søndag, januar 03, 2016
Dagbok 2016: 3.januar
Klokka er 17.40, temperaturen ute er minus 5 grader C. Det har vore ein nydelig dag,og sola klatrar fort nedetter fjellsida. Seinast den 18. skal vi ha sol i stova.
Men når endelig finevêret kom, må eg vere inne. Eg er ikkje betre av forkjølinga, snarare tvert imot. I dag har eg for det meste lege på sofaen med lydbok. Men det er ikkje så mykje å syte over, ei forkjøling går alltid over- før eller seinare.
Det gledelige er at Nils er så bra at han i dag kunne fare ut og sjå etter båten. Mens han var vekke kokte eg risengrynsgrøt og brukte opp både melk og fløte som var innkjøpt til jul. Vi hadde litt spekemat attåt.
Når ein ligg på sofaen nesten heile dagen, får eg ikkje så mykje å skrive om. Men eg kjeder meg ikkje. Akkurat no les eg Linn Ullmann si bok om foreldra sine. "De urolige", heiter boka.
I morgon er det mange som skal på jobb igjen, då er det heilt greitt å vere pensjonist.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Då les vi same bok! Eg er spent på kva du synest! Akkurat no er eg litt i tvil om ho burde skrive om alt ho gjer, spesielt om mora.
Ja, eg tenkjer det samme. Får håpe ho har klarert manuset med mora. Eg ville ikkje likt at mine barn hadde utlevert meg slik.
Legg inn en kommentar