torsdag, januar 07, 2016

Dagbok 2016: 7.januar



Klokka er 19.00. Temperaturen ute er minus 7,5 grader C. Vi har hatt nydelig vêr, men ikkje heilt klårt.
Sist natt sov eg godt, utan å vakne opp midt i eit hosteanfall, så eg var freista til å friskmelde meg sjølv, men kom etter kvart til ein annan konklusjon. I dag var vi fast bestemt på å "rydde ut jula". Det er meir arbeid enn ein trur. Eg synest ikkje vi pyntar så mykje, men oppdagar at der er litt pynt i kvar ei krå. Nils tok seg av det som var ute, og diverse juletre og julestjerner inne. Mens eg bytta lys i lysestakar og løperar og dukar på alle bord. Til slutt støvsuga eg grundig på stova og litt mindre grundig på dei andre teppegolva. Då var eg låk i ryggen, og det er jammen lenge sidan sist eg var.
Etter lunsj la eg meg på sofaen med lydbok - og somna. Eg er nok ikkje så frisk som eg trudde i utgangspunktet. Dette er ei langdryg og seig sykje-det seier Solveig også.
Elles har eg sikkert hatt litt lågt blodtrykk i dag, sidan eg tok dobbel dose med medisin . Det er første gong eg har surra med tablettane.
Vi skulle eigentleg hatt steikt sei i dag, men så hadde eg ikkje lyst på det. Det einaste eg har lyst på av middagsliknande rettar er spekemat, så det vart det i dag også. Vi ønska oss spekemat i julegåve, og fekk det. Vi har rikeleg både med spekeskinke og diverse pølser. Nils kokte poteter og rabbe til, og då smakte det godt.
Eg er no veldig glad så lenge Nils ikkje får denne sykja, han har hatt nok trøbbel for ei stund. Han kom seg ikkje på sjøen i dag, for matrosane var opptekne.


Bilda er tatt klokka 12.00 frå trappa og altanen. Lenger kom eg ikkje i dag heller.

onsdag, januar 06, 2016

Dagbok 2016: 6.januar

Klokka er 19.00. Temperaturen er minus 4,5 grader C.  Det har vore fint vêr i dag også. Det har vore ein kort dag, særleg for meg.
Eg vakna klokka 6, som vanleg, og hosta noko heilt forferdelig. Då det verste hadde gitt seg la eg meg inn att i senga og sov til klokka var nesten 11. Hadde så vidt fått på meg klede då Margrete og Ingegorg ringde på døra. Margrete skulle til tannlegen, Ingeborg var att her.
Eg laga til lunsj av slikt eg fann rundt omkring i skuffer og skap.
Eg har heldigvis vore mykje betre i dag, men heilt god er eg ikkje enno. Har i alle fall vore oppe heile dagen, og ikkje lege på sofaen. Margrete var nedom biblioteket og kom att med eit heilt nett med bøker, eg fann to som eg ikkje har lese, dei har eg no rippa, så eg har lesestoff. La opp eit spøt mens eg heldt på med rippinga, og så ringde Ellen Marie og vi fekk oss ein lang prat.
Etterpå åt vi sursild, tomatsild, egg og brød og kalla det middag.
Nils fabulerer om ein fisketur i morgon viss han får nokon med seg. Eg kan ikkje hindre han.
I dag er det 13.dag jul, men m det er 13.dags-Knut eller 20.dags-Knut som jagar jula ut er eg ikkje heilt sikker på. Her er det i alle fall LITT jul att enno. Men noko har eg plukka vekk.

tirsdag, januar 05, 2016

Dagbok 2016: 5.januar

Klokka er 18.00, temperaturen er minus 2,7 grader C, og i dag vakna vi til eit tynt snølag på markene.Snøen ligg enno.
Elles vakna eg tidleg, men pottetett nase og munn så tørr som Sahara. Følte at eg fekk ikkje puste.
Heldigvis har eg alltid ei drikkeflaske med vatn på nattbordet, såpass eg fekk liv i meg sjølv. Dette er ei rar forkjøling, best som eg trur eg er på veg til å bli betre, så blir eg verre i staden.
I dag har det vore ein ekstremt sløv dag. Mesteparten av tida har eg lege på sofaen og sove, eg har truleg feber sidan eg kan sove så mykje. Orka så vidt å vaske bad og kjøkken før middag. Nils gjekk tur ned på Kiwi og handla litt, eg er veldig glad for at han er så bra. Ei forkjøling går som regel over, så det er ikkje så mykje å bry seg om, når ein ikkje er arbeidsaktiv.
Det som var litt trasig i dag var at eg ikkje hadde lydbøker tilgjengelig, så eg måtte begynne om att på Linn Ullmann si bok......men for det meste har eg sove. Nils har sett skirenn, hopp etc. på TV.
I morgon skal Margrete til tannlegen, då blir Ingeborg med så vi får sagt ha det til henne før ho reiser tilbake til hovudstaden. Både Ingeborg og Margrete har hatt sykja, så dei risikerer ikkje å bli smitta.
Så snart eg blir litt betre i form, skal eg rydde ut jula.

mandag, januar 04, 2016

Dagbok 2016 - 4.januar

Klokka er 17.30, temperaturen ute er minus 4 grader C, det har vore opplett og til dels sol i fjella i dag også.
Eg er ikkje særleg mykje betre av forkjølinga, men no har eg fått tak i medisin, så då går det vel framover. Ser fram til å få løyst hosten; det er travelt med tørrhoste, særleg om natta.
Mens Nils var hos tannlegen i dag, fekk eg dusja og vaska håret og tatt ein tablett såpass eg kunne vere med ein tur på Amfi-på apoteket.
Mat var det lite vi trong, var innom Bunnpris og kjøpte eit brød og nokre eple. Eg synest det er greitt å tære på lageret så lenge.
Nils kokte middag i dag, lange + poteter og gulrøter, merkeleg nok har eg matlyst midt oppi elendigheita. Eg fekk no rydda og vaska litt rundt på kjøkkenet i dag, men stort meir blir det visst ikkje.Eg er ein veldig utolmodig "pasient", men synest det er godt å tenke på at eg slepp å gå på jobb sånn"halvsjuk".

Bok nr. 3 - 2016: De urolige

De urolige
Å se, å huske, å begripe. Alt kommer an på hvor du står. Første gang hun kom til Hammars, var hun knapt ett år gammel og visste ingenting om den store og omveltende kjærligheten som hadde brakt henne dit.
       Egentlig var det tre kjærligheter.
Far og datter sitter med en båndopptager mellom seg. Planen var at de skulle dokumentere aldringen, i en bok de to skulle lage sammen. Men da de endelig er i gang, har alderdommen tatt tak i ham på en måte som gjør samtalene uforutsigbare og sprukne. 
De urolige er en leken, utforskende og sjangeroverskridende roman om et barn som ikke kan vente med å bli voksen, og foreldre som helst vil være barn, om minner og glemsel og de mange historiene som utgjør et liv.
.........................................................................
Denne boka har det gått relativt raskt å lese, sidan eg har lagt "sjuk" på sofaen eit par dagar. Eg har kika litt inn på nettet og alle bokmeldarane eg har sett gir Linn Ullmann terningkast 6 for denne boka-og det fortener den sikkert.
Linn har ikkje hatt nokon lett barndom og ungdom, med to foreldre som aldri blir heilt vaksne og tek ansvar. Eg blir litt skuffa over Liv Ullmann som eg trudde var eit bra menneske. Dottera tek litt glansen av mora, og det er nesten litt rart at Linn vil utlevere mor si slik ho gjer. Eg vil ikkje skrive meir, men anbefaler andre å lese boka. Linn Ullmann er ein god forfattar, eg har lese mange bøker av henne.



søndag, januar 03, 2016

Dagbok 2016: 3.januar



Klokka er 17.40, temperaturen ute er minus 5 grader C. Det har vore ein nydelig dag,og sola klatrar fort nedetter fjellsida. Seinast den 18. skal vi ha sol i stova. 
Men når endelig finevêret kom, må eg vere inne. Eg er ikkje betre av forkjølinga, snarare tvert imot. I dag har eg for det meste lege på sofaen med lydbok. Men det er ikkje så mykje å syte over, ei forkjøling går alltid over- før eller seinare.
Det gledelige er at Nils er så bra at han i dag kunne fare ut og sjå etter båten. Mens han var vekke kokte eg risengrynsgrøt og brukte opp både melk og fløte som var innkjøpt til jul. Vi hadde litt spekemat attåt.
Når ein ligg på sofaen nesten heile dagen, får eg ikkje så mykje å skrive om. Men eg kjeder meg ikkje.  Akkurat  no les eg Linn Ullmann si bok om foreldra sine. "De urolige", heiter boka.
I morgon er det mange som skal på jobb igjen, då er det heilt greitt å vere pensjonist.

lørdag, januar 02, 2016

Dagbok 2016: 2.januar

Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 2 grader C og det er opplett. men for meg vart det innedag i dag også, forkjølinga slo nemlig til med full styrke i dag. Eg har gått med eit papirlommetørkle under nasa og  hatt den eine nyseserien føre og den andre etter. Forkjøling går over, det er ikkje farleg, men eg måtte sende avbod til tannlegen. No veit eg ikkje korleis er føler meg på mandag, men det er betre å vere føre var.
Viktigare er det at Nils har vore bra dei siste to dagane.Når han ikkje er bra er vi dobbelt handikappa, sidan han er sjåfør. I dag fekk han seg ein tur ned på Amfi og fekk treffe folk og prate.Han fekk vite litt om kva som skjer i bygda, noko han er meir interessert i enn eg.. Eg har bøkene mine, så eg kjedar meg ikkje.Har lege på sofaen det meste av dagen. Han kom heim att med ein pizza, så det vart lettvint mat i dag.
Veninna mi i Bergen ringde i dag, og vi hadde ein koselig prat. Elles har det ikkje skjedd så mykje. Det blir ein del TV i dag også, vi plar ikkje sjå så mykje TV, men desember månad er unntaket.
No ser eg fram til å kome i rute med dagane igjen, det har vore mange "sundagar" i det siste.
                                            Bilda tok eg kl.9.30 i dag tidleg.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...