Klokka er no 17.34, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar.Det regnar så det sprutar frå takrenna på garasjen. Eg går ikkje ut i dette veret, men held meg inne med strikketøy og TV. Når eg ikkje bryr meg om å sjå sport, gjekk eg over til "Søren Vesters hage" og drøymde meg heilt bort i planer for eigen hage. Eg har funne ut at det eg treng mest er ei gravemaskin som kan lage eit stort hol i plenen ein stad slik at eg kan få bort kompostkassa. Så lenge det regnar må eg berre halde meg vekke frå hagen. Men det var veldig kjekt å sjå hagane på TV-særleg dei engelske.
Men sidan eg ikkje fekk jobbe ute i dag, laga eg meg skikkeleg middag med brun saus og kjøpe-kjøttkaker. Til dessert var det is og kaffi. Så eg har no kosa meg litt i griseveret. Skulle gjerne hatt ein tur på Vernet, men det er for vått. Det er ikkje berre hagar eg er interessert i , men eg ser på alt som veks og gror, og eg har fleire gonger sagt og tenkt at naturfag skulle hatt større plass i skulen. Margrete snakka i går om at dei har øydelagt "Holmane" som ligg ved Velle skule. Dit gjekk vi og hadde undervisning den tida eg jobba der og barna mine var elevar. Barna som går på skule her på Vallabøen får ofte gå ut og opp i skogen for å lære noko der. Naturen er mykje viktigare enn mange andre ting ein lærer i skulen. Kven var det som ein gong i gamle dagar meinte at vi skulle "Tilbake til naturen?" Det var Rousseau.
Eg hadde nesten gløymt at Marit og eg skal på kino i morgon førmiddag.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar