Klokka er no 17.46, temperaturen ute er +19 grader, og vi fekk eit streif av sol no når det går mot kveld. Det er heilt typisk for veret denne sommaren.
Eg er ikkje heilt i storform for tida, det er ikkje noko som er gale anna enn at eg søv for lite-vaknar for tidleg og står opp. det er ein bagatell.
Eg har vore låk i venstre hofta,og kneet ei stund, og eg hadde ikkje mykje håp om å bli bra, men det blir eg visst. I dag var eg så bra at eg tok sjansen på å gå ein tur på Vernet. Eg gjekk ikkje opptrappa i dag,men gjekk på vegen nedanfor sjølve Vernet. Eg trur kanskje det vart litt mykje for foten, men den er no relativt bra no også.
Det første eg gjorde i dag var å køyre på butikken og handle inn til kakebakst. I dag laga eg ei gulrotkake, men hadde ikkje glasuren på, det gjer eg når vi skal ete den. Elles så strikkar eg litt og ser TV.
Erlend kom opp og hjelpte meg i går, så eg fekk tekst som eg kan lese -det er ikkje alt eg forstår når folk snakkar. Men no har eg rota det til igjen, så no lyt eg sjå å finne at guten . Eg veit ikkje alltid kvar han er.
Så ser eg på Facebook sidene våre, der det er bilde frå Mauritius, der Rasmus-familien er, dei reiser forresten heim i morgon , med fly tek det 11 timar til Paris og 2 timar frå Paris og heim.
Solveig og Øystein er i Sverige, og der er vel Margrete og Svein også. Eg hugsar den tida då Nils og eg for og køyrde over heile Norge og heile Sverige. Vi hadde det kjekt. Alt i alt var vi på 3 "sydenturar" også. Det var no også kjekt. No er eg vel fornøgd med å feriere heime, berre vi no får litt meir sol og varme. Men det treng ikkje å bli FOR varmt-
Bildet var litt dårlig, men det er lupinar i blått og rosa, og ei blomstrar enno. Eg lurte på om Geitramsen blomstra no, men det gjorde den ikkje. Eg trur den har gjort seg ferdig i den tida eg har vore vekke.Her svingar det



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar