torsdag, november 05, 2015

Dagbok 2015: 5.november


Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er + 9 grader. Det er overskya og litt regn av og til, men for å vere november må vi vel seie oss fornøgde. No håper eg det ikkje kjem frost før den 14. slik at eg kan pynte med blomkarse slike eg gjorde for nokre år sidan. Det har faktisk vore slik dei siste åra at vi har hatt mykje fint haustvêr. Plommetrea held på lauvet sitt, men noko dett jo ned. Vi rakar ikkje, men ventar til alt har falle av, og så tek vi opp lauvet med grasklippar.
I dag hadde vi planar. Nils skulle ut og fiske, eg skulle skrive referat. Vi kom i sving ganske tidleg, men eg hadde ikkje før sett meg ved datamaskina før Nils ringde og sa at båten var vekk-truleg stolen.
Eg heldt no fram med mitt, mens han tråla heile hamna på leit etter båten, seinare var han til politiet og melde i frå, og i banken for å sjekke forsikringa. Heldigvis har han forsikra båten skikkeleg, og det er ikkje så lenge sidan.
Eg var ferdig å skrive då han kom heim, og hadde også fått vaska bad og kjøkken- støvsuginga får vente. Vi tok ei brødskive og tok ein pause.
Sidan det ikkje blei fersk fisk å få, kom eg på at eg hadde veldig lyst på spekesild. Nils tok bilen ned på Kiwi og kjøpte frosen sild. Den tinte fint mens vi kokte poteter og laga kålstuing. Etterpå åt vi meir enn det som godt var, så eg kjem truleg til å drikke meg i hel. Men det får eg berre tole. Silda var god, og ikkje for salt. Spekesild er ein av dei mange livrettane mine, men vi har det ikkje så ofte no for tida.
No håper vi berre at båten blir funnen, eller så blir det nytt båtkjøp så snart forsikringa er i orden. Heilt greitt det også, men eg unner ikkje tjuvane båten.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...