mandag, oktober 01, 2018

Dagbok 2018: 1.oktober

Klokka er 18.40 og sola er borte. Temperaturen er ca. + 10 grader C.  Eg stod i ferd med å kle meg om for å gå ut og finne noko å gjere, då eg såg på klokka at eg var litt seint ute. Dagen har gått veldig fort, og lite har blitt gjort. Men det gjer ingen ting. 
Det vart ein mykje finare dag enn forventa, sola kom fram frå morgonen av, og folk kom ut frå husa sine.
Eg hadde nokre rekningar og styr å ta meg av på data, så eg var ikkje så tidleg ute då eg tok turen til Vik. Eg hadde bestemt meg for å ned på AMFI og ta det derifrå, hadde ikkje avtaler med nokon.
Eg var ikkje komen lenger enn inn i svingen då eg trefte på ein nabo som eg vart ståande å prate med ei god stund. Lenge sidan eg har snakka med henne, så det var kjekt. Nede i krysset til Olavsgata var Hildur og Svein ute og styrte i hagen, dei kunne fortelle at dei nyss hadde vore på Kongsberg. Det vart ei pratestund der også. Nede på Haugegjerdet møtte eg eit par som har budd i Starevegen før, dei hadde fått seg ein liten søt hund. Så vart det prat der også, med oppdatering på det som har hendt sidan sist. Det er veldig kjekt å vere ute og treffe folk. Ved kyrkjegardsmuren trefte eg Eli, men vi ser kvarandre relativt ofte, så vi prata ikkje lenge.
Eg hadde eit lite ærend på apoteket, og så ville eg kjøpe meg ei regnjakke-tenkte det kunne hjelpe på vêret. Ein ting til stod på programmet og det var litt garn til å gjere ferdig restelestene eg held på med, eg visste kva eg skulle ha, og det fekk eg på Nille.
Regnjakka kjøpte eg på Cubus, den var svart, men eg får utstyre meg med rikeleg refleks om eg går ut i mørket. Då eg kom heim fann eg ein liten feil på den, så det kan hende eg må klage.
Eg har ikkje så vondt i kneet når eg går, men eg haltar, og det ser folk, sjølvsagt. Visste ikkje ordet av det før Anne-Lise Ørstavik kom og ropte på meg. Ho ville køyre meg heim. Og det gjorde ho. Eg hadde nok greidd å gå, men var takksam for å sleppe.
Då eg kom heim og fekk meg litt mat, sovna eg tvert på sofaen. Etterpå sende eg bod på Marit, slik at ho skulle få uttale seg om "feilen" på regnjakka. Ho såg den i alle fall med ein gong. Og så fekk eg høyre om turen dei hadde til Førde no i helga. Så i dag har eg fått vere veldig sosial og fått høyrt mykje nytt. 
Så lenge Nils var rimeleg frisk brukte eg å samle på "nyheiter" så eg hadde noko å fortelje når eg kom heim, eller på Heimen. Dette heng litt att enno.
Onsdag er det pensjonistmøte, då skal vi markere eldredagen, som eigentleg er i dag. Eg har litt problem med å sitte på grunn av "sitteknuten", men det har eg hatt i så mange år at eg har vant meg til det.
Torbjørn kom og ville låne kilar til vedkløyving, og under over alle under - eg fann dei. I garasjen! I dag har eg enno ikkje kveikt opp i omnen eller hatt på varmepumpa, desse sure dagane har eg fyrt nesten heile dagen. Men jammen kjem kvelden tidleg no, endå det er sommartid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...