Det vart no bra her, til slutt
Klokka er no 17.40, temperaturen ute er+17 grader C, vi har hatt ein dag med sol og varme, men no ser det ut til at det skyer over igjen. Det er visstnok meldt regn i morgon.
I dag hadde eg tenkt å jobbe litt i hagen. Eg vart ikkje låk etter turen på Vernet i går, så eg var gira på å få gjort noko. Det er ein plass i hagen som har tendens til å bli litt ustelt, for å seie det pent. Men i dag skulle der bli rydda. For no hadde eg kantklippar å hjelpe meg med, til dømes. Den hadde eg ikkje brukt lenge før det var stans, sena var oppbrukt og Erlend var ikkje å sjå.
Så fekk eg gjere noko anna, så eg klipte plenen rundt huset, der var nesten ikkje gras, berre mose-
Men så klipte eg graset nede der eg først begynte, og der jobba eg resten av dagen. Innimellom bar eg sekker opp til bilen, for i morgon må eg på VØR. Eg hadde også ein god pause, der eg "sat på benken" med Marit.
Eg var sliten då eg tok kvelden og gjekk inn. Eg la meg ned på dagsenga mi ei lita stund, og tenkte på kor heldig eg er. Eg er 85 år og kan gjere eit skikkeleg dagsverk i hagen, ikkje alle kan det, og så har eg ei god seng å kvile på-.
No er eg spent på om Rasmus-familien er heime igjen, og kva tid dei kjem hit. Solveig er i Sverige, ho har bursdag i morgon. Det har vore ein liten tradisjon at ho er i Sverige på bursdagen sin. Det var ho også den tida vi reiste heile familien i lag.I morgon fyller ho 62 år. Det eg hugsar best frå den dagen ho vart fødd var at oversøster på sjukehuset på Eid, kom inn få hagen med ei rose til meg og sa:"Her kommer jeg meg sommerens første rose."

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar