fredag, oktober 05, 2018

Dagbok 2018: 5.oktober


Klokka er 17.10, temperaturen + 9 grader C og no skin det opp att. I dag har vi hatt både opplett, vind, og regn, så det har vore litt variert. 
Planen for dagen var at Solveig skulle komme innover for å få seg nytt førerkort, og så skulle ho vere med meg å shoppe klede, blant anna. Med seg hadde ho kofta som eg strikka i vår, og som ho hadde lagt siste hand på. Eg synest den blei fin til slutt. Eg hadde ymta om at eg likte det mønsteret, som eg såg på FB, og dermed fekk eg både mønster og garn til bursdagen min. Men strikke måtte eg gjere sjølv - og det gjorde eg med glede. Eg treng ikkje strikke berre lestar.
Etter at vi hadde vore på Biltilsynet, var vi ein snartur innom Hageland før vi for til Volda. Eg skulle ha meg ei ny bukse, så vi for på Møre konfeksjon-det blei to bukser. Vi var innom Janus, der eg kjøpte ei fin brun ulltrøye (ull+ silke).På garnbutikken bunkra eg opp garn; eg plar kjøpe Regia, men no hadde ho fått Opal også, så i dag vart det nytt merke. Eg har strikka Opal før, og veit at det er bra. 
Då var det tid for lunsj på kinarestauranten, der Solveig ikkje hadde vore før, så eg måtte no forklare "kinadama" at eg har to døtrer. God mat, varm og nylaga, fekk vi i dag også.
I Ørsta fekk eg bytta regnjakka i ei som var utan lyte, og så kjøpte eg meg nye, svarte gummistøvlar; dei blå eg kjøpte sist har enda som hagestøvlar, dei også, så no har eg byte. Det går hardt utover skotøyet i hagen. 
Då vi kom heim att i starevegen var snikkaren komen, og han har gjort ferdig rekkverket. Han har enno ikkje fått limt på toppstykka, for det begynte sjølvsagt å regne, men han må no likevel inn att og hente alt utstyret sitt, stillas, sag og anna verktøy. No skal eg tømme oppvask- og vaskemaskin og rydda unna litt ymse. Solveig og eg tok oss berre ein kopp kaffi då vi kom heim, vi var ikkje direkte svoltne.
For mitt vedkomande har dette vore ei sosial og aktiv veke, men eg får vel ei roleg helg. Ønsker alle ei god helg, og ein god haustferie for dei som det har.
 



torsdag, oktober 04, 2018

Dagbok 2018: 4.oktober

Klokka er 21.40, temperaturen er + 10 grader C og det regnar så det renn elvar etter gata. Det vil ingen ende ta.
Det har likevel vore ein kjekk dag. Mykje av føremiddagen gjekk til matlaging, det tek litt tid å lage lasagne frå botnen av, men eg har no slikt å gjere. Mangla nokre ingrediensar til salaten, så eg sat på med Marit ned til Kiwi då ho skulle på trening. Å gå opp att går fint, nedoverbakken er verst for kneet.
Middagsgjestane vart litt forseinka fordi Erlend skulle klippe seg. Margrete, Amanda og Erlend reiser til Trondheim med buss i morgon, dei skal besøke Eirik. Ingeborg kjem frå Oslo. Det er ein del av haustferien, men dei kjem att mandags kvelden.
I dag kom Amanda også hit, det var ei stund sidan sist eg såg henne, så det var kjekt. Vi "jentene fekk god til til å prate for gutane spela til siste slutt, dvs. kl. 21.
I morgon kjem Solveig innover, ho og eg skal shoppe- litt av kvart kan eg tenkje meg.
No skulle eg ha sett TV-eg synest det er interessant å følgje med på "Debatten".

onsdag, oktober 03, 2018

Dagbok 2018: 3.oktober


Klokka er 19.30, temperaturen er + 5 grader og også i dag har vi hatt regnbyger så det held. Eg prøver å trøste meg sjølv med at det blir lite snømoking til vinteren når vi får så mykje nedbør no.
 No er eg nyss heimkomen frå eldrefesten på kulturhuset. I dag hadde eg ikkje ansvar for noko. Ikkje var eg ned og dekka på borda ein gong, og leiar i eldrerådet sa at eg skulle sleppe å skrive, for dei var der frå Møre-Nytt. 
Så eg sette meg langt bak og slappa av. Nabo Solveig køyrde Marit og meg ned,  og så tigga eg oss skyss heim att med ei som sat ved samme bordet som oss. Det var mykje program, mellom anna eit kjempeartig kåseri. I matpausen snakka eg litt med Eli, som fortalde at der ikkje var nokon frå avisa- . Eg sa som sant var at eg er i alle fall ikkje i stand til å skrive noko referat, eg sat ikkje slik til at eg høyrde alt, og hadde ikkje notert noko. No får einkvan annan ev. ta ansvaret.Vi fekk så mykje vi ville av smørbrød, kaker og kaffi.
Føremiddagen gjekk med til diverse huslege syslar, hårfarging og fyring i omnen. Her heime har eg det varmt og godt no når eg bestemmer temperaturen sjølv, men kledde meg godt sidan det ofte er kjølig på kulturhuset - og det var det verkeleg i dag. Eg fraus som ei bikkje i ulltrøye, genser , jakke og sjal.
Det var loddsal og eg vann to gonger, først ein liten ildtopp og så ei stor korg med lyng, som eg gav bort. Eg har to lyngplantar på trappa og ein lyng på grava, så eg trong ikkje meir.
I morgon ventar eg middagsgjestar, kanskje to, kanskje fire og så kjem Solveig innover på fredag, så dette er ei sosial veke. Snikkaren dukkar vel ikkje opp att før det blir opplett og fint vêr.

tirsdag, oktober 02, 2018

Dagbok 2018: 2.oktober

Klokka er 18.50, temperaturen er + 6 grader og no regnar det igjen. Før i dag var det sol og nokså fint.Eg har hatt rin fin dag, men mykje kontakt med naboar og andre. Og dagen har gått utruleg fort.Det første eg gjorde i dag etter frokost var å strikke ferdig ein lest som berre var litt att på. Eg hadde to restar med brunt/gult garn frå eit Arne og Carlo prosjekt. Eg strikka to lester parallelt, så skøytte eg på med ein grøn rest, og fekk den ut av verda, men så visste eg ikkje å finne noko å slutte av med. Derfor kjøpte eg litt garn på Nille i går, noko som heiter "tynn ull" og er berekna til lester, eg fann ein farge som matcha sånn nokolunde. Garnet er tynt og eg strikkar på pinnar nr.2,5. Særleg Solveig er glad i slike tynne ullsokkar.
I dag regna det ikkje og eg bestemte meg for å prøve motorsaga, den elektriske. Eg fekk den i gang, men eg trur den må kvessast dersom eg skal få saga noko som helst med den; trur eg sagar fortare med hand. Men stammen til det falne treet er ikkje blitt mykje mindre. Då såg eg at systra til naboen sat på trappa, ho var på besøk frå Sveits, der ho bur. Så måtte eg prate litt med henne.
Eg rydda litt her og der ute, men ikkje så mykje at det er merkbart for andre enn meg sjølv. Så såg eg at Solveig nabo hadde kome heim frå Molde, og vi måtte sjølvsagt prate, så ho vart med meg inn og fekk sjå altanen frå vår side.
Marit ringde på og spurde om eg ville vere med fram på gravplassen, så kunne eg få handle på Kiwi. Og eg var takksom for tilbodet. Eg var og såg til Nils si grav, har ikkje vore der på lenge, men visste  at underlaget til gravsteinen var på plass. Lyngen som eg hadde med sist eg var der var like fin. Eg håper dei får opp gravsteinen før vinteren kjem.
Då eg kom heim fekk eg endeleg tid til å ete litt, då var klokka ca. 16.00. Mens eg åt, såg eg ut glaset og der var Håkon i full gang med å gjere klart teiner for hummarfiske. Han var her ikkje så lenge for han måtte få ut teinene, og akkurat då begynte det å regne, no er det opplett igjen.
Eg fyrte i omnen og vart døsig, men så tok eg meg saman og festa trådane på lesteparet. No må eg legge opp eit nytt spøt, får sjå om eg har nokre spennande restar.
I morgon er det eldredagsmarkering. Eg veit ikkje om dei kjem frå avisa, eller om eg må referere.



mandag, oktober 01, 2018

Dagbok 2018: 1.oktober

Klokka er 18.40 og sola er borte. Temperaturen er ca. + 10 grader C.  Eg stod i ferd med å kle meg om for å gå ut og finne noko å gjere, då eg såg på klokka at eg var litt seint ute. Dagen har gått veldig fort, og lite har blitt gjort. Men det gjer ingen ting. 
Det vart ein mykje finare dag enn forventa, sola kom fram frå morgonen av, og folk kom ut frå husa sine.
Eg hadde nokre rekningar og styr å ta meg av på data, så eg var ikkje så tidleg ute då eg tok turen til Vik. Eg hadde bestemt meg for å gå ned på AMFI og ta det derifrå, hadde ikkje avtaler med nokon.
Eg var ikkje komen lenger enn inn i svingen då eg trefte på ein nabo som eg vart ståande å prate med ei god stund. Lenge sidan eg har snakka med henne, så det var kjekt. Nede i krysset til Olavsgata var Hildur og Svein ute og styrte i hagen, dei kunne fortelle at dei nyss hadde vore på Kongsberg. Det vart ei pratestund der også. Nede på Haugegjerdet møtte eg eit par som har budd i Starevegen før, dei hadde fått seg ein liten søt hund. Så vart det prat der også, med oppdatering på det som har hendt sidan sist. Det er veldig kjekt å vere ute og treffe folk. Ved kyrkjegardsmuren trefte eg Eli, men vi ser kvarandre relativt ofte, så vi prata ikkje lenge.
Eg hadde eit lite ærend på apoteket, og så ville eg kjøpe meg ei regnjakke-tenkte det kunne hjelpe på vêret. Ein ting til stod på programmet og det var litt garn til å gjere ferdig restelestene eg held på med, eg visste kva eg skulle ha, og det fekk eg på Nille.
Regnjakka kjøpte eg på Cubus, den var svart, men eg får utstyre meg med rikeleg refleks om eg går ut i mørket. Då eg kom heim fann eg ein liten feil på den, så det kan hende eg må klage.
Eg har ikkje så vondt i kneet når eg går, men eg haltar, og det ser folk, sjølvsagt. Visste ikkje ordet av det før Anne-Lise Ørstavik kom og ropte på meg. Ho ville køyre meg heim. Og det gjorde ho. Eg hadde nok greidd å gå, men var takksam for å sleppe.
Då eg kom heim og fekk meg litt mat, sovna eg tvert på sofaen. Etterpå sende eg bod på Marit, slik at ho skulle få uttale seg om "feilen" på regnjakka. Ho såg den i alle fall med ein gong. Og så fekk eg høyre om turen dei hadde til Førde no i helga. Så i dag har eg fått vere veldig sosial og fått høyrt mykje nytt. 
Så lenge Nils var rimeleg frisk brukte eg å samle på "nyheiter" så eg hadde noko å fortelje når eg kom heim, eller på Heimen. Dette heng litt att enno.
Onsdag er det pensjonistmøte, då skal vi markere eldredagen, som eigentleg er i dag. Eg har litt problem med å sitte på grunn av "sitteknuten", men det har eg hatt i så mange år at eg har vant meg til det.
Torbjørn kom og ville låne kilar til vedkløyving, og under over alle under - eg fann dei. I garasjen! I dag har eg enno ikkje kveikt opp i omnen eller hatt på varmepumpa, desse sure dagane har eg fyrt nesten heile dagen. Men jammen kjem kvelden tidleg no, endå det er sommartid.

søndag, september 30, 2018

Dagbok 2018: 30.september

Klokka er18.00, temperaturen er + 8 grader og det regnar. 
Setninga er ein reprise frå nesten heile september. Så får vi sjå om oktober har noko anna å by på.
Sjølv om vêret har vore trasig, har eg hatt ein god dag. Eg har ikkje hatt vondt verken her eller der (bank i bordet) og berre det er oppløftande. Så fekk eg lese ferdig boka om bjørnejegersken - også det var en "højdare".  Og ikkje minst fekk eg besøk av Eirik. Eg hadde akkurat ete middag då han kom, så eg fekk ein og drikke kaffi i lag med etterpå. Eirik og bandet hans spelte i Ålesund fredags kvelden, og så var han innom familien i Volda og Ørsta. Då har reiste herifrå skulle han inn til Margrete, og i morgon reiser han til Trondheim igjen. Det er så kjekt å få besøk av barnebarna, særleg no når dei er langt borte og når ein ser dei sjeldan.
Margrete var på veg heim frå Bergen då han ringde til henne, ho har vore der i helga. Rasmus med familie skal til i Sverige på haustferie i badelandet i Ørebro, men først ei overnatting i Karlstad. I Gustavsvik, Ørebro, hadde vi "slektstemne"  for ganske mange år sidan.
Har ingen planar for morgondagen, men satsar på å vere heime til eg ev. får telefon frå banken. Bankkontakten min har hatt ferie, men skulle vere tilbake i morgon. Det er inga stor sak, men eg er lei digi-breva og vil ha faste utgifter over på avtalegiro; det hadde vi før.
Snikkaren har vel ein dags arbeid att-eller vel så det, så får eg begynne med litt oppryddingsarbeid før snøen kjem. Sjølvsagt vonar eg framleis på ein oktober med sol og sommar-vi treng det no.

Bok nr. 32 -2018: Bjørnejegerskens bekjennelser

En kvinne er skuffet over livet, over svik og nederlag og menn i sin alminnelighet. Hun selger villaen på Oslos vestkant og flytter til den forlatte familiegården i en avdal på Østlandet, der bjørn- og ulvemotstandere hersker. Beslutningen er tatt: På parkeringsplassen bak bensinstasjonen skal hun bygge et tempel for godhet, kvinnelig seksualitet og erfaringsbasert moral. Det skal ligne på Pantheon.
Bjørnejegerskens bekjennelser er en bok om hat og begjær, om islagte elver og spirituelle damefrisører, om byråkratiske rammevilkår for tempelbygging i distriktene og om den sumeriske yppersteprestinnen Enheduanna, kvinnen som skrev verdens første erotiske dikt.
"Parodisk, morsom, burlesk og alvorlig. Hedemanns hovedperson vil ikke tie som milliarder av kvinner gjennom historien av skam «Over for mye lyst og for lite lyst». Det er burlesk, intelligent og morsomt." 
Vigdis Moe Skarstein, Adresseavisen
……………………………………………………………………………………
Denne boka kom Solveig med i papirformat, og eg har lese den i rekordfart, lenge sidan eg har fryda meg slik med ei bok som med denne. Vi kan seie at den handlar mykje om kvinnesak, men også om menneskesak. Og mykje, mykje meir. Her er alvor, her er ironi og mykje humor. Boka er veldig lett å lese, men den er likevel tankevekkande. Anbefalt på det varmaste.
https://www.gyldendal.no/Skjoennlitteratur/Romaner-og-noveller/Bjoernejegerskens-bekjennelser
her kan de lese meir.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...