KLokka er no 20.10, temperaturen ute er + 11 grader og det har vore overskya for det meste i dag; eg har vore lite ute, men det har visst regna litt. Eg var relativt tidleg oppe i dag også, etter frokost sette eg meg til å strikke og sjå TV, det var eit kjekt program på NRK 2.
Eg hadde ikkje telefonen med meg men då eg seinare gjekk inn på datarommet låg den og ringde. Det var Margrete som var på veg til Ørsta for å kjøpe ein koffert som ho trong når ho og døtrene skal til Paris i haustferien. Ho kom hit først slik at eg fekk vere med og handle i Furene. Det einaste eg kjøpte var ein blomst på Plantasjen. Eg trur blomsten heiter Alpefiol, og den er på alle butikkar for tida, men den var billegare og finare på Plantasjen, eg angrar på at eg ikkje kjøpte to . Etterpå kjørte vi til Volda og åt middag på Marias. Det var ein stor porsjon og maten var god, litt brus vart det også. Etterpå køyrde vi heim hit og åt litt is med kaffi til. Det er så kjekt med slike dagar når ein får vere i lag ned ei dotter eller ein son og finne på noko. Seinare etter at Margrete hadde reist igjen, var eg ein tur opp til Marit.
Eg fann fram lestelageret mitt i dag, eg hadde gløymt at eg hadde så mange ferdige lestepar, og i dag kjøpte eg meir garn i Volda, ei ny sort tynt ullgarn som passar til lester som ein kan bruke i (fine) sko.Eg kan ikkje sjå TV utan å strikke, det blir liksom heilt feil.
Lager av lester

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar