Viktigare er det at Nils har vore bra dei siste to dagane.Når han ikkje er bra er vi dobbelt handikappa, sidan han er sjåfør. I dag fekk han seg ein tur ned på Amfi og fekk treffe folk og prate.Han fekk vite litt om kva som skjer i bygda, noko han er meir interessert i enn eg.. Eg har bøkene mine, så eg kjedar meg ikkje.Har lege på sofaen det meste av dagen. Han kom heim att med ein pizza, så det vart lettvint mat i dag.
Veninna mi i Bergen ringde i dag, og vi hadde ein koselig prat. Elles har det ikkje skjedd så mykje. Det blir ein del TV i dag også, vi plar ikkje sjå så mykje TV, men desember månad er unntaket.
No ser eg fram til å kome i rute med dagane igjen, det har vore mange "sundagar" i det siste.
Bilda tok eg kl.9.30 i dag tidleg.
1 kommentar:
Eg synest denne sykja er seig, Mitt dagsverk har vore å lage middag og handle litt.
I morgon skal eg gjere førebu meg til skuleveka slik at eg får ein rolegare start!
Legg inn en kommentar