mandag, juli 13, 2020

Dagbok 2020: 13.juli

Klokka er 16.45, temperaturen ute er + 16 grader C; det har vore opplett i dag, men no på ettermiddagen kom det nokre regndropar.
I dag har eg ikkje gjort mykje til gagns. Marit og eg skulle på trening klokka 11.00, og før den tid skulle eg blant anna vaske håret. Derfor var eg ikkje påkledd då fiskar nr. 1 kom. Men eg var no oppe i alle fall. Gutane hadde diverse å ordne før dei for på sjøen; trur dei egnde lina her. Dei for med berre ein bil, sjølvsagt, og eg kom ikkje på å seie at den andre bilen måtte flyttast viss eg skulle ut med min. Det gjorde ikkje så mykje, Marit køyrde til treninga; og dei ærenda eg hadde kunne vente til dei kom att og det vart bilfritt på tunet. Eg brukte ventetida til å ete og til å høyre Storytel. Ja, eg var no ute i hagen og smakte på både bringebær og jordbær. Det er laga til mykje bringebær, men åkeren er vanstelt og plantane deretter. Eg trur det var noko gale med hausten i fjor, for det var ikkje skikkeleg tillaga med strengar.
Då gutane kom att og for att med bilane, tok eg ein tur til Vik. Eg skulle kjøpe bensin til klipparen, og nåler til symaskina. Litt matvarer på Bunnpris i dag. Då eg skulle gå frå ALTI og opp i gata, stor der nokre unge menn og stoppa folk. Dei spurde meg om eg var frå Ørsta, blant anna. Dei hadde lov å ta bilde av alle som gjekk den vegen, viss personane var under 75 år. Og det var ikkje eg, eg var mykje over 80, sa eg, og då fekk eg gå i fred. Han som eg snakka med syntest eg såg yngre ut-eller heldt meg godt.
På strikkebutikken der eg kjøpte symaskin-nålene hadde dei fått inn noko nytt garn som likna på Regia, det var i så fine lyse fargar. Eg fall for den lysegrøne, som er veldig lik dei førre lestane eg strikka i Regia.  Det er vel fordi eg er i sommarmodus at eg vel slik. Eg held på med eit par grå lestar til meg sjølv.
På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg til gravene, Nils og Robert sine. Rosa som eg hadde planta stod fin, Robert si grav var også fin, men der vil det snart vere behov for litt fornying. Når eg så til hans grav var det for å orientere Marit.
I dag har eg ikkje gjort noko fornuftig her heime, men eg håper å kunne slå plen i morgon. Naboen har slått sin.

søndag, juli 12, 2020

Dagbok 2020: 12.juli


Klokka er no 17.40, temperaturen er + 15 grader C -og no kom sola fram etter at det har regna heile dagen - til no.
I dag var eg litt lurare enn i går, i staden for å ergre meg over veret fann eg ut at det var godt arbeidsvêr -INNE. Eg shina opp kjøkken og bad- og fann ut at viss eg moppa over golva vart eg ferdig med "fredagsvasken"- så det gjorde eg.
Eg bytta på senga mi, og fann ut at somme dynetrekk trong ein reparasjon, og enten de trur det eller ei, så tok eg fram symaskina, det er mange år sidan den har vore framme. Idet eg tok den ut or skapet braut eg av nåla, og dei to reservenålene var ikkje brukande, så i morgon blir det å kjøpe nye.
Eg vart litt oppglødd i dag, for eg greidde å vri opp klutar etc. utan smerter i hendene. "Middagen" i dag vart skiver med egg og sild, og til dessert fekk eg siste stykket av gulrotkaka.
Marit og eg hadde tekt oss på gravplassen i dag, men slo det i frå oss då det vart så vått og kaldt, men vi kan kanskje ta det på heimvegen i morgon, for då skal vi på trening kl.11-12. Det blir siste treninga med Anne Elisabeth for ho skal bli pensjonist. Så spørs det om nokon tek over praksisen hennar. Dottera er fysioterapeut, ho også, og har jobba på same plassen som mora - og  faren, som slutta for nokre år sidan. Viss ho tek over kan vi kanskje halde fram på samme staden.
Etter middag vart eg sittande framfor TV og halvsove og fekk frosten i meg.
No skin sola så fint at eg vart freista til å gå på Vernet ein tur-men eg trur eg står imot.







lørdag, juli 11, 2020

Dagbok 2020: 11.juli

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader og det regnar utan stans. Dette er ein slik dag som eg ikkje likar. Eg blir tiltakslaus og har ikkje lyst til noko. Dessutan har det vore sundag oppe i hovudet mitt, så det er ein god unnskyldning for ikkje å gjere noko. Det er ikkje ein gong fristande å gå på Vernet.
Eg stod opp i rimeleg tid, og etter frokost begynte eg å lage fiskekaker av den frosne seien eg tok opp i går. Det vart ingen success, rettnok vart kakene etande, men særleg gode var dei ikkje. Eg åt av dei til middag med poteter og råraspa gulrot til - og ned gjekk nokre av dei, resten har eg frose.- Eg kjem nok ikkje til å lage meir av denne sorten.
Ikkje berre var eg lat i dag -eg var trøtt også, så eg sette meg til å sjå ein serie på TV, trur eg sovna litt for eg vart litt kvikkare etterpå. Eg inviterte Marit på kaffi, og det var kjekt å ha litt selskap. Eigentleg hadde eg tenkt meg nedover og kjøpe bensin på kanna mi i dag, og kanskje handle litt, men dei planane vart fort lagt på hylla. Eg la opp eit strikketøy i går, så no har eg litt å henge fingrane borti, og eg trur det blir meir TV utover kvelden. Og i morgon vert det enda ein "søndag".




fredag, juli 10, 2020

Dagbok 2020: 10.juli


Klokka er no 19.50, temperaturen er + 13 grader og det kjem diverse regnbyger. Innimellom kan det vere fint, slik som på føremiddagen i dag. No høyrde eg på TV at ein som har spådd vêret rett hittil i år, seier at vi ikkje får meir fint vêr no før i august. Ja, for meg eg det heilt greitt, for eg har ferie i august også.
I dag køyrde Marit og vi var ein tur til Alti. Det var ikkje så mykje vi skulle ha, men handla litt på impuls. Eg kom heim att med litt strikkegarn , bil-sjampo og to svampar til å vaske bilen med. Har berre spyla den litt hittil, så det kan vere tid for eit vask.
Då eg kom heim fann eg ut at eg ville steike fisk til middag. Eg gjekk ned i kjellaren og skulle ta opp fisk, men så fann eg ut at eg ville sjå etter jordbær, og etter at eg hadde plukka det vesle som var, såg eg at eg burde klippe vekk dei visne blomstrane på peonen, då det var gjort såg eg at Gudmund var ute, så eg måtte spørje han om vi skulle gjødsle, så var det noko anna eg måtte gjere, og så kom Marit U og vi måtte snakkast litt- og slik gjekk eit par timar. Men eg tok opp fisk som eg tina i mikroen, kokte poteter ect. Då eg var klar til å ete min personlege seibiff-favoritt, ringde det på døra. Det var Margrete -så eg vart spesielt glad,  for det var lenge sidan eg hadde sett henne. Vi drakk kaffi og åt gulrotkake, men fisken tok eg att seinare.
Det var Margrete som kom med den fine blomsterkorga på bildet. Ho hadde ringt til meg fleire gonger, men akkurat i dag hadde eg ikkje med meg mobilen ut; den låg i lomma på jakka eg hadde på meg då vi handla.
Denne dagen har gått veldig fort, og no er det alt kveld-men kveldane er lange for dei som er oppe ei stund ut i dei små timane.
Sidan det faktisk er fredag vil eg ønske alle ei god helg !

Bok nr.38- 2020: Størst av alt






Størst av alt er et drama så godt skrevet at den blåser leseren av banen fra første side.

De rikeste rike og de aller nederst på rangstigen trenger sjelden å møtes. Bare på Djursholms almenne gymnas. Fem tenåringer og en lærer som vil det beste. Det ender med en katastrofe. Ni månder senere stilles atten år gamle Maja for retten. Det er hevet over enhver tvil at Maja skjøt og drepte kjæresten sin Sebastian og bestevenninnen Amanda. Og han som ble hardt skadd, men overlevde, Samir, hva har han å si om Majas rolle? Størst av alt er på mange måter et portrett av Sverige i dag, samtidig som det er en hjerteskjærende skildring av forholdet mellom foreldre og barn, og det å være ung.
Kåret til Årets beste svenske kriminalroman av Svenska Deckarakademin: «Et originalt fortalt psykologisk rettssalsdrama i et skarpt og engasjerende språk»
…………………………………………………………………………………………………………………………….
Dette er ei bok litt utanom det vanlege, og eg likte å lese den på Storytel. Opplesaren las godt -det tel også.

torsdag, juli 09, 2020

Dagbok 2020: 9.juli

Klokka er 18.50, temperaturen er + 13 grader og i dag har det vore rikeleg med regnbyer. Sist natt sov eg dårleg, grunnen var vel helst for mykje kaffi på kveldstid-noko eg kan takke meg sjølv for. Eg kokte meg kaffi etter at Bodil og Svein hadde vore her også.
Men eg hadde ikkje verken arbeidslyst eller lyst å fare til Vik i dag morgon. Marit var ikkje i form, så vi droppa shoppingturen i dag. Eg diskuterte med meg sjølv og fann ut at eg hadde ingen ting å gjere i dag, så eg sette meg til å sjå TV. Då kom eg på at eg hadde to pakkar med kjøttdeig i kjøleskapet som skulle bli til kjøttkaker. Så fekk eg no gjort litt til nytte i dag også. No er kjøttkakene i frysaren.
Etter at eg hadde ete kl.15.00-måltidet mitt, det som heiter "middag", la eg meg på dagsenga med Storytel. Etter ei stund fekk eg lyst ut, og då gjekk eg ein runde på Vernet og etterpå ein runde på Vallabøen. Det regna mesteparten av tida men det var friskt å komme seg ut.
Eg har problem med å halde orden på dagane, akkurat no trudde eg det var søndag, men sidan det er torsdag kan eg glede meg til ein relativt vanskeleg sudoku i Møre-Nytt i kveld. Eg kjem vel til å sjå ein del TV, men saknar å ha eit strikketøy ved sidan av-men det er det no råd med.


Bjørkevegen.


onsdag, juli 08, 2020

Dagbok 2020: 8.juli


Klokka er no 18.25, temperaturen ute er+ 14 grader C. Det held visst på å klarne opp etter ein grå dag med delvis regn.
Eg la meg ikkje tidleg i går kveld, og eg vakna ikkje tidleg i dag. Orten-bilen stod allereie på tunet då eg var oppe, så eg forstod at Audun og Håkon var ute og drog lina dei sette i går, eller rettare sagt i natt.
Marit og eg hadde ein avtale om å handle i lag på Spar i dag, vi skulle fare nedover etter at Janne-familien hadde reist. Det blei ca. kl.13. Akkurat då kom gutane igjen med fiskefangsten sin, den var ikkje dårleg. Og så ringde Bodil og sa at ho og Svein tok seg ein tur.
Vi måtte berre fare og handle så gutane fekk klare seg sjølve.
Eg hadde god tid til å lage til litt mat før Bodil og Svein kom. Det vart brødskiver og litt kake til kaffien. Det er som oftast noko liknande eg brukar å ha til "middag". Bodil kom med nydelige rosa roser i bukett. Dei er berre så fantastisk fine.
Vi prata og åt slik vi plar gjere, går aldri tom for stoff. Og Svein greidde å stenge kranen på WC enda litt, så den har stoppa å dryppe.
Dagen har gått berre så altfor fort, og eg har ikkje gått glipp av hagearbeid, sidan det ikkje var vêr å jobbe ute i dag. Eg håper på meir besøk utover i veka. No er det snart tid for Nyheiter, og så får eg sjå om det blir tur i kveld-det er lenge lyst. Eg har vore mykje betre i kroppen i dag enn i går. Det kan hende Marit og eg tek oss ein tur i morgon også-no er vi begge er heime åleine.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...