I dag hadde Marit eg bestemt oss for å gå på kino, ho brukar å gå av og til, eg er ikkje så ivrig- men i dag ville eg gå og sjå siste filmen om Downton Abbey, eg har sett filmar før, og eg har sett på TV.
Eg skulle køyre og eg rekna med at der var mykje folk i dag, så det kunne bli vanskeleg å parkere. Og der tok eg ikkje feil, eg sette av Marit og så begynte eg å leite etter parkerinsplass. Det var ikkje enkelt, eg har ofte køyrt på oppsida av huset og parkert der. Men i dag var der også stappfullt, så vi måtte komme oss derifrå. Eg såg at det vart vanskeleg å finne noko, så eg køyrde like godt ned til Spar og parkerte der. Mange andre gjorde det samme.
Så var det litt kaffi og kaker og prat før vi sette oss inn i salen. Der var det kaldt og eg fraus gjennom heile filmen. I tllegg var det høg lyd så eg fekk auka tinnitus. Med andre ord vart det ikkje så kjekt. Det gjekk også opp for meg at det var lenge sidan sist eg hadde sett Downton så eg hugsa ikkje verken folka eller hendingane som hadde vore før. Eg var glad då filmen var slutt og eg fekk hente bilen-og Marit og køyre heim.
Då var eg svolten som ein ulv for eg hadde ete tidleg frolkost og klokka gjekk mot 5(17) Heldigvis hadde eg kjøttkaker i brun saus+ poteter frå i går,så no har eg bunkra opp.
Før eg for nedover i dag sat eg og strikka; eg begynte på herrelestar av tynt garn-som eg kjøpte i Volda laurdag. Det var godt å strikke og eg trur det skal bli bra.
I morgon er det trening, og onsdag i neste veke begynner spansk-kurset. Eg har meldt at eg ikkje blir med lenger, men det vil Eli at eg skal. Eg får sjå kva det blir til- det er no kjekt å ha noko å gå til anna enn trening. Det er no eitt og anna som skal gjerast heime før jul, men eg har utsett vask av taket i stova til våren når det ikkje blir så mykje fyring.
No blir det TV og strikk resten av ddagen trur eg. Og kanskje litt kaffi ?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar