eg.

I morgon kan det vere at Einar kjem innover, det var i alle fall det som vart bestemt i går, for då fekk ikkje Einar vere med, på grunn av at han var på jobb i Ålesund.

Alt står bra til her, med unntak av at veret er litt trasig, eg har ikkje gått på Vernet på fleire dagar, og ikkje fått vore ute i hagen. Jordbæra mine har det heller ikkje så godt i dette veret; men graset og ugraset likar seg og veks enormt, så no blir det snart å klippe plen igjen.



onsdag, juli 10, 2024

Dagbok 2024:10.juli


Klokka er no 20.22 . Temperaturen ute er   graderC det har vore opplett i dag, en ikkje mykje sol.
Det har vore ein travel og kjekk dag i dag,for vi hadde invitert alle onklar tanter og søsken barn som er her i nærleiken til mat og kaffi. Menyen var enkel, eg laga ei stor panne med   og rasmus og Wnche hadde handla inn is og brus. Eg tok også ein liten tur på butikken for å kjøpe litt av kvart.
Det vart ein vellykka og kjekk dag, både for små og store. hunden til Margrete, Dennis, fekk også vere med. Vi var12 i alt, og eg trur alle kosa seg, det gjorde i alle fall eg, med så mange barnebarn rundt meg.Solveig kom mekake og bollar så det var no litt spleis slik det ofte blir i familien vår.
Rasmus og Wenche var på EL-kjøp før middag og kjøpte ny oppvaskmaskin til meg. Ja eg betalte den sjølv , men når Rasmus koblar maskina til, slepp eg 
utgifter til montering. Wenche er så flink ho også med slikt "mannfolkarbeid" så dei jobbar godt ilag. Eg er så glad og takknemleg for at eg har så kjekke og flinke
etterkomerar.
Kjøkkenet mitt ser bomba ut, men det skal det bli ei råd med. 

 

Dagbok 2024: 9.juli

 Klokka er no23.43,det har vore rimeleg bra ver ute i dag, men eg har vore inne heile dagen. No er det +10 grader og det ser fint ut.

Det har vore litt styr i dag, for oppvaskmaskina har ikkje vore heilt i form, og vi har vurdert om vi skal kjøpe ei ny-eller vente. Resultatet vi kom fram til, var at eg skulle kjøpe ei ny maskin no når Rasmus er her og kan hente maskina og koble den opp. Han gjer det gratis, det gjer ikkje dei som sel maskina, og no var det dessutan tilbod på Bosch på EL-kjøp  

I dag har vi vekselvis vaska opp for hand og i maskin. Eg synest å hugse at eg måtte betale ganske mykje for å få sett inn oppvaskmaskin i kjellerleilegheita. Men eg hugsar dårleg, så eg kan ikkje seie prisen.

Wenche og Rasmus var på butikkar i dag og kjøpe det vi trong, for i morgon kjem det besøk frå Hareid og frå Straumshamn. Det blir no veldig kjekt, spesielt for Ingar, sidan Margrete har med seg hund. Rasmus har bestemt menyen.

I dag var Einar her og malte litt på huset. Han har liksom tatt litt ansvar for det, og så kan han ikkje komme i morgon for då er han på jobb.

Ja, det skjer litt meir no år vi er mange i huset enn når eg er her åleine, og i dag har eg rett og slett ikkje hatt tid til å gå tur på Vernet. Men det er no ikkje så farleg, det kjem andre dager.

Eg har heller ikkje tatt bilde,

tirsdag, juli 09, 2024

Dagbok 2024 8.juli

Eg gjekk heimanfrå i solskin, men det kom regn etterpå.

 Det er seint og snart har alle funne senga si, men eg har litt igjen på sudokuen min.Rasmus og Wenche og gutane kom i dag på sein ettermiddag. Eg hadde gjort eit lite dagsverk med å førebu senger og mat. Men eg hadde også gått ein tur på Vernet.

Etter at vi hadde ete og sett på oppvaskmaskina fekk Rasmus jobben med å "reparere" oppvaskmaskina, og kom i land på eit vis. Men han har planar for morgondagen. Han finn sikkert andre ting å reparere også.

Vi har prata mykje i kveld, Rasmus var her no i mai månad også-  Kva vi skal reparere i morgon veit eg ikkje.. 


søndag, juli 07, 2024

Dagbok 2024: 7.juli


 


Klokka er no 15.20 , søndag ettermiddag. Skodda ligg nedetter fjellsidene som så ofte i det siste. Det er mykje skodde her, og er trur det kjem av at her nesten aldri er vind; hugsar somrane før; her kunne ligge skodde til langt på dag,men køyrde vi til Eid , skein sola der. Temperaturen ute er +15 grader C.

I dag går eg her og veit ikkje skikkeleg kva eg skal ta meg til. Rasmus og familen kjem i morgon kveld, så eg har no litt å førebu, men ikkje all verda. Eg har gått ein tur på Vernet i dag og der trefte eg nokon som eg kjenner og som eg prata med. 
No har eg hatt meg litt mat og så trur eg at eg vil ut og sjå om der er jordbær, men eg gløymde å kjøpe fløte i går. Viss eg vil kan eg rydde litt i hagen. Det vart litt nedbør og då veks ugraset  fort. Er eg komen rundt med rensing er det berre å begynne på igjen. 
Margrete og Co er i Sula enno, trur eg, Erlend var der med bandet Crashville og spelte til dans i går kveld. Amanda og kjæresten, Martin, har vore der denne veka. Eg veit ikkje om Erlend kjem heim med bandet eller med Margrete. Solveig og Øystein er vel også på heimveg. Så då blir dert vel litt meir liv og røre her også etter kvart. 
Gutane til Rasmus ser eg som regel berre ein gong i året og no er dei nesten vaksne. Så lenge Nils var frisk brukte vi å reise til Kongsberg minst ein gong i året, men slik er det ikkje no. Men Rasmus har vore her to gonger åleine sidan i fjor sommar. Og det har eg sett pris på. No ser eg fram til å få sjå heile familien igjen i morgon.

Dagbok 2024: 28.oktober

Klokka er no  18.48 , temperaturen ute er berre 2-3 +grader og kvelden kom tidleg i dag.Det positive er at vi slepp regnet. I dag fekk eg gå...