torsdag, juli 31, 2025

Dagbok 2025: 31. juli

 

Klokka er no 18 50, temperaturen ute er + 20 grader og det er skodde langt ned etter fjellsidene.  Det har regna litt i dag også. Men no er dei nye vindua på plass og i morgon får eg kanskje henge opp gardiner inne.

I dag har eg ikkje hatt så veldig arbeidslyst, men litt fekk eg no gjort ute. Plukka rips  og fekk vekk diverse gras med kantklipparen, så lenge eg hadde sen. Og ikkje så mykje meir. Eg får ikkje så mykje arbeidslyst når skodda ligg tjukk, og sola ikkje er å sjå.

No, på sein ettermiddag har eg vore ein tur opp til Marit, for eg hadde gløymt paraplyen min der i går.

Det var ikkje så mykje å koste i kveld, men eg får vel litt av ein jobb med å få alt på plass igjen-men det er no berre kjekt.

Før hadde vi mange ripsbusker, men no er det berre ei att, og eg treng ikkje meir heller.


onsdag, juli 30, 2025

Dagbok 2025:30.juli

 

                                               Ikkje så mykje å koste i dag

Klokka er no 18.55, temperaturen ute er +22 grader C; det kom ei regnbyge på ettermiddagen, elles har det vore opplett, men ikkje sol. 

Eg var som vanleg tidleg oppe ,men ikkje FOR tidleg i dag. Etter mogonstell , frokost etc. tok eg ein runde på butikken. Eg berre måtte ha Vaniljesaus, for eg hadde halvegs lova snikkaren at han skulle få rips med vaniljesaus i dag, for eg veit at han likar det. Det er tredje gongen han er her og flikkar på huset vårt, og alle gongane har det vore i "ripstida."

Då eg kom heim att plukka eg rikeleg med rips som eg renska og vaska-klar til bruk. 

Elles klipte eg plenen ved postkassane og nede i hagen, der "prosjekta" mine held til og til slutt tok eg plenen nedafor huset, meir vart det ikkje i dag.

Etter at eg hadde ete lunsj tenkte eg å plukke meir rips, men då eg var klar til å gå ut , kom regnet, så eg gjekk opp til Marit i staden. Der vart vi sittande å prate lenge, som vanleg; eg hadde med meg ein lest som eg strikka litt på innimellom.

Snikkaren var vekk lenge før eg kom heim så det var berre å begynne å koste. Det var ikkje så mykje rusk i dag så det gjekk greit. Men eg gleder meg til eg får gjere skikkeleg reint og få alt på plass. Det blir eit styr med å henge opp att gardinene, men eg har i alle fall vaska dei-og det treng ikkje så mykje stryking. Det er no godt å få gjort dette arbeidet når det er såpass bra ver  Det året vi fekk nytt tak, regna det nesten heile tida. Eg ser på PCen at vi skal få "regnfulle dager" framover - så då får eg vel ikkje plukka bæra mine.






tirsdag, juli 29, 2025

Dagbok 2025:29.juli


Klokka er no 17.06,temåeraturen ute er + 21 grader C, det er skya og litt vind.

Eg har hatt enda ein dag med arbeid i heimen, idag har vi fått inn nytt vindu på datarommet, men som de ser er det ikkje heilt ferdig montert. Gardibnene er tatt ned og skal på vask dei også, Soveromsgardinene ligg enno i tørketrommelen. . Det å skifte to vindu vart meir enn eg var klar over. Men det går bra. Sist natt låg eg på datarommet og det kjem eg til å gjere neste natt også. Det går heilt fint og eg sov godt.

Eg har ikkje vore verken på butikk eller noko anna i dag, berre ein tur opp til Marit. Elles har eg jobba ein del i hagen. Det går ein del tid til å rydde opp i huset både før snikkaren kjem og etter at han har fare.-men det er ein overgang. Eg ser fram til at alt skal bli ferdig. I går kveld vart eg litt frostig då eg sette meg i ro ved TV-en. Men då hadde eg små fine treklossar etc. å fyre med. det har eg i kkveld også- På ettermiddagen i dag tok eg meg på tak og rydda beddet ved Urke-garasjen og så rydda eg attmed kjellermuren . Erlend har lova å sette sen i kantklipparen slik at eg kan bruke den i morgon. Det er også tid for bærplukking  i hagen, så eg blir ikkje arbeidslaus.

Golvteppet som eg brukar å ha her-ligg på stovegolvet inntil vidare,


mandag, juli 28, 2025

Dagbok 2025: 28.juli


 Klokka er no17.30,temperaturen ute er + 15 grader og det er overskya, men opplett. for meg har det vore ein heilt spesiell dag, og det blir vel ein liknande dag i morgon.

Saka er at eg skal få slkifta til nye vindu på soverommet og datarommet mitt. På soverommet har ruta vore øydelagd lenge.mange år. Han som har flikka på huset mitt før ville gjere denne jobben også, og det var eg glad for. Han hadde bestilt vindua og dei har stått ute på tunet ei stund. I dag skulle han komme klokka 8, så eg var grytidleg oppe, noko som eg er rett som det er, men han kom ikkje før klokka 9. Det var no heilt OK. Han jobbar åleine og det går bra  men eg fekk hjelpe til litt med å få inn rutene. Eglles har eg kosta og rydda litt innimellom.

Han har fått på plass den eine ruta i dag, den på soverommet, så i morgon blir det datarommet og der er det litt krøbelt, men harn er no vand med litt av kvart.På bildet over ser vi soverommet etter at eg har kosta og støvsuga.


Fjølene under vindua blei skrota, så der må det nye fjøler til, slik eg har forstått det.
                 Her er soveromsvinduet på plass, så skal det komme nye fjøler                                                                  nedanfor.

                    Denne ruta skal på datarommet i morgon-håper eg.

Eg har no ikkje berre gått her og kosta i dag; eg var først ein tur på butikken  og litt seinare køyrde eg på VØR med hageavfall. Eg tek de turen når eg har 6 sekker-og det hadde eg i dag.

Marit kom ned og prata ei stund.  Eg har også sett TV og strikka litt. Men høgre tommeltotten er ikkje heilt god, så eg får ikkje strikke så mykje eg vil.

Komande natt skal eg ligge på datarommet, det er heilt greit, men det blir eit styr i morgon når den nye ruta skal inn, for her er trongt. Vi får sjå korleis det går Det hadde kanskje vore betre om eg var stor og sterk og kunne hjelpe til litt-.Men eg kan i alle fall stå tidleg opp og begynne å ordne opp på rommet.Eg er eit geni når det gjeld å stå tidleg opp.




søndag, juli 27, 2025

Dagbok 2025: 27.juli


  
Klokka er no 17.25,temperaturen ute er + 23 grader C, og det er sol og litt vind og skyer på himmelen. Heilt OK ver, og ikkje for varmt i alle fall.. Eg var tidleg oppe i dag ifjen, tenkte på at her skal komme ein mann i morgon og sette inn vindu til meg, han kjem klokka 8, så eg tenkte det var best å øve seg på å stå tidleg opp. Noko eg aldri har problem med.
Eg hadde ikkje planlagt dagen så dermed vart det ikkje så mykje eg fann på.Eg såg meg rundt i hagen etc, etter arbeid, så det vart til at eg rydda i rosebeddet oppe ved garasjen.
Etter at eg hadde ete litt lunsj, la eg meg ut på solsenga, men då skya det over, så eg gjekk inn att. No har eg sete ei stund oppe hos Marit som er åleine heime. Vi har no alltid noko å prate om. Kort sagt, så har heile dagen gått opp i berre tull, men no skin sola så fint ute at det er fristande å gå ein tur; dessverre er ikkje venstre foten i form til det, så det blir berre å gå og rusle rundt huset.I morgon er det heldigvis mandag og arbeidsdag, så då kan eg køyre på Vør, kanskje.
Og så kan det hende eg må hjelpe til å få vindua på plass ? Dvs. rydde og flytte på ting etc. Kven veit.
Her står det to vindu godt innpakka.


 

lørdag, juli 26, 2025

Dagbok 2025:26.juli

Klokka er no 16.48, temperaturen ute er + 16 grader og det er stort sett overskya men opplett. Tidlegare hadde vi sol innimellom.

I dag hadde eg tenkt å få gjort ein jobb, så eg sette i gang relativt tidleg. Saka var at heile vaskekjellaren vart "vannskada" i går. Det vil seie der hadde blitt masse vatn på golvet, men det meste forsvann i går. Men då det var gjort, ville eg ta ein liten Vask på rommetnår det likevel var vått . Derfor tok eg ut teppa som var våte og la dei i meir vatn eller spylte dei. På boildet over kan de sjå korleis eg vaskar plastteppe, Eg heng dei opp og spylar med slangen, på begge sider. Det vart ein del jobb , men eg er glad for at eg fekk gjort det, for der var eit visst behov. No er alle tinga på plass igjen og eg har hatt ei kvilestund. 

Eg tenkte eg skulle plukke bær i dag, men bæra var ikkje så modne som eg trudde. Derfor vart det til at eg berre rydda litt i hagen i staden.


Mandag kjem han som skal sette inn dei nye vindua mine, og eg veit at harn er glad i rips med vaniljesaus så då kjem han til rett tid. Eg må komme meg på VØR snart for no har eg mange hageboss-sekker.

Marit er heime åleine i dag, så eg skal ta ein tur opp til henne, trur eg. Eg har hatt meg ein lang pause etter det relativt tunge arbeidet før idag. I dag er det laurdag, så eg får ønske God helg! Det vart visst gløymt i går.

 

fredag, juli 25, 2025

Dagbok 2025: 25.juli


 Klokka er no19.22, temperaturen ute er + 21 grader C, det er skya, men ikkje regn. Eigentleg er det veldig fint å vere ute akkurat no. Men eg er inne altså.

I dag hadde eg ikkje noko som eg måtte gjere ute, trong ikkje vatne t.d. så eg gjorde ein liten innsats inne i hus, eg støvsuga teppegolva til dømes og rydda opp litt her og der. Etterpå tok eg ein tur på butikken for å skaffe meg litt meir mat.- Eg kom brått på at eg hadde spekesild liggande heime, så då blei det å kjøpe ny-poteter og diverse anna.

Då eg gjekk ut frå butikken tenkte eg på kor heldig eg er. Eg er 85 år, men kan gå på mine eigne bein og køyre min eigen bil, og eg har pengar til å kjøpe den maten eg vil ha. Eg har nettopp sett nyheiter frå Gaza, så eg veit litt om korleis folk der nede ,og andre stader i verda, kan ha det. Det vil seie-eg veit vel ikkje så mykje, men ser at folk lid.

Mens potetene kokte i dag halte eg i lang sudokuen i fredagsavisa. Den brukar å vere vanskelig, men i dag fann eg på noko lurt, så eg kom i land.

Litt seinare hadde eg eit ærend i kjellaren, og der fekk eg eit lite sjokk.Ho som hadde vatna gras og blomster med slangen i går, hadde skrudd av vatnet ute på muren, men ikkje i vaskekjellaren der vatnet kjem frå. Eg har eit litte plastfat som kan samle opp små mengder vatn, men når vatnet renn over fatet og renn ca 1 døgn eller vel det- Då blir det vått på golvet. Dei to lange golvteppa som låg der hadde no samla opp noko av væta , så dei fekk eg fjerna. Eg har ein stor mopp som eg for over med, meir kan eg ikkje gjere, men det er sementgolv der, så eg trur det kjem til å tørke opp bra til i morgon. Då får eg ein liten jobb med å få der i orden igjen. Det var så mykje som skjedde i går-på ein gong nesten,så det var kanskje ikkje så rart at eg gløymde stoppe vatnet. 

I dag har det vore ein roleg dag, eg sat og strikka litt men s eg såg TV, men eg sovna nesten framfor tV-en, berre eg ikkje sovnar med kaffikoppen i handa-det har hendt det også. Apropos søvn;  i dag sov eg til klokka 9, utan sovetablettar, og det synest eg er bra.

Det er ikkje blitt heilt grønt igjen i hagen, men no har vi i alle fall hatt regn.

Sola er der bak skyene-og det har ikkje kome gras der plommetreet stod.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...