søndag, juli 06, 2025

Dagbok 2025: 6.juli


 Klokka er no 18.16, temperaturen ute er +17 grader C og det er sol. Det har vore ein fin dag, litt skodde om morgonen som forsvann fort.

Eg hadde ingen planer for dagen,men fann litt å styre med ute, eit ugras her og der etc.

Så fekk eg melding frå Ingeborg og Eirik om at dei ville komme på besøk. Då angra eg på at eg ikkje hadde tatt ein liten helgehandel i går. Men eg fekk no laga litt vaflar og så har eg som regel is i frysaren. Dei kom i alle fall og vi hadde ei god pratestund før dei sette kursen mot Mosmarka der dei skulle lage seg middag. Eg har forstått det slik at dei passar hundane til Lars mens han er vekke og at dei bur der.

Då gjestane for herfrå, tok eg ein tur på Vernet. Det er lenge sidan eg har gått heile runden , men det gjekk heilt fint i dag, eg sat på alle benkane for å drøye turen. Møtte eit par eg kjenner også, men der er nok meir folk tidlegare på dagen.

Eg har ikkje hatt på TV-en i dag, så mykje kan ha hendt utan at eg veit det, men no får eg snart høyre dagsnytt i alle fall.

Marit har vore ute i øyane i dag, på biltur  med Kjartan, så eg har passa Lollo,men eg har ikkje sett så mykje til henne.


                                             Vegen mot vest.

lørdag, juli 05, 2025

Dagbok 2025: 5.juli

 

Plenen ovafor garasjen plar naboen klippe, men han er i Syden.Plenen var full av kvitkløver før eg klipte.


Klokka er no 21.23, temperaturen ute er +12-14 grader C, det har vore opplett i dag ,  ikkje så mykje sol, men greit å vere ute. Eg var ikkje tidleg oppe i dag, og det gjekk ei stund før eg kom i gang med hagearbeidet. I dag fekk eg klipt alt som ikkje var klipt før, heile skråninga er no klipt og i tillegg plenane opp mot gata. Eg fekk litt vondt i foten , men det gjekk over. Eg har ikkje gått tur, men sove middag eit par gonger. Eg har vore her åleine heile dagen,for Marit reiste på tur til Kjartan. Men Lollo kjem ned til meg så snart Marit er vekk.

Eg har ikkje så mykje å berette i dag, eg har ikkje vore ute av tomta, lurte på å gå ein tur på Vernet, men eg sparte litt på foten.Elles har eg ete ,sove og sett TV mens eg strikkar -som vanleg. Eg har blitt flinkare med TV-en no, så eg klarer å finne det eg skal sjå og få norsk tekst på alt.

Det er ein rar sommar vi har, ikkje særleg mykje sol og varme, men enda kan det no komme fine dagar. Solveig og Margrete var i lag i Stockholm sist eg høyrde frå dei, men dei blir vel ikkje så lenge der. Eg skal sjå om eg får lagt ut bilde                frå "Godset" mitt, det var litt plunder med det i dag.


Så er heile hagen klipt men der er ikkje så fint, for graset er gult ved rota etc.

Det er mange som meiner at eg ikkje skal klippe graset mitt sjølv, men leige til det. Dei forstår ikkje at eg synest det er kjekt å gjere det sjølv Det er ingen som tvingar meg til det.

fredag, juli 04, 2025

Dagbok 2025: 4. juli

 

Klokka er no18.13,temperaturen ute er ca 14 graderC og det regnar meir og mindre.

Sidan det er fredag har eg tatt fredagsvasken i dag, etterpå var eg opp til Marit ein tur, for ho skal på tur i morgon, så då blir eg her åleine.

Tidleg i sommar begynte eg på eit prosjekt i hagen. Eg skulle rense opp og så i der som den store klungerbuska hadde stått-Rasmus og eg tok den ned sist haust.

Men alt har kome i vegen for jobben, eg har vore låk i ryggen, veret har ikkje vore så bra og så er det mykje anna som skal gjerast i ein hage. Men i går sette eg i gang, eg fekk gjort ein del før regnet kom, men vart ikkje ferdig.

I dag var eg bestemt på å bli ferdig uansett regn etc. Men-eg hadde ikkje SPADE.Eg meinte eg hadde sett her ein spade, men no var den ikkje å finne. Eg fekk høyre på CLAS OLson,  dei hadde ikkje spade men anbefalte Jernia1 Såpass skulle eg tenkt sjølv- PÅ Jernia trefte eg ein gammal nabo som jobbar der enno. Han og eg er like gamle, men han vil ikkje slutte å jobbe og sitte oppe på Vallabøen og sjå ut glaset, sa han. Det er ikkje det eg gjer, parerte eg. Altså fekk eg meg ein fin , ny raud spade. Fekk og fekk, eg betalte no mange 100 kroner for den.

Sjølv om det regna litt fekk eg grave opp heile "Prosjektet" og så sådde eg i grasfrø med blomster. Ein pakke som eg har hatt liggande heile sommaren. Då eg var ferdig med jobben gjekk eg opp på tunet, Der låg det eit par moldsekker, og for å halde molda tørr hadde eg lagt ein spade oppå plasten. DER var altså den gamle spaden-så no har eg to-. Eg må no ha sett den gamle spaden mange gonger for dag.


                                                          Det blomstrar i regnet

No blir det vel å strikke og sjå TV resten av dagen/kvelden. Hadde det vore betre ver kunne eg gått på Vernet. Ønsker alle ei god helg anten dei er heime eller på tur.

torsdag, juli 03, 2025

Dagbok 2025: 3.juli

                                      Levering av hageavfall på VØR i dag.

Klokka er no17.15, temperaturen  ute er + 14 grader, det var litt fint først på dagen, men så kom regnet.

I dag hadde eg budd meg på å fare på VØR med hageavfall, hadde 6 svarte sekker med avfall. Mykje av det var gras. Som vanleg var der andre ute i same ærend, så det mangla ikkje på tilgang.

På heimvegen svippa eg bortom gravplassen for å ta eit bilde av blomsten eg hadde kjøpt,og for å sjå om den treivst.

Det såg rimeleg bra ut, men sjølve gravplassenen er ikkje så fint stelt.

Då eg kom heim att styrte eg litt på kjøkkenet, laga tidleg middag etc. I går hadde eg sein middag og åt spekesild, det var ikkje lurt, for det vart mykje drikking utover kvelden. Så i dag vart det tidleg middag, og det vart fisk. eg prøver å bruke det eg har i hus no ei stund, slik at eg får tømt lageret før det kjem besøk og eg kjøper inn på nytt. Rasmus og familien kom heim frå ferien i går kveld/natt, og dei skal vere heime i to veker før dei kjem hit. Eg ser fram til at dei skal kome.

Etter at eg hadde ete middag gjekk eg ut for å jobbe i hagen. Eg har eit prosjekt som eg aldri får gjort ferdig-og ikkje i dag heller, for det begynte å regne såpass mykje at eg måtte gi meg på det. Dessutan manglar eg ein skikkeleg spade, eg trudde eg hadde ein, men finn den ikkje, så eg får vel kjøpe ein.

Erlend var på Vinstra og spelte i går, eg veit ikkje om han er komen heim, eg har ikkje sett han i alle fall. Men no har eg lært meg å få tekst på TV-en sjølv, så no treng eg ikkje hjelp til det.

I går reiste Rasmus og familien med fly frå Mauritius til Paris , der dei skifta fly. Turen tok ca 11 timar, men noko som var kjekt, var at eg kunne "prate" med Rasmus på telefon og datamaskin mens dei var i lufta. Så fekk eg vite at dei hadde det bra.

Margrete og Svein er vel framleis i Stockholm, kvar Solveig er på fødselsdagen sin, veit eg ikkje enno. Men dei har det sikkert bra.I morgon er det fredag igjen, vekene går fort.

 

onsdag, juli 02, 2025

Dagbok 2025: 2.juli

Det vart no bra her, til slutt

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er+17 grader C,  vi har hatt ein dag med sol og varme, men no ser det ut til at det skyer over igjen. Det er visstnok meldt regn i morgon.
I dag hadde eg tenkt å jobbe litt i hagen. Eg vart ikkje låk  etter turen på Vernet i går, så eg var gira på å få gjort noko. Det er ein plass i hagen som har tendens til å bli litt ustelt, for å seie det pent. Men i dag skulle der bli rydda. For no hadde eg kantklippar å hjelpe meg med, til dømes. Den hadde eg ikkje brukt lenge før det var stans, sena var oppbrukt og Erlend var ikkje å sjå. 
Så fekk eg gjere noko anna, så eg klipte plenen rundt huset, der var nesten ikkje gras, berre mose-
Men så klipte eg graset nede der eg først begynte, og der jobba eg resten av dagen. Innimellom bar eg sekker opp til bilen, for i morgon må eg på VØR. Eg hadde også ein god pause, der eg "sat på benken" med Marit.
Eg var sliten då eg tok kvelden og gjekk inn. Eg la meg ned på dagsenga mi ei lita stund, og tenkte på kor heldig eg er. Eg er 85 år og kan gjere eit skikkeleg dagsverk i hagen, ikkje alle kan det, og så har eg ei god seng å kvile på-. 
No er eg spent på om Rasmus-familien er heime igjen, og kva tid dei kjem hit. Solveig er i Sverige, ho har bursdag i morgon. Det har vore ein liten tradisjon at ho er i Sverige på bursdagen sin. Det var ho også den tida vi reiste heile familien i lag.I morgon fyller ho 62 år. Det eg hugsar best frå den dagen ho vart fødd var at oversøster på sjukehuset på Eid, kom inn få hagen med ei rose til meg og sa:"Her kommer jeg meg sommerens første rose." 

 

tirsdag, juli 01, 2025

Dagbok 2025: 1.juli

Her er det eg likar å sitte når det går mot kveld

 Klokka er no 17.46, temperaturen ute er +19 grader, og vi fekk eit streif av sol no når det går mot kveld. Det er heilt typisk for veret denne sommaren.

Eg er ikkje heilt i storform for tida, det er ikkje noko som er gale anna enn at eg søv for lite-vaknar for tidleg og står opp. det er ein bagatell.

Eg har vore låk i venstre hofta,og kneet ei stund, og eg hadde ikkje mykje håp om å bli bra, men det blir eg visst. I dag var eg så bra at eg tok sjansen på å gå ein tur på Vernet. Eg gjekk ikkje opptrappa i dag,men gjekk på vegen nedanfor sjølve Vernet. Eg trur kanskje det vart litt mykje for foten, men den er no relativt bra no også.

Det første eg gjorde i dag var å køyre på butikken og handle inn til kakebakst. I dag laga eg ei gulrotkake, men hadde ikkje glasuren på, det gjer eg når vi skal ete den. Elles så strikkar eg litt og ser TV. 

Erlend kom opp og hjelpte meg i går, så eg fekk tekst som eg kan lese -det er ikkje alt eg forstår når folk snakkar. Men no har eg rota det til igjen, så no lyt eg sjå å finne at guten . Eg veit ikkje alltid kvar han er. 

Så ser eg på Facebook sidene våre, der det er bilde frå Mauritius, der Rasmus-familien er, dei reiser forresten heim i morgon , med fly tek det 11 timar til Paris og 2 timar frå Paris og heim.

Solveig og Øystein er i Sverige, og der er vel Margrete og Svein også. Eg hugsar den tida då Nils og eg for og køyrde over heile Norge og heile Sverige. Vi hadde det kjekt. Alt i alt var vi på 3 "sydenturar" også. Det var no også kjekt. No er eg vel fornøgd med å feriere heime, berre vi no får litt meir sol og varme. Men det treng ikkje å bli FOR varmt-

Bildet var litt dårlig, men det er lupinar i blått og rosa, og ei blomstrar enno. Eg lurte på om Geitramsen blomstra no, men det gjorde den ikkje. Eg trur den har gjort seg  ferdig i den tida eg har vore vekke.

                                                 Her svingar det


mandag, juni 30, 2025

I dag fekk er klipt både med saks og klippar nedst i hagen der vi planta 3 små busker i fjor.Viss ein ser godt etter så er der 4busker, for naboen plata ei liknande på grensa mellom oss.

 Klokka er no 18.58, temperaturen ute er +15 graderC og det regnar så smått, som vanleg. Eg  høyrer og ser på TV om rekordvarme både her og der, og då synest eg i grunnen det er greit med litt vestlandsver, sjølv om eg er grad i sol.

Eg var oppe tidleg som vanleg, og i dag hadde eg planlagt litt så då vart det noko gjort. Eg hadde bestemt at eg skulle vaske og rydde på det rommet som går under namnet"Roserommet" og "Roterommet"-eit rom som er veldig godt å ha, der eg kan ha diverse som eg får bruk for no og då, så eg slepp å fare på loft og kjellar så ofte.Det var ikkje så mykje eg gjorde, men der vart i alle fall betre. Nokre ting ville eg ha opp på loftet, så det hjelpte Erlend meg med. På loftet går eg ikkje sjølv no lenger.

Eg hadde lova Marit å køyre henne ned til Vik i dag, men det vart ikkje noko av, for bilen ville ikkje starte. Det er rett som det er at batteriet er flatt fordi eg sjelden og aldri køyrer lange turar. Og han som brukar å ordne opp, han er i Syden. Heldigvis har eg fleire kjekke naboar som hjelper ein stakkar i nøden. Han som ordna ut i dag hadde alt utstyr klart, så no har bilen stått på ladding i heile dag. Dermed blei det ikkje til at eg handla og baka , men no har eg ferie så det kan eg gjere i morrgon -kanskje.

Eg fekk Erlend til å hjelpe meg med å få tekst på TV-en min igjen, så no får eg håpe eg ikkje rotar det til  på ei stund. Eg høyrer ikkje så godt, så eg likar å ha lesbar tekst på alle program. 

Når ein bur åleine er det godt å ha gode hjelparar rundt seg. Og takk og pris det har eg.

Margrete og svein reiste på ferietur i dag, dei skulle køre til Oslo og ta toget til Stockholm. Håper dei får det fint-og ikkje for varmt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...