søndag, juli 05, 2020

Dagbok 2020: 5.juli

Frå fredags kveld.

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 17 grader C og det har vore regnbyer i heile dag. Vi var heldige med at vi var på Hareid i går.
I dag stod alle her i huset rimeleg tidleg opp og åt frokost i lag, det skjer ikkje så ofte-anna enn på reisedagen. Noko hadde dei pakka inn i bilen i går, og elles er dei veldig effektive med pakking. Klokka var ikkje meir enn 9.15 før dei forlet tunet. Eg har hatt kjekke og sosiale dagar med 5 "gjestar". Men heldigvis trivst eg også godt åleine. Og så har eg no nære pårørande som eg reknar med å få sjå innimellom.
Eg synest det er greit å sette i gang å rydde opp med det same folk reiser, godt å ha noko å gripe tak i- og godt å få rydda opp. Sette i gang både oppvask- og klesvask- maskinene og styrte på ei stund.
Så var eg i åkeren og fann meg jordbær- ærleg tala så var dei ikkje så gode. Til slutt sette eg meg i godstolen og såg i eit blad, då sovna eg ei lita stund. Eg hadde invitert Marit på kaffi, og ho kom; vi hadde mykje å snakke om sidan vi knapt har sett kvarandre heile veka.
Eg skulle ønske vêret vart litt betre så eg hadde fått styrt litt i hagen, der er mykje ugras no etter at det kom regn.
Rasmus-familien er veldig flinke til å få med seg alt når dei reiser, men eg har funne ei lita ledning under bordet der Ingar hadde laptoppen sin. Sei ifrå om eg skal sende den!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...