lørdag, november 07, 2015

Dagbok 2015: 7. november

26.  mars 2014. Båten skal på sjøen , med ny motor. I dag fann Nils dette bildet, etter at vi hadde leita gjennom alle bildemappene i går då vi skulle sende bilde til avisa. Dei brukte for øvrig ikkje det vi sende, men fann eit anna på Facebook, og der viser ikkje motoren.

Klokka er no snart 18.30 og det er mørke natta ute. Det har vore små regnbyger i dag, men framleis er det mildt og fint, +11 grader akkurat no.
Alle veit at dataproblem kan stele tid-mykje tid. I dag før middag var heile opningssida eit einaste rot. Ikona var spreidde utover alle verktøylinjer var vekk og startsida ville ikkje kome fram .......osv.osv. Og eg eg veldig uskikka til å "reparere" slikt- Nils er berre enda verre. Men etter ein del prøving og feiling fekk eg alt på plass, noko som eg ser på som eit stort under. For dei som KAN hadde det vore ingenting. Vi har ikkje tatt diskusjonen om kven som rota til frå børjan av. Men føremiddagen var i alle fall gått fløyten.
Så ringde Bodil frå Voldaferja og spurde om vi var heime. Og det var vi jo. Eg rakk å steike ein haug med sveler før dei kom oppom. Vi har alltid så mykje å prate om, vi skal jo innom det meste av slekta og diverse anna. Vi hadde ei koselig stund og fekk oppdatert oss på det meste. Ja, ferdige blir vi no aldri.Det vart ein kjekk ettermiddag, utan forball og nesten utan båtprat.
No skal vi leite fram eitt ella anna salt å ete, kan ikkje leve på berre sveler.
Sidan der er farsdagsaftan i kveld, vil eg ønske alle fedrar ein fin farsdag.
Øystein skal lese i Aasentunet i morgon klokka 14, så då kan det hende vi fer dit, vi får sjå korleis forma er.
7. november 1909 vart far til Nils, Rasmus Martin Elias, fødd i Trovåg i Solund. Så i dag tenkjer vi litt ekstra på han, som døde berre 52 år gammal.



1 kommentar:

Hildegard sa...

Takk for ei koseleg kaffistund i Starevegen. Godt å høyre at båten er komen til rette, litt av ei historie... Fint bilde av far til Nils, ser likheit med fleire av barnebarna dykkar.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...