tirsdag, juli 07, 2020

Dagbok 2020: 7.juli



Klokka er 17.25, temperaturen er + 17 grader C, det er lettskya opphaldsvêr og litt vind. Altså mykje betre vêr enn vi hadde i går. Men skal eg dømme etter slik som eg føler meg, må det vere skikkeleg giktvêr.
Eg begynte å vaske klede på sundag, det hadde hopa seg litt opp så eg vaska stort sett heile mandag også. Det tek tid når ein må tørke i trommel og begge maskinene skal i samme "kontakt".
I dag før middag prøvde eg å få på plass litt av kvart, men eg har altfor mykje til mitt behov. Fylte eit par posar med slikt som skal på innsamling.
Så ville eg kvitte tre store posar meg brusflasker, så eg fylte bagasjerommet på bilen. Køyrde ned på Kiwi og panta. Eg trur alltid det skal bli store summar, men det vart berre ca. 100 kr for alle flaskene.
Eg kjøpte ei rosa potterose og ein pose med mold, for eg skulle fram på grava og pynte opp litt. Det gjekk no greitt. Styrte litt ute då eg kom heim før det var tid for mat.
I dag var eg veldig plaga av "gikt" så eg var ikkje så veldig effektiv. Etter at eg hadde ete måtte eg legge meg ned og kvile ryggen før eg gjekk ut i hagen. No har eg rensa ugras i alle blomsterbeda og i den nye "jordbærsenga." Det er verken kaldt eller varmt ute, så det går fint å jobbe litt. Det er ikkje varmt nok å sitte i ro, sjølv om eg tok fram att den langerma ulltrøya mi i går og har brukt den sidan.
Eg lurer på om eg skal gå ein tur på Vernet for å få litt meir mosjon.






Det vart ein liten tur på Vernet. Sjå kor fint der er pynta med blomster.

mandag, juli 06, 2020

Dagbok 2020: 6.juli



Klokka er 17.22, temperaturen  er + 13 grader C og det har regna i heile dag, no er det litt lettare.
Eg sov godt sist natt og stod opp til vanleg tid i dag. Eg begynte å vaske klede i går, og har halde fram i dag. Det tek si tid når eg må både vaske og tørke inne, men særleg slitsomt er det sjølvsagt ikkje.
Eg har også støvsuga alle teppegolva og vaska bad og kjøkken. Eg var ferdig med alt før middag, så etter at eg hadde ete, sette eg meg ned framfor TV ei stund. Varmepumpa har stått på både natt og dag i det siste, men eg vart frostig, så eg henta inn ein pose med kvistar eg hadde i tilbygget og prøvde å få fyr på dei-det gjekk bra til sist, så no har eg det varmt og godt.
Det er ikkje råd å få gjort noko ute i hagen i dette veret, så einaste trimmen eg har hatt i dag er opp og ned kjellartrappa.
Og så dukka der opp eit nytt problem, etter at Rasmus har fiksa det meste. Springen på den vesle vasken på WC står og renn varmevatn, ikkje mykje, men det er likevel litt irriterande. Det er vel ei pakning eller noko slikt som må skiftast. Det er lenge sidan eg har gjort noko slikt så eg må ha litt vegleiing.
Eg kunne ha lyst å gå ein tur ut no i kveld, men vêret fristar ikkje, så eg får vel heller ta kjellartrappa nokre gonger til. Trur det blir lenge til neste plenklipp.

søndag, juli 05, 2020

Dagbok 2020: 5.juli

Frå fredags kveld.

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 17 grader C og det har vore regnbyer i heile dag. Vi var heldige med at vi var på Hareid i går.
I dag stod alle her i huset rimeleg tidleg opp og åt frokost i lag, det skjer ikkje så ofte-anna enn på reisedagen. Noko hadde dei pakka inn i bilen i går, og elles er dei veldig effektive med pakking. Klokka var ikkje meir enn 9.15 før dei forlet tunet. Eg har hatt kjekke og sosiale dagar med 5 "gjestar". Men heldigvis trivst eg også godt åleine. Og så har eg no nære pårørande som eg reknar med å få sjå innimellom.
Eg synest det er greit å sette i gang å rydde opp med det same folk reiser, godt å ha noko å gripe tak i- og godt å få rydda opp. Sette i gang både oppvask- og klesvask- maskinene og styrte på ei stund.
Så var eg i åkeren og fann meg jordbær- ærleg tala så var dei ikkje så gode. Til slutt sette eg meg i godstolen og såg i eit blad, då sovna eg ei lita stund. Eg hadde invitert Marit på kaffi, og ho kom; vi hadde mykje å snakke om sidan vi knapt har sett kvarandre heile veka.
Eg skulle ønske vêret vart litt betre så eg hadde fått styrt litt i hagen, der er mykje ugras no etter at det kom regn.
Rasmus-familien er veldig flinke til å få med seg alt når dei reiser, men eg har funne ei lita ledning under bordet der Ingar hadde laptoppen sin. Sei ifrå om eg skal sende den!



lørdag, juli 04, 2020

Dagbok 2020: 4.juli

Klokka er 22.15, temperaturen ute er+ 14 grader C. Vi vakna til ein strålande dag, med sol frå klår himmel. Men særleg varmt var det ikkje.
Vi Brukte første delen av dagen til å gjere oss klar for å fare til Hareid. Solveig hadde invitert til familietreff og taco. I Ulsteinvik var vi innom biltema der vi mellom anna kjøpte vindus-viskarar til bilane våre. Rasmus hadde sjekka min og funne ut at det var tid for nye, og han sette dei på då vi kom heim. Det går stadig opp for meg at eg treng mykje hjelp frå mennene i familien -og elles.
Då vi kom til Hareid hadde sola varma opp så vi kunne sitte ute. Dei har planta hekkar rundt plenen så vi sit som i eit uterom -uten innsyn.
Tacoen vart servert ute, og det smakte kjempegodt. Etterpå fekk vi dessert-det var Solveig sin heimelaga karamellpudding.
Øystein har laga fleire "turnapparat" som gutane fekk prøve seg på, men etterkvart fekk dei med seg dei vaksne fetterane sine på Monopol.
Vi trekte etter kvart inn i stova, og no var det tid for kaffi og kaker, og saltmat til dei som ville ha.
Eg hadde ikkje vore på Hareid sidan julaftan, og enda lenger er det sidan eg/vi hadde vore i sentrum, så det vart ein liten tur ned for å sjå seg rundt.
Då vi kom til Ørsta igjen var vi ein tur fram på gravplassen. Det var eit litt trasig syn som møtte oss der, blomstrane var delvis visna og det såg ikkje så bra ut. Så no har eg ei oppgåve med å finne noko nytt å plante der.
Eg vil takke Solveig og Øystein m/fam. for ein fin dag. Rasmus-familien reiser i morgon, dei tek på heimveg , men litt usikker på om dei kjem heilt fram på dagen. Heldigvis er ikkje sommaren slutt, og vi håper på mange fine sommardagar framover.

fredag, juli 03, 2020

Dagbok 2020: 3.juli





Klokka er 22.12, temperaturen ute er + 8 grader C, det har klårna opp etter mange kraftige regnbyer, og no skin sola-ikkje her hos oss men på andre sida av bygda.
Vi har hatt ein kjekk dag her i Starevegen. Føremiddagen er kort, for det er berre eg som står opp til vanleg tid. I dag tok Rasmus og Wenche ein tur til Volda for å kjøpe ein stige. Eg trong ein som var litt lengre enn den eg har, både til feiaren og dei som målar huset. Det er godt å ha nokon som har litt meir peil enn eg til å kjøpe slikt.
Mens dei var vekke laga eg ei kake som eg skal ha med til Hareid i morgon. Då vil alle som kan i familien samlast hos Solveig og Øystein. Det er i dag Solveig fyller år, så dei har vel ei lita feiring i dag også. GRATULERER MED DAGEN; SOLVEIG!
Det vart rimeleg seint før vi hadde middag i dag. Eg var ein snartur på butikken og kjøpte litt som vi mangla. I dag vart det eggerøre, røykelaks(ørret), spekemat og potetsalat og masse loff. Det vart eit populært måltid, som vi avslutta med is kaffi og brus.
Amanda og Eirik kom ein tur etter at dei var ferdige på jobb, og det vart no stas for gutane her, ja, for oss andre også.
Rasmus finn litt av kvart å reparere på, noko eg set stor pris på. Det er ikkje eg som foreslår alt, han finn diverse skavankar sjølv, som han fiksar. Eg har sikkert mykje meir eg treng hjelp til, men dei reiser allereie på sundag. Gutane vil vel gjerne oppleve litt anna i ferien- og det seier er ikkje noko om. Eg synest det er kjekt at dei kjem så eg får gjere meg litt kjend med dei.
Det er kjekke gutar !

Dagbok 2020 : 2.juli



Klokka er no 21.40 og temperaturen er +10  grader C.
Det har vore periodar med opplett og litt sol, innimellom voldsomme regnbyger, så no slepp eg i alle fall å vatne.
Eg var oppe før dei andre, så eg fekk sjå siste episoden av serien min. Litt seinare på føremiddagen var eg ein tur på butikken. Til middag laga eg kjøttsuppe og panne kaker, nokon åt det ein, nokon det andre og nokon begge delar.
Det vart ein del kaffidrikking og prat utover dagen, og dessutan diverse reparasjonar utført. Rasmus fiksa speilreflekskameraet mitt og Eivind fiksa PC-en, og så var det litt samarbeid med nettbrettet.
Då det leid ei stund utover ettermiddagen kom Solveig på besøk, og ho hadde med seg "kanel i svingane" så då vart det enda meir kaffi. Gutane er flinke og kjekke, dei underheld seg sjølve. Her er ikkje all verda å finne på for slike karar i dette vêret. I morgon har Solveig fødselsdag og laurdag skal vi ut til Hareid ein tur. No skal eg snart hente ut SUDOKUEN frå fredagsavisa på nett.

torsdag, juli 02, 2020

Dagbok 2020: 1.juli






Klokka er no 21.00 og temperaturen ute er + 12 grader C. Det har vore litt regn i dag, men mest sol og opplett. Det var ganske seint før alle var oppe, eg fekk god tid till å sjå ein episode av serien min før dei andre kom. Familien Rasmus var ein liten handlerunde der ikkje eg var med. Etterpå var Rasmus og eg på Vør med minst 8 sekker med hageavfall. Det var godt å få det vekk. Så var Rasmus og Wenche ein lite tur med Yarisen og mens dei var vekke gjorde eg klar middagen som var lettvindt i dag.(Som dei fleste dagar) Så vart det endeleg tid for kaffi og gulrotkake.
Eg ville gå ein liten tur på Vernet sidan eg hadde vore relativt lat i dag. Ingar ville vere med meg, og eg trur han var litt imponert over "Den sunnmørske mur" som han kalla den.
Eg vart litt skipla i dag då eg fekk høyre at det igjen har kome Corona-smitte til Ørsta, no hadde vi begynt å slappe litt av. Det var to som var her på gjennomreise som kom med smitten. Dei hadde vore inne på butikkar både i Ørsta og Volda.




Ein av naboane i Starevegen har mange hagenissar.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...