fredag, juli 03, 2020

Dagbok 2020: 3.juli





Klokka er 22.12, temperaturen ute er + 8 grader C, det har klårna opp etter mange kraftige regnbyer, og no skin sola-ikkje her hos oss men på andre sida av bygda.
Vi har hatt ein kjekk dag her i Starevegen. Føremiddagen er kort, for det er berre eg som står opp til vanleg tid. I dag tok Rasmus og Wenche ein tur til Volda for å kjøpe ein stige. Eg trong ein som var litt lengre enn den eg har, både til feiaren og dei som målar huset. Det er godt å ha nokon som har litt meir peil enn eg til å kjøpe slikt.
Mens dei var vekke laga eg ei kake som eg skal ha med til Hareid i morgon. Då vil alle som kan i familien samlast hos Solveig og Øystein. Det er i dag Solveig fyller år, så dei har vel ei lita feiring i dag også. GRATULERER MED DAGEN; SOLVEIG!
Det vart rimeleg seint før vi hadde middag i dag. Eg var ein snartur på butikken og kjøpte litt som vi mangla. I dag vart det eggerøre, røykelaks(ørret), spekemat og potetsalat og masse loff. Det vart eit populært måltid, som vi avslutta med is kaffi og brus.
Amanda og Eirik kom ein tur etter at dei var ferdige på jobb, og det vart no stas for gutane her, ja, for oss andre også.
Rasmus finn litt av kvart å reparere på, noko eg set stor pris på. Det er ikkje eg som foreslår alt, han finn diverse skavankar sjølv, som han fiksar. Eg har sikkert mykje meir eg treng hjelp til, men dei reiser allereie på sundag. Gutane vil vel gjerne oppleve litt anna i ferien- og det seier er ikkje noko om. Eg synest det er kjekt at dei kjem så eg får gjere meg litt kjend med dei.
Det er kjekke gutar !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.mai

Klokka er no 17.32. Temperaturen ute er +25 grader C, og sola skin. I dag har det vore varmt heilt frå morgonen av, så vi var ikkje heilt be...