mandag, mai 13, 2024

Dagbok 2024: 13.mai

Det var eigentleg ikkje dette bilde eg skulle ha i dag, det liknar veldig på det eg hadde i går,men litt har det skjedd. Eg har til dømes klipt litt meir med kantklipparen , så no har eg ikkje sen igjen. På dette3 bildet er også naboane med , dei jobbar i hagen begge to, så der går det unna.

Det er + 23 grader ute, sol og fint, vi kan ikkje betre ha det. 

I dag starta eg dagen med å køyre fram på EIK-senteret, for å spørje om kva tid eg skulle få det nye batteriet til klipparen. Eg skulle få det til 17.mai var svaret, og han lova å ikkje berre ringe, men sende melding. Det hadde vore kjekt å få bort graset før den 17. Ikkje det at eg bryr meg om det, men eg likar no å ha orden rundt meg. Plenen ovafor garasjen har Gudmund alt klipt ein gong, men vil klippe det ein gong til før den 17. Det har eg gitt han lov tll.

Då eg kom heim att tok eg ein tur på Vernet, og i dag var eg der ikkje åleine. Tre relativt unge menn sprang fleire rundar med barnevogner. Dei kunne ikkje springe på sjølve Vernet, men tok vegen nedanfor. Skal tru om ungane sov eller var vakne?

I dag laga eg meg skikkelig middag tidleg. Det vart pølser og potetstappe. Eg kan ikkje forstå at folk kjøper "potetstappe-pulver"-det går no like fort å lage frå grunnen, når det er små porsjonar i alle fall.

Etter middag har eg prøvd å få gjort litt ute, men det går ikkje fort fordi eg må kvile ryggen heile tida.Her har vore fleire naboar og tilbode hjelp, men eg vil helst styre på sjølv. Å klippe plen med klippar greier eg heilt fint sjølv, for då går eg oppreist. Det vart slutt på sen og då rydda eg bed og vatna etterpå.

I morgon er det trening igjen, dagane og vekene går så altfor fort for meg-


søndag, mai 12, 2024

Dagbok 2024:12.mai


 Klokka er no 18.45, temperaturen ute er ca 20 grader C, det er delvis skya og sol.

Eg trudde det var heller kjølig på føremiddagen då eg tok ein tur på Vernet, så eg hadde på meg både genser og ytterjakka. Sjølv om det var tidleg på dag, vart det varmt NOK. Eg sat ei stund på altanen med Marit før eg gjekk ned og laga meg middag.  Måtte ha ei stung i godstolen etterpå, så då var mykje av dagen briukt opp.

Men litt må eg no ha å pusle med , så eg gjekk ut og tok opp ein 2-3 bøtter med løvetannrøter. Men ver sikker! I morgon er der kome ein ny hær av slike frekke gule og då er det på han igjen. Men det første eg må gjere i morgon er å køyre fram på Mosflata og høyre om det nye batteriet mitt er der. 

Som de ser på bildet har eg klipt litt på plenen med kantklippar, det blir ikkje så fint.Eg håper veret held seg nokonlunde fint fram til 17. mai. Desse maidagane har ein tendens til å fare fort forbi. Eg likar å jobbe i hagen, berre eg slepp å bøye ryggen for mykje.

No har eg tatt kvelden, må vel finne meg eit nytt "spøt", eg må ha noko på hendene når eg ser TV.

lørdag, mai 11, 2024

Dagbok 2024: 11.mai


Klokka er no 16.48,temperaturen ute er + 16 grader, det er overskya men ikkje nemnverdig dråper frå himmelen.

I dag hadde eg tenkt å køyre fram på Mosflata og spørje etter batteriet mitt. Men det vart ikkje noko av, for brått kom Solveig og Øystein køyrande. Og Øystein var klar for å male endeveggen på huset  mitt. Einar fekk så vidt begynt i fjor, før hausten kom. No fullførte Øystein nedste delen, men ein lyt ha litt meir utstyr når ein skal opp i høgda. Eg likar ikkje å gå høgt opp sjølv, og eg likar ikkje å sjå andre gjere det. Men no er eg veldig fornøgd med det som er gjort -så langt.

Sidan dei kom så overraskande hadde Solveig tatt med seg gode heimelaga rundstykke og syltetøy som ho hadde laga sjølv av rabarbra og jordbær, krydra med gurkemeie . Veldig godt. Det vart til at eg utsette turen til EIK-senteret, men måndag berre må eg fram.

Øystein sette sen i  kantklipparen, så eg fekk tatt bort litt av graset på plenen. Ein av naboane kom og lurte på om eg ville at han skulle kloppe plenen min, men det takka eg nei til, Eg har det med å ville gjere det meste SJØLV, men somme gonger må ein no ta imot hjelp.

Eg strikka ferdig lesteparet som eg heldt på med, så Solveig fekk dei med seg heim.

Det blir sikkert ein dramatisk kveld på TV, med MGP. Når eg tenkjer på kor koselig det programmet var FØR, synest eg det er trist at det er så annleis no. Kanskje blir det siste gong -kven veit?
 Håper berre at det går rimeleg fredeleg for seg.

Skulle ønske freden senka seg over heile kloden.

fredag, mai 10, 2024

Dagbok 2024: 10. mai

 

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 14 grader, så eg syntest det var litt kjølig inne, så eg fyrte litt i omnen, etter kvart greier varmepumpa å halde på varmen. I dag morgon var det sol, men den vart borte så no er det overskya, men opplett. 
Bildet over tok eg nettopp, Der står epletreet vårt nedst i hagen og skal snart blomstre for fullt. Etter blomstringa har eg tenkt at ein av gutane i familien kan få lov å saga av alle greinene på midten. Eg er ikkje interessert i epla, men blomstringa vil eg ha.
Som de ser har eg enno ikkje fått klipt plen, så viss eg ikkje høyrer noko frå EIK i morgon, køyrer eg fram og snakkar med dei.Dei er veldig greie der framme, så det går bra.

I dag tok eg fredagsvasken + diverse ryddeprosjekt før eg tok ein runde på Vernet. Ei stund etterpå køyrde eg til Vik med Marit og meg, og så handla vi på KIWI på heimvegen. I dag fekk eg endeleg kjøpt grøn JAM så no kan ar lage sylte- tøy av plommer som eg har i frysaren, nokre er knapt årsgamle, andre nærmar set 3-årsalderen. Men dei står seg godt i frysaren. 
I morgon er det den store MGP- og då skal Marit komme ned og sjå i lag med meg. Eg forstår meg ikkje på MGP lenger, det er for mykje ståk og støy, songen er ikkje lenger så fokusert.




torsdag, mai 09, 2024

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag


 

Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra fridagen skulle bli. På føremiddagen sat eg og jobba litt med spansken, som vanleg og så strikka eg og såg TV-. Eg fyrte litt i omnen , for eg syntest det var litt hustre. Eg utsette trimturen min i håp om betre ver når det leid på.

I dag laga eg kylling og ris til middag, og til dessert vart det kaffi og sjokolade,. Eg sovna med hovudet på kjøkkenbordet då eg skulle prøve meg på ein sudoku, så eg gjekk inn og sette meg i godstolen, og sovna der også. Det må vere veret. No ser det faktisk ut til at det kan klarne opp litt, og då skal eg gå tur. Men eg må vente til telefonen min er opplada. Sjå der! No vart det nesten fint ute, så det er berre å sko seg til tur.

KL 18.24: Ja, det blei tur på Vernet i dag også, det regna ikkje no, men det bles litt.Det var friskt og fint å vere ute. Men telefonen låg att heime. Eg trefte naboane der oppe også. På dette bilde kan de så vidt sjå tulipanane oppe ved garasjen. Eg kan ikkje hugse at eg har planta tulipanløk, men det kan no hende viss eg har fått ei sammenplanting ein gong. Det poppar i alle fall opp tulipanar både her og der, og det er ikkje meg imot Buskene som eg planta i garasjebeddet er neste usynlege på bildet, men dei var så store at eg klipte dei ganske kraftig. Det er litt farleg å sleppe meg til med saks i hagen, det har lett for å bli litt mykje.




Nede ved den gamle kompostbilgen står trillebåra. Eg fekk lasta opp eit lass i går med rein kompostmold og køyde det bort der som Thujaen stod. Eg må prøve å få litt orden og så gras om ikkje anna. Det er mykje å gjere viss ein vil ha ein fin hage, men eg legg lista lågt-eg er åleine og eg er gammal, så eg kan ikkje få alt til slik eg har lyst. Men eg ser veldig fram  til å få klippe plenen, for no har eg tatt opp alle løvetannrøtene , trur eg. Eg likar å styre på i hagen, berre veret er nokonlunde.

I morgon er det fredag igjen og ei ny helg i kjømda. Desse vårmånadane går så altfor fort.


onsdag, mai 08, 2024

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar

 Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i dag, men såpass varmt at Marit og eg kunne sitte på benken ei stund.

I dag skulle eg til frisør klokka 11.30, så det var ikkje vits i å begynne på noko arbeid før den tid. Eg jobba litt med spansken etc.

Eg fekk ikkje klipt håret så kort, eg sa at ho skulle klippe tuppane og det gjorde ho-, så det var greitt. Då eg såg flagga rundt omkring her i dag morgon forstod eg at det var freden vi feira, så eg skunda meg å få ut flagget mitt også. Men frisørdama hadde ei anna overrasking til meg: Kristi himmelfartsdag i morgon, det hadde eg ikkje  oppdaga.(Kalenderen min har små bokstavar) Då vert det ikkje trening i morgon- Fridagar er alltid velkomne og neste helg -, det har eg fått med meg, er det både 17.mai og pinse.

Då eg var ferdig hos frisørdama, køyrde eg beint heim og gjekk tur på Vernet med det samme. Det vart ein lang tur med tanke på tida, for eg sat på alle benkar og slappa av . Den einaste eg trefte i dag, som eg kjende, var venninna mi frå Bhutan. Ho går ofte tur lenger oppover i skogen.

Då eg kom heim sat Marit på BENKEN og så sat vi der ei god stund, så eg fekk høyre frå Spania-turen. Og så hadde Marit kjøpt med sjokolade til meg fordi eg "passar" Lollo. Eg er blitt veldig glad i sjokolade i seinare tid og det har eg betrudd Marit. Så no ligg sjokoladen og fristar meg når eg skal ha ein kaffiskvett.

Eg trur ikkje eg får gjort noko i hagen i dag, eg har enno ikkje fått batteriet til klipparen. Eg får ta ein tir fram på Mosflata over helga viss eg ikkje høyrer noko.

Men eg kan no frakte graset eg klipte ned i bingen om ikkje anna. No har eg trillebåra og kan køyre meir mold bort dit somThujahekken var.Men eg vil ikkje grise meg til i dag når det er helg i morgon.

Viss nokon vil besøke meg har eg gulrotkake, is og kaffi.



tirsdag, mai 07, 2024





 
Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Marit skal kome heim att i dag. Ho gjekk glipp av dei fine dagane her, men det var no fint i Spania også- 

I dag slo eg av vekkarklokka to gonger, før eg forstod at eg skulle stå opp, for i dag var det trening. Det gjekk heilt bra , som forventa. Etter treninga for eg bort i Gågata for å bestille frisørtime før 17. mai. Eg brukar som regel å somle slik at eg blir for sein, men no skal eg dit i morgon. Ei "gammal" venninne sat og venta på tur, så vi fekk ein hyggeleg prat før det vart hennar tur. 

Alltid når eg køyrer opp Mosvegen, tenkjer eg på grava og i dag hadde eg tenk å sjå bortom, men først skulle eg handle på KIWI, dei har blomster også, så eg ville sjå pm der var noko brukbart. Eg hadde ikkje tatt med verken spade eller saks slik eg brukar å ta med, men det var no greitt å køyre heimom også. 

Det vart til at eg kjøpte ein plante som skulle avløyse kransen som har lege der sidan jul, og var like fin enno. I staden for å køyre heim etter reiskapar, for eg ned på gravplassen, for eg hadde ein plan. Ikkje langt frå gravplassen driv dei og tek ut skog titt og ofte. Eg gjekk bort der som dei held til med saging etc. og der fann eg det eg leita etter-eit stykke tre som gjekk an å grave med. Så eg fekk planta blomsten på ein måte. Seinare skal eg sjå om eg kan finne ei lita fin rosebuske i staden. 

Eg strevar enno med å få bilda på rett plass slik at eg får dei ut når eg vil. Bildet av grava ligg på Trovågarane -sida.

Då eg kom heim laga eg meg litt mat, men eg vart sittande lenge ved bordet, fordi eg tok fram att SUDOKUEN som eg begynte på i går kveld, og ikkje vart ferdig med. Eg gav ikkje opp i dag, og etter eit par timar var eg ferdig. Eg må trene hovudet også ikkje berre armar og bein.

Marit skulle komme heim i dag, men eg har ikkje sett henne enno. Katten har kome ned til meg fleire gonger, slik han (ho) gjer når Marit er vekke.

I dag har eg altså ikkje fått gjort noko i huset til denne tid, og i morgon blir det frisør, så går den dagen......... Det var synd at eg ikkje fekk halde på ute i dag også for der er mykje å gjere, men det kjem vel dagar etter desse.

I år blir det reine pinseferien -med 17.mai og pinse på ein gong. Det kan vi sjå fram til. I sommar skal vi ha pensjonisttur til Astrup-tunet, og dit vil eg vere med. Vi har køyrt 100 gonger ned Jølster, men ikkje på Astrupsida. Eg har to maleri som Svein har laga -dvs. kopiert Astrup, og eg er like glad i dei bilda som eg hadde vore i dei ekte.




Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...