søndag, november 08, 2015

Dagbok 2015: 8.november


Klokka er 17.15, temperaturen er + 11 grader C. Det har vore overskya og opphaldsvêr i dag.
Eg vakna med voldsom verk i rygg og hofte m.m. så då er det berre å prøve å bevege seg. Det vart til at eg bytta på sengane og moppa over soveromsgolvet. Seinare vaska eg håret i håp om å bli bra nok til å fare bort i Aasentunet der blant andre Øystein skulle lese frå ei bok med korte tekstar av fleire forfatterar, "Steikje te styr" heiter boka. Harald Grytten var der også og las og ein frå Sykkylven som eg ikkje fekk tak i namnet på.Etterpå vart det ein diskusjon om "Sunnmøringen".
Eg var litt skuffa fordi vi skulle vere i kafeen, for der er ein grusom akustikk; eg trudde vi skulle vere i salen. Men det varte berre ein time, og vi trefte mange vi kjende. Solveig var også med. Mange spurde Nils etter båten, det er blitt reine
 "snakkisen " etter at det stod om den i avisa. No kunne vi fortelje at båten er komen til rette, den var ikkje stolen. Han som tok den gjorde det i god tru-han tok berre feil båt. Oppklaringa kjem i avisa på tysdag!
Etterpå reiste vi til Volda og åt kinamat. Vi plar ete lunsj der av og til, men i dag var det middagsmeny, og eg lurte på om vi skulle ta nr.20. "Den har dokke hatt før", sa kinadama  "den er litt sterk, men dokke lika sterkt". Ja, ho hadde rett, som alltid. Ho har god hugs.
No har Nils sett på kaffien, og funne seg fotballkamp. Noko feiring av farsdagen blir det ikkje-men neste helg han Nils bursdag, så vi tek det att då.
Dei tre forfattarane som las. Det er fleire enn dei tre som har skrive i boka.
(Foto: Solveig)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...