søndag, september 21, 2025

Dagbok 2025: 21. september


Klokka er no 17.34, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar.Det regnar så det sprutar frå takrenna på garasjen. Eg går ikkje ut i dette veret, men held meg inne med strikketøy og TV. Når eg ikkje bryr meg om å sjå sport, gjekk eg over til "Søren Vesters hage" og drøymde meg heilt bort i planer for eigen hage. Eg har funne ut at det eg treng mest er ei gravemaskin som kan lage eit stort hol i plenen ein stad slik at eg kan få bort kompostkassa.  Så lenge det regnar må eg berre halde meg vekke frå hagen.  Men det var veldig kjekt å sjå hagane på TV-særleg dei engelske.

Men sidan eg ikkje fekk jobbe ute i dag, laga eg meg skikkeleg middag med brun saus og kjøpe-kjøttkaker. Til dessert var det is og kaffi. Så eg har no kosa meg litt i griseveret. Skulle gjerne hatt ein tur på Vernet, men det er for vått. Det er ikkje berre hagar eg er interessert i , men eg ser på alt som veks og gror, og eg har fleire gonger sagt og tenkt at naturfag skulle hatt større plass i skulen. Margrete snakka i går om at dei har øydelagt "Holmane" som ligg ved Velle skule. Dit gjekk vi og hadde undervisning den tida eg jobba der og barna mine var elevar. Barna som går på skule her på Vallabøen får ofte gå ut og opp i skogen for å lære noko der. Naturen er mykje viktigare enn  mange andre ting ein lærer i skulen. Kven var det som ein gong i gamle dagar meinte at vi skulle "Tilbake til naturen?" Det var Rousseau.


Eg hadde nesten gløymt at Marit og eg skal på kino i morgon førmiddag.
Det er"Downton Abbey". 



lørdag, september 20, 2025

Dagbok 2025:11.september.


 KLokka er no 20.10, temperaturen ute er + 11 grader og det har vore overskya for det meste i dag; eg har vore lite ute, men det har visst regna litt. Eg var relativt tidleg oppe i dag også, etter frokost sette eg meg til å strikke og sjå TV, det var eit kjekt program på NRK 2. 

Eg hadde ikkje telefonen med meg men då eg seinare gjekk inn på datarommet låg den og ringde. Det var Margrete som var på veg til Ørsta for å kjøpe ein koffert som ho trong når ho og døtrene skal til Paris i haustferien. Ho kom hit først slik at eg fekk vere med og handle i Furene. Det einaste eg kjøpte var ein blomst på Plantasjen. Eg trur blomsten heiter Alpefiol, og den er på alle butikkar for tida, men den var billegare og finare på Plantasjen, eg angrar på at eg ikkje kjøpte to .              Etterpå kjørte vi til Volda og åt middag på Marias. Det var ein stor porsjon og maten var god, litt brus vart det også. Etterpå køyrde vi heim hit og åt litt is med kaffi til. Det er så kjekt med slike dagar når ein får vere i lag ned ei dotter eller ein son og finne på noko. Seinare etter at Margrete hadde reist igjen, var eg ein tur opp til Marit.

Eg fann fram lestelageret mitt i dag, eg hadde gløymt at eg hadde så mange ferdige lestepar, og i dag kjøpte eg meir garn i Volda, ei ny sort tynt ullgarn som passar til lester som ein kan bruke i (fine) sko.Eg kan ikkje sjå TV utan å strikke, det blir liksom heilt feil.

                                                                  Lager av lester

fredag, september 19, 2025

Dagbok 2025: 19.september


Klokka er no 20 om tre minutt, og slik er utsikta frå altanen no, dvs. det er litt mørkare enn på bildet.

Temperaturen ute er ca +11 grader , og det har regna ein del i dag. Derfor har eg ikkje vore ute.

På føremiddagen dreiv eg å vaska og rydda litt, men ikkje det heilt store. I 14 -tida køyrde eg ned til VIK for no måtte eg ha garn. Dei garnrestane eg enno har var av så dårleg kvalitet at eg ville ikkje bruke energien min på dei. Eg parkerte ved ALTI slik eg brukar og gjekk opp i gata til den nyopna garnbutikken. Den er i samme lokalet som den gamle var, men litt annleis inne. Der var mykje garn og god orden, så då eg sa at eg skulle ha garn til lestar var det berre å velje i to av hyllene.

Eg var så vidt innom ALTI, og der såg eg den nye blomsterbutikken som er nettopp flytta inn. Der var veldig mykje blomster og alle kosta noko med -99 199, 299 etc. etc. Det var fine blomster, men eg kjøpte ikkje noko i dag.

På heimvegen fann eg ut at eg ville køyre ein tur fram i Nupen og forbi der vi budde ein gong. Eg er ikkje fram der ofte, men Rasmus og eg var der i fjor sommar. Det var lenger enn eg trudde, og vegen var smal somme stader, men det gjekk fint, og der er snuplass når vi kjem fram.

Då eg kom heim åt eg "middag" før eg sette meg til å strikke. Eg hadde avtalt med Marit at eg skulle komme opp til henne når det leid på. og slik vart det. Eg var der ei stund så vi fekk prate litt, men gjekk heim att til nyheitene.  Då eg gjekk heim fekk eg med meg ein pose med bollar som Marit hadde laga i dag. Det vart god kveldsmat.









 

torsdag, september 18, 2025

Dagbok 2025:18.september

 

                 Denne blomsten fekk eg av Solveig i går. Den er veldig fin

Klokka er no16.10, temperaturen ute er + 11grader, det er overskya men opplett no. Det er vel litt tidleg å oppsummere dagen, men skjer det noko meir , kan eg legge det til seinare-.

Eg har løyst "mysteriet" med varmepumpa. Det er ikkje sikkert det var eg som hadde sett den på kjøling, eg trur den har stått der sidan i sommar. Det har ikkje vore varmt om morgonane i heile denne tida, men eg har ikkje brydd meg om det for dagane har vore bra milde, og om føremiddagane brukar eg ikkje å sitte i ro. PÅ ettermiddagane og kveldane har eg tatt fram ein eller annan laus omn fordi eg har syntest at varmepumpa ikkje varma noko særleg. Men eg kom ikkje på at den kunne vere stil på KJØLING. No er alt greit-

Eg sov godt sist natt heilt til 7.30 i dag, Marit og eg var på KIWI og handla, for i dag var det ikkje trening. Elles har eg ikkje gjort meir enn det høgst nødvendige; eg lurte på å gå ein tur på Vernet,men trur ikkje det blir noko av.

Før i tida las eg mykje , mange bøker, og no har eg ikkje lese ei bok på 2 år, trur eg. Men i dag fann eg ei lita tynn bok som eg begynte på, og truleg kjem til å lese ferdig. Før las eg mengdevis av lydbøker, men så vart lydbøkene lagt på telefonen, og det likar eg ikkje, likte betre å ha plater på "platespelar". Når ein les lydbøker kan ein strikke på samme tid, men den boka eg les no, er på papir. Eg håper eg blir glad i å lese bøker igjen uansett.

Denne dagen har gått veldig fort unna utan at det har hendt så mykje.


onsdag, september 17, 2025

Dagbok 2025: 17.september


 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er+ 12  grader og no skin sola. Tidlegare i dag har det vore overskya og litt regn.

I dag tidleg då eg stod opp var det så kaldt på stova at eg måtte hente inn ved og kveike opp i omnen, for varmepumpa gjorde ikkje jobben sin. Derfor sende eg bod på han som brukar å hjelpe meg, elektrikaren. Han kom ikkje før det leid på ettermiddagen, og saka var enkel, ein eller annan, truleg eg sjølv , hadde sett pumpa på kjøling. Eg har det med å sitte å fikle med ting eg ikkje har greie på.

I dag venta eg Solveig, ho skulle hjelpe meg med diverse. Det er alltid kjekt å få besøk av "barna". Ho hjelpte meg med  nokre papir og betalingar  og styr og så åt vi ei slags suppe som eg hadde laga før ho kom. Og som vanleg er når det gjeld Solveig så hadde ho med ein potteplante til mor. Så no har eg tre nye fine plantar.

I går klipte eg plen, dvs skråninga, utan å bli låk i foten og eg hadde vore på trening først. Så derfor tenkte eg at eg kunne gå ein tur på Vernet i dag, og så gjorde eg det, og det var godt å komme seg ut litt. Eg gjekk "feil" veg i dag, derfor er bilda ikkje akkurat som vanleg. Trefte ingen å prate med i dag. I morgon skal vi ikkje ha trening for ho som trenar oss skulle noko anna. Men eg har avtalt med Marit at vi skal fare å handle i lag.


Då eg kom til brua såg eg ein stor gul bil, ikkje ein vanleg bil men ein med mange "maskiner" eller kva eg skal kalle det. Eg har heile tida hatt lyst til at dei tok bort skog, slik at ein kunne sjå fjorden her. Men det er vel noko anna som skal skje.

SÅ er eg på slutten av runda mi og der står det fine plantar i ei stor "skål".Trur det er parkvesenet som lagar den til. Det er mange som går tur der oppe, kanskje mest i helgane, og det er ein kjekk møteplass som er blitt populær i heile Ørsta og vel så det. Her er det utsikt til Mosmarka.

tirsdag, september 16, 2025

Dagbok 2025: 16.september


 Klokka er no 20.13, temperaturen ute er + 13 grader C og det har vore opplett i dag, men ikkje sol.

I dag var det trening, som vanleg om tysdagane. Etter treninga handla eg mat på KIWI, som vanleg. Då eg kom heim tok eg på meg arbeidsklede og gjekk ut og klipte resten av Skråninga. Det vart mykje "gras", to sekkar som vart nesten fulle, men der var sikkert like mykje mose som gras. Det er ikkje fint med det samme ein har klipt, men det kjem seg etter kvart.

Etter at eg hadde klipt og vaska klipparen, vart det ikkje gjort noko meir i dag. Eg har berre sete med datamaskina, strikka etc. No blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden. Eg angrar litt på at eg ikkje gjekk ein tur, for foten min er rimeleg bra.

Eg syntest ikkje at varmepumpa varma så mykje i kveld, så eg fyrte litt i omnen-det er den beste varmen!



mandag, september 15, 2025

Dagbok 2025: 18.september




 Klokka er no18.20, temperaturen ute er + 13 grader og det har stort sett vore overskya i dag-trur eg-og ikkje regn, men gata var våt då eg stod opp i dagmorgon.

I går hadde eg ein lat dag, og det likar eg ikkje, så i dag la eg opp til arbeidsdag. Noko av det første eg gjorde var å sjekke om betalinga mi til Koppen hadde gått igjennom og det hadde den. Så no er eg vel skuldfri på alle kantar.

Det første eg gjorde i dag var å ta sengetøyet mitt på vask, hive ut teppa på golvet i soverommet og så vaska eg golvet. Etterpå tok eg  datarommet og tok fram skrivebordet og fekk vaska under, der var litt rusk igjen frå vidu-skiftinga. Eg hadde tenkt å  ha med meg Erlend i fall det var tull med alle ledningane, men det gjekk heilt fint. 

Eg hadde sjølvsagt sett på vaskemaskina og trommelen etterpå.

Etter at eg hadde ete litt gjekk eg ut og begynte å klippe litt plen. Klipte oppe ved postboksane, før eg tok indste delen av Skråninga. Meir orka eg ikkje i dag. Marit sat ute på platten så eg var opp og prata litt med henne. No har eg tatt kvelden, dvs. ikkje meir jobbing, berre strikketøy. I morgon skal eg på trening.

Her ser vi dei to plantane som eg har kjøpt i seinare tid. Det ser ut til at dei kan trivast her-


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...