tirsdag, september 11, 2018

Dagbok 2018: 11.september

Klokka er no 20.40, temperaturen ute er +11 grader C og det styrtregnar. Det er ikkje lenge sidan eg kom heim att, etter å ha vore på tur i heile dag. Hadde vekkerklokka på halv sju i dag, men vakna lenge før det. Eg skal ikkje skrive så mykje om turen i dag, for eg har som ein mistanke om at eg må skrive referat. På bildet øvst ser de gjengen på hagevandring hos Beatrice-alle utanom men, som tok bilde.
Reiseruta var slik: 22-seters buss frå Ørsta med ca 20 pensjonistar kl.8.20, til Festøya, ferje til Hundeidvik, køyrde vidare til Galleri Cylindra, og på hagevandring.  Så til Sykkylven sentrum der vi var på utstillingar og museum før vi åt middag i eit "gjestehus". Heimtur over Strandafjellet til Stranda, Hellesylt, Nordangdalen, Leknes. Ferje til Sæbø og så rett heim. Vi var ikkje så mykje ute, så det var ikkje så farleg om det regna litt-dvs. meir og meir. Naturen er vakker uansett vêr, og vi fekk sett mykje. Lite vatn i elvar og vatn i Nordangsdalen, det forundra oss litt. Sjåføren Andy, var ein skikkelig gentleman som hjelpte alle "fotalause" damer inn og ut av bussen ørten gonger


Snikkaren har vore "heime åleine" i dag- Han har fått sett inn vinduet, men kjem att i morgon og skal gjere ferdig. Eg slapp å gå ut for å finne kveikje til omnen.

mandag, september 10, 2018

Dagbok 2018: 10 september


Klokka er 16.15, temperaturen er + 15 grader C. Det har vore opplett til denne tid, men eg kjende nokre dropar ute no. Eg hadde eigentleg noko eg skulle gjere ute, men så kom desse dropane. I dag har det vore ein rotete dag. Har ikkje fått "gjort" så mykje akkurat.
Marit skulle på seniordans, så eg sat på med henne ned til Vik klokka 10. Eg hadde nokre småærend, ikkje noko tungt å bere, så eg rekna med å gå opp att Og det gjorde eg. Fann meg ei rute som eg ikkje har gått før, for Elvavegen var stengd. No er eg nokså kjend i området, gjekk der kvar dag, nesten sist vinter. Bildet over tok eg med mobilen i krysset ved Vikemarka skule. Huset vi ser er det som Anne og Gunnar Ellingsen kjøpte, og bygde på i begge endar. Det ser nesten ut som det har kome snø i fjella, men det har det ikkje. Det gjekk for så vidt bra å gå opp att, men eg kjende det i kneet, så eg tok på meg knestøtta.
Måtte ha meg litt mat etc. og så gjekk eg ut i hagen og begynte å plukke eple, klipte nokre greiner også, men her må det motorsag til!
Snikkaren var brått vekke, men det viste seg at han var borte hos Koppen og henta det nye vinduet. Han trudde at han og eg skulle klare å bere det inn i lag, men eg tok ikkje sjansen. Som  eit under kom Helge Lid akkurat køyrande heim, så eg var opp og bad han om hjelp. Han forstod problemet, for han har nettopp styrt med det same. Korleis snikkaren skal få til å sette det inn i morgon, torer eg nesten ikkje å tenke på, då er ikkje eg heime eingong.
Då eg kom ned att svinga ein Taxi inn på tunet, og ein ung mann kom ut. Det galdt massasje, uvisst om eg skulle gi eller få. Men han forstod ganske fort at eg ikkje var Margarita - sjølv om adressa var den samme.

Vi reiser herifrå, Marit og eg, klokka 8.00 i morgon- ei ugudeleg tid for ein pensjonist. Det er ikkje så veldig koseleg i stova akkurat no.Eg har no plukka vekk det eg kunne, resten får ekspertisen ta seg av.





Eg fekk mail frå avisa i dag at dei hadde motteke manuset mitt, så referatet kjem i avisa i morgon.
Eg har to kollegavenninner som har fødselsdag i dag, den eine er 80 år, den andre noko yngre. Blir nesten skremt når eg tenkjer på kor mange år vi har kjent kvarandre. Tida går berre fortare og fortare til eldre ein blir.
Har også som ei formeining om at Leon Roald , den eldste av gutane til Anne Marie, fyller år i dag. Hugsar han var ikkje store karen då eg kom i Sula, han er fødd i 1956. Han er oppkalla etter broren til Nils ( Leon Severin) og naboguten,  som begge kom bort på sjøen året før. Då får eg gratulere Leon Roald med 62 -årsdagen!

søndag, september 09, 2018

Dagbok 2018: 9.september

Klokka er 18.10, temperaturen er + 18 grader C og akkurat no er det overskya og opplett. Sist natt og utover morgonen regna det, men så letta det opp. Eg har ikkje vore lenger enn ned til Victoriatreet i dag, eg har ikkje snakka med nokon, anna enn på data, men eg har vore nokså aktiv. Det blir gjerne slik at eg styrer på ute heile veke og så tek eg innearbeid om helgane.
I dag fekk eg eit nytt anfall av energi, så eg fekk vaska kjøkken og bad, før eg fekk resten av eplejusen på flasker og ned i frysaren, no har eg ca. 30 flasker og det er nok. Eg gjorde mykje anna også, men det kan ikkje vere av interesse for andre.
Men det mest overraskande er vel at eg laga full middag til meg sjølv, svinekotelettar med sjølvdyrka poteter, grønnsaker frå frysaren og ananas. Dei potetene ser litt rotete ut på tallerkenen, det er berre fordi eg kokte dei så godt. Dei treng lang koketid, og då blir dei gode. Etter eit sånt måltid måtte eg berre legge meg på sofaen med lydboka, og sovna sjølvsagt.
Måtte ned og plukke eit par plommer frå Victoriatreet etter oppstandelsen, og då fann eg litt som måtte gjerast i hagen. Mosjonen i dag har stort sett vore opp og ned kjellertrappa ørten gonger. I morgon skal eg ein liten tur til Vik og ordne med diverse.

 Queen Elisabeth blomstrar


lørdag, september 08, 2018

Dagbok 2018: 8.september

Klokka er 16.50, temperaturen er + 18 grader C, det var fint vêr og sol før middag, men etter kvart har det skya over. Heilt til no har eg gått å lurt på å GÅ ein tur nedover på AMFI til dømes, men no har eg slått det i frå meg. Eg har diverse som skal ordnast , men det får vente til mandag.
Har ikkje vore så oppesen i dag som før i veka, sjølv om eg hadde planar om mykje eg skulle gjere, så kom eg ikkje heilt i boks. Men det er no ikkje slutt på dagen enno. Noko av det første eg gjorde i dag, som alle dagar, var å plukke nedfallseple. Og så fekk eg sjølvsagt den ideen at eg skulle lage litt meir jus. Mest for å få tome diverse fat og bøtter. Då eg hadde gjort det, det vart ikkje meir enn ca. 10 flasker, mot 20 førre helg, var eg ikkje så gira meir. Sjølve arbeidet er eigentleg å rydde og vaske opp. Dessutan har eg problem med sitteknuten, så eg ville heller ligge. La meg ut på solsenga med pledd og lydbok og sovna der.
Så var eg svolten og måtte ha litt mat osb. Så går tida -og lenger kom eg ikkje i dag. Men eg har planar om litt støvsuging. Her har ikkje blitt gjort mykje husarbeid denne veka-har hatt anna å styre med. Dei få Victoriaplommene modnast etter kvart, men det er ikkje som i fjor då treet lava av nydelige plommer. 

PS: kl.18.30. No regnar det ute, passar meg i grunnen bra, sidan eg gjødsla i går.
Sidan sist har eg vore ute og raka litt, og så har eg støvsuga alle teppegolva, ganske grundig. Då eg flytta fram tripp-trappen, datt nøkkelknippet mitt i golvet. Eg har ikkje leita så veldig etter nøklane, for dei måtte no vere inne i huset-eg må no ha låst meg inn. No er det snart klart for ein lang TV-kveld. "Stjernekamp" på direkten -og  "Skal vi danse" på opptak. Eg får vel spøte litt undervegs.

fredag, september 07, 2018

Dagbok 2018: 7.september

Klokka er no 19.40, temperaturen er + 18 grader C og det har vore ein strålande dag, varmt og fint, + 24 grader i september er bra.
I dag var eg ute og styrte litt i hagen før eg gjorde meg klar for tur på NAV. Margrete skulle komme og vere med meg, og det gjorde ho. Vi vart viste inn på Slogen i lag med ein mann som skulle finne ut, om pensjonen min var rett rekna ut. Eg har fått diverse brev, men det var i ikkje samsvar i alt. Men det eg får utbetalt er visst rett, så då er det berre å slappe av. Eg fekk utskrifter som eg kan ta fram og lese grundigare om eg vil.
Etter at vi hadde "nava" gjekk vi på kafeen "Fru Svendsen" og åt eplepai, Margrete med kakao til, eg med kaffi.
Vi var så vidt innom ein butikk, men Margrete hadde ikkje all verda med tid, for ho skulle hente Amanda med seg heim.
Eg måtte plukke eple i dag også. Desse epla er små så dei egnar seg best til saft eller jus. Får sjå om eg får avsetnad på dei. Grov opp tre stilkar med poteter i dag, dei stod i jordbæråkeren, og var store og fine. Så har eg gjødsla plenane rundt huset og opp mot gata. Håper det blir rikeleg med dogg i natt. Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag. No på kvelden har eg sete ute på platten til Marit, der er det så fint å vere.
Snikkaren har tatt helg, så i morgon treng eg ikkje å stå "tidleg" opp.
Han fekk brukt dei gamle beslaga øvst på den nye veggen, så han slapp å kjøpe nye.
No blir det TV resten av kvelden, trur eg. Ønsker alle ei god helg!



torsdag, september 06, 2018

Dagbok 2018: 6.september


Klokka er ca. 17.30, temperaturen er + 17 grader og det har vore fint vêr i heile dag-men no kom det ei regnbyge. Elles hadde eg vel vore ute. Eg har slik energi i dag at eg er farleg for både meg sjølv og andre. No hadde eg eigentleg tenkt meg ut og rydde i og rundt jordbæråkeren og ta opp potetene som veks der-men så kom regnet. Det er alltid noko som skal/ bør gjerast og eg likar og jobbe-men helst ute.
I dag starta eg dagen med å skrive referat frå møtet i går, det vart sikkert ikkje eit litterært meisterverk, og det er vel heller ikkje hensikta. Var ferdig før klokka 11.00, men venta litt før eg las korrektur og sende det til avisa. Nokre timar seinare var eg inn på maskina og såg at dei kunne ikkje levere det på grunn av feil i adressa. Så var det berre å sende manus + bilde ein gong til. 

Eg har fyrt mykje i omnen i det siste i staden for å sette på varmepumpa. Eg har så mykje rusk og rask som skal brennast. Eg har nok vore litt lettsindig, og brent litt for mykje rask, for då eg skulle vatne blomstrane i vinduskarmen såg eg at der var så mykje støv, svart støv, også kalla sot. Det er livsfarleg å opne omnsdøra når ein fyrer, ein veit ikkje kva som fyk ut. Eg har brydd meg lite om støv og rot inne denne tida, når utearbeidet er ferdig, kan eg gå "laus" inne. Men i dag tok eg i alle fall ut oska i omnen og deriblant skruar, spikar mutrar og boltar. Eg fyrer med hagemøblane som Rasmus saga sund då han var her i sommar. Dei brenn godt. Og varmar betre enn pumpa.
Då eg var ferdig med omnen, var det såpass tørt ute at eg kunne begynne på skråninga, men først måtte eg plukke opp epla -ein plastsekk frå VØR vart fylt i dag. Eg klipte med nedstilt klippar og oppsamlar i dag, tenkte at det kanskje er siste gongen eg klipper i år. Men graset var langt frå tørt, så klipparen "spytta" ut mykje av graset, så det ser ut som om eg har klipt bio. Eg klipte også ned dei fire store staudene som står nede på muren, det var i grunnen det som tok mest tid.
Brubak har jobba flittig i dag også. Han står ikkje berre og spikrar, han hentar material og ordnar alt. Han kjem ikkje og fer ikkje til samme tid kvar dag, men eg seier at han får styre arbeidet som han vil og skrive timane sjølv. Eg stoler på han, og det viktigaste er at han gjer skikkeleg arbeid. Som de ser vart det trykkimpregnerte bord øvst på veggen, fordi dei ikkje hadde denne sorten utan impregnering.
Det blir ikkje meir uteliv i dag, og eg ser ikkje vitsen med å støvsuge til helga før vi TEK helg. Eg får kanskje lese lydbok og strikke-viss eg klarer å sitte i ro.


onsdag, september 05, 2018

Dagbok 2018: 5.september.



Klokka er 19.50, temperaturen er + 15 grader C, det har vore ein fin dag, medopplett og ein god del sol.
Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag, her heime, for eg har vore ein del på farten.
Marit køyrde meg ned på Amfi og kulturhuset i 11.30 tida. Skulle dekke bord til pensjonistmøtet, men då eg kom til avtalt tid, var der ferdig dekka, så det var ikkje så mykje for meg å supplere. Men eg venta på Eli som skulle lage klar til bildeframvising etc. og så køyrde ho meg heim. Ho vart med inn ein liten tur og fekk sjå seg om i hagen. Ho er veldug hageinteressert, men har ikkje så stort areal som eg.
Eg fekk brev frå el-kontrolløren og det fekk Silje også, så no blir det å få tak i ein elektrikar som kan utbetre feila. Det var ikkje så gale, ikkje meir enn det eg visste om. 
Og så måtte eg ha ein samtale med snikkaren, eg må no liksom godkjenne det han gjer, sjølv om han har ganske frie tøylar.
Tida gjekk fort og snart var det på tide å kle seg om for å fare på møte. Der var det tettpakka program med song, musikk, kåseri m.m. og sjølvsagt mat og kaffi. Ser ikkje fram til å skrive referat frå møtet, for å seie det slik. Det må eg gjere i morgon.
Tysdag i neste veke blir det dagstur til Sykkylven- og då skal eg vere med. Eg lurer på kva tid eg skal få klipt graset nede i Skråninga, det er ganske langt, og i morgon er det epleplukkedag-viss eg har noko meir å plukke i.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...