mandag, november 09, 2015

Dagbok 2015: 9.november

Gullet é heme !
Klokka er nærmar seg halv sju, og då er denne dagen også snart gått over i historia. Ute er det regn og mørkt, snø i fjella i dag tidleg, så vi har det ikkje så fint lenger. Men det er no bra det ikkje er så kaldt, + 7 grader er det akkurat no.
Nils måtte stille opp klokka 10.00 i dag for fotografering og intervju av Møre-Nytt. Og så fekk han heim att båten, til og med nyvaska. Så spørs det om det blir vêr til å få den på sjøen att. Eg var rimeleg låk i ryggen i dag, men fekk no gjort det vanlege husarbeidet.
Vi åt tidleg middag, i dag var det salta lange, og slappa av litt etterpå.
Så steikte eg ein haug med pannekaker som vi serverte til kaffien då Margrete kom innom ei lita stund mens Amanda var på balletten. Resten fekk ho med seg heim til dei heimeverande barna.
No har eg rydda opp og bretta ein klesvask. Det blir ikkje dei heilt store arbeidsoppgåvene ein får unna kvar dag. Men ein får vel finne seg i at ein taper seg med åra.
Det blir ei travel tid fram mot jul, ikkje med baking og vasking etc. men konsertar og andre tilstellingar på løpande band. Ja, så gløymer ein at det er det mørkaste og trasigaste tida på året.

søndag, november 08, 2015

Dagbok 2015: 8.november


Klokka er 17.15, temperaturen er + 11 grader C. Det har vore overskya og opphaldsvêr i dag.
Eg vakna med voldsom verk i rygg og hofte m.m. så då er det berre å prøve å bevege seg. Det vart til at eg bytta på sengane og moppa over soveromsgolvet. Seinare vaska eg håret i håp om å bli bra nok til å fare bort i Aasentunet der blant andre Øystein skulle lese frå ei bok med korte tekstar av fleire forfatterar, "Steikje te styr" heiter boka. Harald Grytten var der også og las og ein frå Sykkylven som eg ikkje fekk tak i namnet på.Etterpå vart det ein diskusjon om "Sunnmøringen".
Eg var litt skuffa fordi vi skulle vere i kafeen, for der er ein grusom akustikk; eg trudde vi skulle vere i salen. Men det varte berre ein time, og vi trefte mange vi kjende. Solveig var også med. Mange spurde Nils etter båten, det er blitt reine
 "snakkisen " etter at det stod om den i avisa. No kunne vi fortelje at båten er komen til rette, den var ikkje stolen. Han som tok den gjorde det i god tru-han tok berre feil båt. Oppklaringa kjem i avisa på tysdag!
Etterpå reiste vi til Volda og åt kinamat. Vi plar ete lunsj der av og til, men i dag var det middagsmeny, og eg lurte på om vi skulle ta nr.20. "Den har dokke hatt før", sa kinadama  "den er litt sterk, men dokke lika sterkt". Ja, ho hadde rett, som alltid. Ho har god hugs.
No har Nils sett på kaffien, og funne seg fotballkamp. Noko feiring av farsdagen blir det ikkje-men neste helg han Nils bursdag, så vi tek det att då.
Dei tre forfattarane som las. Det er fleire enn dei tre som har skrive i boka.
(Foto: Solveig)

lørdag, november 07, 2015

Dagbok 2015: 7. november

26.  mars 2014. Båten skal på sjøen , med ny motor. I dag fann Nils dette bildet, etter at vi hadde leita gjennom alle bildemappene i går då vi skulle sende bilde til avisa. Dei brukte for øvrig ikkje det vi sende, men fann eit anna på Facebook, og der viser ikkje motoren.

Klokka er no snart 18.30 og det er mørke natta ute. Det har vore små regnbyger i dag, men framleis er det mildt og fint, +11 grader akkurat no.
Alle veit at dataproblem kan stele tid-mykje tid. I dag før middag var heile opningssida eit einaste rot. Ikona var spreidde utover alle verktøylinjer var vekk og startsida ville ikkje kome fram .......osv.osv. Og eg eg veldig uskikka til å "reparere" slikt- Nils er berre enda verre. Men etter ein del prøving og feiling fekk eg alt på plass, noko som eg ser på som eit stort under. For dei som KAN hadde det vore ingenting. Vi har ikkje tatt diskusjonen om kven som rota til frå børjan av. Men føremiddagen var i alle fall gått fløyten.
Så ringde Bodil frå Voldaferja og spurde om vi var heime. Og det var vi jo. Eg rakk å steike ein haug med sveler før dei kom oppom. Vi har alltid så mykje å prate om, vi skal jo innom det meste av slekta og diverse anna. Vi hadde ei koselig stund og fekk oppdatert oss på det meste. Ja, ferdige blir vi no aldri.Det vart ein kjekk ettermiddag, utan forball og nesten utan båtprat.
No skal vi leite fram eitt ella anna salt å ete, kan ikkje leve på berre sveler.
Sidan der er farsdagsaftan i kveld, vil eg ønske alle fedrar ein fin farsdag.
Øystein skal lese i Aasentunet i morgon klokka 14, så då kan det hende vi fer dit, vi får sjå korleis forma er.
7. november 1909 vart far til Nils, Rasmus Martin Elias, fødd i Trovåg i Solund. Så i dag tenkjer vi litt ekstra på han, som døde berre 52 år gammal.



fredag, november 06, 2015

Dagbok 2015: 6.november

Klokka er snart 16.00, temperaturen er + 14 grader C og det er fint, lettskya vêr, sola har vi også sett.
Ikkje uventa dreier det seg mykje om båt her for tida. Nils sit mykje i telefonen og diskuterer med den eine og den andre. Møre-Nytt ringde også, og dei ville ha bilde, så eg måtte leite gjennom alt eg har-utan at eg fann noko som var heilt bra.(Enda så mange bilde eg har tatt i årenes løp.) Saka er at motoren var kjøpt ny i fjor, og den burde vere med. Han som Nils kjøpte motoren med hadde ein båt han ville selje, derfor måtte vi ut i hamna og sjå på den.  Nils vil heller ha same sorten som han hadde, men han kan  ikkje gjere noko før han får klarsignal frå politi og forsikringsselskap.
Eg fekk no støvsuga teppegolva uansett og gjort diverse husarbeid. No driv Nils og lagar middag, det kan no vere greitt å tenkje på litt anna enn den forsvunne båten.

Etter at vi hadde vore på Rjåneset tok vi ein tur innom Plantasjen. Eg berre måtte ha ein ny orkide, for no begynner dei gamle å tape seg. Der var det full jul ! Ja,ja, vi skal bli bra leie av julepynten før jula kjem. Dei hadde ein liten krok med adventspynt også.
Utanfor Amfi var vår kjære pølseseljar på plass og han hadde elg med både blåbær og tyttebær, så vi kjøpte begge deler. Han hadde mykje anna godt også: honning, saft, syltetøy, sylteflesk, fenalår etc.etc. Han kjem att ein gong til før jul og då skal han få lov å stå inne. No skal vi ete salt lange, det blir vel ei stund før vi får fersk fisk igjen. Heldigvis var der verken sneller eller anna fiskeutstyr i båten.
Det er fredag igjen og eg ønsker alle ei veldig god helg.




torsdag, november 05, 2015

Dagbok 2015: 5.november


Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er + 9 grader. Det er overskya og litt regn av og til, men for å vere november må vi vel seie oss fornøgde. No håper eg det ikkje kjem frost før den 14. slik at eg kan pynte med blomkarse slike eg gjorde for nokre år sidan. Det har faktisk vore slik dei siste åra at vi har hatt mykje fint haustvêr. Plommetrea held på lauvet sitt, men noko dett jo ned. Vi rakar ikkje, men ventar til alt har falle av, og så tek vi opp lauvet med grasklippar.
I dag hadde vi planar. Nils skulle ut og fiske, eg skulle skrive referat. Vi kom i sving ganske tidleg, men eg hadde ikkje før sett meg ved datamaskina før Nils ringde og sa at båten var vekk-truleg stolen.
Eg heldt no fram med mitt, mens han tråla heile hamna på leit etter båten, seinare var han til politiet og melde i frå, og i banken for å sjekke forsikringa. Heldigvis har han forsikra båten skikkeleg, og det er ikkje så lenge sidan.
Eg var ferdig å skrive då han kom heim, og hadde også fått vaska bad og kjøkken- støvsuginga får vente. Vi tok ei brødskive og tok ein pause.
Sidan det ikkje blei fersk fisk å få, kom eg på at eg hadde veldig lyst på spekesild. Nils tok bilen ned på Kiwi og kjøpte frosen sild. Den tinte fint mens vi kokte poteter og laga kålstuing. Etterpå åt vi meir enn det som godt var, så eg kjem truleg til å drikke meg i hel. Men det får eg berre tole. Silda var god, og ikkje for salt. Spekesild er ein av dei mange livrettane mine, men vi har det ikkje så ofte no for tida.
No håper vi berre at båten blir funnen, eller så blir det nytt båtkjøp så snart forsikringa er i orden. Heilt greitt det også, men eg unner ikkje tjuvane båten.

onsdag, november 04, 2015

Bok nr.79 og 80 : De usynlige. Hvitt hav


Eg hadde tenkt å lese om att desse to bøkene i samanheng når det gjekk ei stund. Eg begynte på ei anna bok, men greidde ikkje å konsentrere meg om den, så det vart til at eg begynte å lese om att desse to. Det var litt for mykje eg hadde gløymt av den første til at eg fekk fullt utbytte av den andre. No har eg alt på plass og håper det ikkje går for lenge før bok nr.3 er på beddingen. 
Eg må få lov å seie ein ting til: Desse bøkene må lesast i lydbokutgåve.

Dagbok 2015: 4.november.

Klokka er snart 20.30, og det er vel ein time sidan vi kom heim frå pensjonistmøtet. Temperaturen ute har gått ned til + 5 grader C, så det var litt av eit fall !
I dag før middag var vi og handla litt, henta songbøker m.m. på Bakk-Ola og  diverse anna. Klokka 12 møtte vi på Kulturhuset, dekka bord etc.
Det vart ei lita pause før vi reiste ned att ca 15.30. Nils måtte vikariere for kasseraren. Så dei dagane det er møte blir det ikkje tid til så mykje anna.
Vi hadde mykje og tett program i dag, men vi får vel seie at det gjekk bra.
I morgon skal eg skrive referat, for det kom ingen frå Møre-Nytt i dag heller, til tross for at dei hadde fått tips. Synest det er trist at ikkje det vi gamle styrer med kan få litt meir merksemd. Det er greitt nok at vi skriv sjølve, men det hadde vore kjekt om vi fekk ein skikkeleg avisreportasje med bilde av og til.
Etter at eg kom heim har eg sett "Solgt" mens Nils har talt pengar. 
Eg slepp å stresse for å få referatet inn i laurdagsavisa, for fristen er lengre enn før, så det som skal i laurdagsavisa skal vere inne onsdag.
No skal eg slappe av resten av kvelden, har vore mindre sprek i dag enn i går.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...