tirsdag, juni 06, 2023

Dagbok 2023: 6.juni

Klokka er no18.38, temperaturen ute er + 11grader og sola skin. Det gjorde ho ikkje før langt på dag, det var overskya og skodde det meste av dagen.

Sidan det ikkje var trening i dag, måtte eg nytte dagen til å gjere noko nyttig inne i huset. Eg fekk støvsuga og støvtørka i stova, ikkje berre sånn vanleg, men eg hadde fram både sofaer, bord og stolar, berre TV- bordet fekk stå i ro. Etterpå bevilga eg med ein kjempebra spekesildmiddag, og så vart det å drikke og drikke ei god stund. Eg fekk i alle fall lest avisa før eg lasta bilen full av hageavfall, seks store svarte sekkar, og køyrde bort på VØR med dei. Mens eg var der kom det to andre eldre damer i samme ærend.

Og så snart eg var heime att gjekk eg ein runde på Vernet,mens eg hadde litt energi igjen.

Trappa som de ser på bildet er i øvste enden av Vernet, den har 43 steintrinn, som eg prøver å gå  utan å kvile -det skal vere bra for blodtrykket.

Nokre av dei som bur øvst i Storebakken set bilane sine her.

Det var noko kluss med Marit sin bil, derfor køyrde ho ikkje på Plantasjen i dag, men det blir kanskje ein tur i morgon.

Det vart ein nydeleg kveld etter ein grå dag.

                                 I Mosmarka har dei finaste kveldsola

I dag fyller barnebarnet Olaug Marie 26år.Ho bur i Bergen i lag med sambuaren og jobbar som tannlege. Eg har dessverre ikkje noko godt bilde å legge inn, men kanskje andre har lagt inn på FB.

Gratuler med dagen, Olaug !


 g!

mandag, juni 05, 2023

Dagbok 2023; 5.juni


 Klokka er no 18.19, temperaturen ute er + 14grader C, ikkje akkurat sommartemperatur. Eg trudde sola skulle komme fram utpå dagen, men ho er ikkje komen enno-og no kan det vere det samme, for no er eg innom hus.

I dag skulle både Marit og eg ta blodprøve så då for vi i lag nedpå Legesenteret og fekk det gjort. Vi handla litt på KIWI på heimvegen. Det er alltid noko lite ein skal ha, men så blir det litt meir. Eg gjekk ein runde på Vernet, så var det gjort

Då eg kom heim varma eg opp graut frå laurdag, så det vart middagen i dag. Eg slappa av litt etterpå før eg gjekk ut i hagen for å jobbe. Laurdag jobba eg i tre timar, så eg bestemte meg for å gjere det i dag også. Eg tok og bar opp stokkane som hadde halde bringebæra på plass, og då det var gjort tok eg og grov opp meir og mindre heile "åkeren" for alle skvaller-røtene var på ingen måte vekke. Eg var litt meir nøyaktig i dag, og så tok eg fin jord frå komposten og la utover. Det er no eigentleg dumt å kjøpe mold når ein har sjølv, men det er no fristande. 

Elles så rensa eg opp ned på muren, såpass mykje som eg orka i dag. Har også groverensa beddet nedafor tilbygget. Alle klematisane lever, og den gamle New Dawn-rosa som eg klipte heilt ned sist haust, lever og veks opp att. Men den yngste solbærbuska ser ikkje frisk ut. Den første solbærbuska eg planta er snart 5 år, og den er frisk. Vi har planta solbær mange gonger, men trea blir sjuke og dør.

Ja, det blir mykje hageprat, men eg opplever ikkje så mykje anna når eg går her og styrer. Det er godt å ha mykje å gjere, sjølv om ein aldri blir ferdig med alt. Eg er glad for alt eg greier å få til med min gamle rygg. No er det snart Nyheiter , så eg skal lage meg ein kaffikopp å kose meg med.

I morgon skal vi ikkje på trening, men vi skal truleg bort på Plantasjen, for Marit har eit anna ærend der borte også. Eg må snart ein tur på VØR igjen også. Her står fulle sekkar overalt.



søndag, juni 04, 2023

Dagbok 2023: 4.juni



 
Klokka er no 19.30, temperaturen ute er + 16 grader C, og i dag har vi hatt sol heile tida, ein nydeleg dag har det vore- sol frå morgon til kveld.

I dag skulle Margrete komme på besøk, og eg syntest ikkje eg hadde noko godt i hus, så eg laga ei kake på føremiddagen, før eg tok ein tur på Vernet-Der var det nydeleg i dag, men nesten ikkje folk. 

Det er noko spesielt som har skjedd med Fonnvernet. Fleire stader er det store område med blå lupinar, til dømes der vegen går opp, men eit stort stykke lenger borte også Dei er så vidt begynt å blomstre, men det vil bli litt av eit syn. Berre synd at alle er blå.




Då eg kom ned att frå turen, tok eg meg litt mat før eg la meg ut på solsenga og der låg eg til Margrete kom. Det var så kjekt å få prate igjen, det har ikkje vore så ofte i det siste, for ho har hatt det travelt med mange ekstratimar.
I morgon skal både Marit og eg på legesenteret og ta blodprøver, det er no ikkje så dramatisk. Og så må eg snart ta meg sammen og få klipt håret mitt. Det blir ikkje trening på tysdag, så då tek vi kanskje ein tur bort i Furene, vi har ærend begge to-.
Eg er glad for at eg fekk rydda opp litt i bringebæråkeren i går, slik at eg kan få så grasfrø så tidleg som muleg. Håper vi får mange fine dagar framover.



lørdag, juni 03, 2023

Dagbok 2023: 3.juni


 Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 10 grader og  det er nokså overskya, det har det vore i heile dag.Eg var litt treig i dag, hadde ikkje bestemt meg for kva eg skulle finne på, så eg vart gåande og surre , strikke litt, sjå TV og så kokte eg graut til middag og åt.

Då visste eg kva eg skulle bruke resten av dagen og kreftene på. Bringebæråkeren skal vekk, var målet eg jobba mot i dag og etter 3 timars slit er eg i mål-så langt.Eg tok først vekk strengar og tau, og så prøvde eg å få opp stolpane som har vore støtte for alt. Dei var gamle og velbrukte, men eg fekk dei opp (det å jobbe med alt åleine lærer ein seg etter kvart.) Eg fjerna skiferhellene på sida og spadde opp alle stader eg kom til. Der var eit par bringebærplantar att og dei får stå , med litt støtte. Meininga er å så i og late graset vekse heilt bort til bringebæra, så kan eg klippe graset som etter kvart vil kome., i lag med resten av plenen, og så klipper eg med saks attmed bringebærstilkane slik som eg gjer med dei andre bærbuskene . Det vart litt av ein jobb for ein gammal kropp, men dei som kjenner meg veit at eg sjeldan gir opp noko eg har begynt på.

Då eg kom opp att og skulle gå inn låg Lollo på trappa. Marit og fam. skulle på eitt eller anna i dag, men eg hugsar ikkje kva det var.

Eg hadde slik søndagskjensle i dag før middag at eg forsto ikkje at  eg skulle gjere noko. Gjekk ikkje på Vernet ein gon-eg trur eg sløfer det i dag.

Litt av sluttresultatet:


 




Eg hadde sjølvsagt ein stor svart sekk med slikt som skal på VØR, men eg er ikkje nøgd med sekkane eg kjøpte på Clas, dei toler ingen ting-

Eg ser at eg skulle ha tatt bilde av åkeren i profil.

Eg begynte å sjå ein serie om Brigitte Bardot på NRK TV i går. Eg får vel sjå den ferdig. Netflix kjem eg ikkje inn på no.

fredag, juni 02, 2023

Dagbok 2023: 2.juni


 Klokka er no 18.26, temperaturen ute er+10 grader C, det er overskya men opplett. Eg kan ikkje seie at det er særleg sommarleg ute, og eg har fyrt opp i omnen på stova for å få litt sommarleg varme - inne i alle fall.

Dette har vore ein heilt vanleg fredag til denne tid. Eg gjorde unna fredagsvasken relativt tidleg og så gjekk eg ein tur på Vernet. Marit og eg hadde avtalt å fare på KIWI og handle når klokka var 14. Og  det gjorde vi. Då vi kom heim att vart vi sittande i bilen og prate ganske lenge, vi har ikkje fått prata oss tomme på ei stund. Vi sat så lenge at eg vart "ihelsvolten" før eg kom meg i hus-då var klokka bortimot16 og eg hadde ikkje ete sidan frokosten i 8-tida. Eg hadde ikkje tolmodigheit til å lage skikkeleg middag men eg har diverse hurtigmat på lur. I dag vart det karbonadesmørbrød. Eg hadde kveikt i omnen før eg åt, så det var berre å sette seg i godstolen og sette på TV- så fekk eg meg ein liten blund.

Leigebuarane mine styrer på nede, og bilen går i skytteltrafikk mellon her og Liadal.

Eg har bestemt meg for å ikkje leige ut att med det første, men disponere leilegheita  sjølv i sommar. Der er sikkert mykje som må odnast, det er lenge sidan der har vore tomt.

Eg orka ikkje å styre i hagen i dag,. For det første er det kaldt og så er det ryggen min. Eg har bestemt meg for å legge ned bringebæråkeren; der er ikkje mange plantar att og eg orkar ikkje å rense så mykje skvallerkål. Eg vil heller ha meir plen, for plenklipping røyner ikkje på ryggen.

No skal eg slappe av og sjå TV og strikke resten av dagen.

Sidan vi atter ein gong er komne til fredag, vil eg ønske alle ei god helg.

Buska med dei kvite blomstrane har eg hatt i mange år. Namnet er Perlebusk, den blomstrar fint kvart år , men i år er den finare enn nokon gong før. Eg klipper den om hausten .


torsdag, juni 01, 2023

Dagbok 2023: 1.juni



 
No er klokka 18.30, temperaturen ute er + 10 grader og akkurat no er det litt sol ute, tidlegare har det vore både overskya og regnbyge, trur eg.

Bildet over er frå kalenderen min og viser Slinningsbålet i Ålesund. Ergo er det jonsok i juni. Vi trur vel alltid på sol og sommar i denne første sommarmånaden, men vi som har levd ei stund har vel opplevd litt av kvart -også når det gjeld sommarver. Men vi får håpe på det beste.

I dag køyrde Marit til treninga, og etter trening handla vi på SPAR. Då eg kom heim var eg litt i tvil om eg skulle gå ein runde på Vernet eller om eg skulle gjere hagearbeie etc. Eg bestemte meg for å lage middag, og sidan eg hadde både pasta og bacon i hus ville eg lage pasta Carbonara. Eg hadde ein pose mes saus også. Eg tenkte at eg kunne lage så mykje at eg hadde i morgon også, men alt gjekk med i dag ! Til straff måtte eg ta all oppvasken for hand.

Det vart ein liten pause før eg gjekk ut og begynte å jobbe i hagen. I dag fekk eg kantklipparen til å virke så eg tok b vekk litt gras her og der. Men eg hadde ein viktigare jobb. Ein dag før i veka var eg ute og klipte ned ei buske som skulle ha vore klipt sist haust. Då eg var ferdig med den såg eg at eg måtte gjere det samme med nabobuska- og det gjorde eg i dag. Det går ikkje fort når eg skal gjere noka , for ryggen min streikar så eg lyt sette meg ned titt og ofte. Då eg var ferdig med buska begynte eg å ta opp skvallerkål i bringebæråkeren-det er vel heller ein skvalleråker med eit par bringebærbusker. Eg tok opp ein 5-6 bøtter med skvallerkål men det er berre ein begynnelse. Den åkeren orkar eg ikkje å halde på med meir, så den skal vekk.

No er det full aktivitet i kjellaren. Dei flyttar. Dei var og såg på leiegheit på Liadal og bestemte seg med ein gong, så no køyrer dei skytteltrafikk  fram og tilbake, med to bilar. Eg har tenkt at leilegheita skal få stå tom ei stund, for der er sikkert noko som må ordnast. Det er lenge sidan der var tomt, for dei siste gongane har det kome nye folk med ein gong. Det er sikker noko som må gjerast etter så mange år. Og det kan vere kjekt for meg å ha der tomt over sommaren-.

I morgon er det fredag igjen, så blir det litt orden på dagane igjen.

No skin sola ute, men eg trur ikkje eg kjem til å jobbe meir i hagen i dag. Eg må snart kome meg bort på Plantasjen og kjøpe litt av kvart.


                                     Akkurat no-skin sola i hagen

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...