Klokka er no 20.22 . Temperaturen ute er graderC det har vore opplett i dag, en ikkje mykje sol.
Det har vore ein travel og kjekk dag i dag,for vi hadde invitert alle onklar tanter og søsken barn som er her i nærleiken til mat og kaffi. Menyen var enkel, eg laga ei stor panne med og rasmus og Wnche hadde handla inn is og brus. Eg tok også ein liten tur på butikken for å kjøpe litt av kvart.
Det vart ein vellykka og kjekk dag, både for små og store. hunden til Margrete, Dennis, fekk også vere med. Vi var12 i alt, og eg trur alle kosa seg, det gjorde i alle fall eg, med så mange barnebarn rundt meg.Solveig kom mekake og bollar så det var no litt spleis slik det ofte blir i familien vår.
Rasmus og Wenche var på EL-kjøp før middag og kjøpte ny oppvaskmaskin til meg. Ja eg betalte den sjølv , men når Rasmus koblar maskina til, slepp eg
utgifter til montering. Wenche er så flink ho også med slikt "mannfolkarbeid" så dei jobbar godt ilag. Eg er så glad og takknemleg for at eg har så kjekke og flinke
etterkomerar.
Kjøkkenet mitt ser bomba ut, men det skal det bli ei råd med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar