mandag, juli 06, 2020

Dagbok 2020: 6.juli



Klokka er 17.22, temperaturen  er + 13 grader C og det har regna i heile dag, no er det litt lettare.
Eg sov godt sist natt og stod opp til vanleg tid i dag. Eg begynte å vaske klede i går, og har halde fram i dag. Det tek si tid når eg må både vaske og tørke inne, men særleg slitsomt er det sjølvsagt ikkje.
Eg har også støvsuga alle teppegolva og vaska bad og kjøkken. Eg var ferdig med alt før middag, så etter at eg hadde ete, sette eg meg ned framfor TV ei stund. Varmepumpa har stått på både natt og dag i det siste, men eg vart frostig, så eg henta inn ein pose med kvistar eg hadde i tilbygget og prøvde å få fyr på dei-det gjekk bra til sist, så no har eg det varmt og godt.
Det er ikkje råd å få gjort noko ute i hagen i dette veret, så einaste trimmen eg har hatt i dag er opp og ned kjellartrappa.
Og så dukka der opp eit nytt problem, etter at Rasmus har fiksa det meste. Springen på den vesle vasken på WC står og renn varmevatn, ikkje mykje, men det er likevel litt irriterande. Det er vel ei pakning eller noko slikt som må skiftast. Det er lenge sidan eg har gjort noko slikt så eg må ha litt vegleiing.
Eg kunne ha lyst å gå ein tur ut no i kveld, men vêret fristar ikkje, så eg får vel heller ta kjellartrappa nokre gonger til. Trur det blir lenge til neste plenklipp.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...