onsdag, mai 27, 2020

Dagbok 2020: 27.mai

Klokka er no 18.10, temperaturen er + 12 grader. Det har regna mykje i dag, men så ser det ut til at vi skal få mange dagar med opplett- og det treng vi.
I går gjekk eg ut i hagen og skulle rydde litt rundt buskene, men det var ikkje mykje eg fekk gjort. Kantklipparen vart fort straumlaus og så kom regnet. Å klippe med klippar var ikkje råd, så der står att ein stor uklipt flekk. I dag var det ikkje å tenke på å gå ut og gjere noko, så då tok eg ein liten tørn inne-eg får kalle det "fredagsvask"- sjølv om det er onsdag. Eg har bytta på senga og vaska soverom, bad og kjøkken+ at vaskemaskina har vore i arbeid.
Eg hadde eit måltid klokka 15, og etterpå la eg meg på dagsenga med lydbok. Eg føler meg veldig lat når eg sløvar midt på dagen, men eg får ta det igjen når det blir opplett. Graset veks voldsomt i dette vêret. 
Elles kan de sjå epletreet på bildet, det står i full blomst no. Når det har blomstra av skal det klippast.
Nesten alle jordbærplantane eg sette lever, det er ein som kanskje er død, og sist eg såg etter var der i alle fall EIN potetplante. Men eg kan no berre stikke nedi fleire viss eg vil. Det er ikkje levebrødet mitt. Eg har ikkje vore på Vernet sidan Sundag, eg har satsa på hagetrim no framover-i alle fall til eg har fått plenane i orden. Så er det snart Amanda sin fødselsdag og så kjem pinsa.



tirsdag, mai 26, 2020

Dagbok 2020: 26.mai.


Klokka er no ca.17.30 og temperaturen er +15 grader C. Eg såg på altanen i dag tidleg at det hadde regna, men då var det fint vêr, mildt og opplett. Sidan eg ikkje hadde fått klipt ferdig plenen i går, håpa eg å gå fullføre i dag. Eg hadde også lada opp kantklipparen og var klar til dyst. Men først var det trening. Det var for så vidt greit, sjølv om vi ikkje var så veldig gira. Eg trefte ei venninne der som eg ikkje har sett på aldri den tid og det var no kjekt
Eg hadde med meg bensinkanna for å kjøpe bensin til klipparen. Men då vi kom ned til Vik, oppdaga eg at eg ikkje hadde veska mi med, ergo kunne eg ikkje handle. Marit trong ikkje å handle, så eg køyrde heim, sette av Marit, og henta veska. Så var det ned på bensinstasjonen og fylle opp. På heimvegen stakk eg innom Kiwi og handla litt til meg sjølv. Hadde lyst på noko godt. Der trefte eg ei anna venninne frå mitt yrkesaktive liv, og vi hadde mykje å snakke om. Blant anna kunne ho fortelle at ho var blitt oldemor. Eg ser tydeleg at eg er komen i old-tida.
No held det visst på å klarne opp, men det er tvilsomt om det blir råd å klippe gras i dag. Hadde det ikkje vore for klippinga, så hadde eg vore glad for regnet sidan eg har sådd grasfrø i plenen.
Eg har ikkje gjort noko til gagns i dag, og det likar eg ikkje. Det eg har gjort er å lese ferdig boka eg heldt på med og så har eg ete litt. Så får vi sjå om det blir ute verande på kveldstid.

mandag, mai 25, 2020

Dagbok 2020: 25.mai

Klokka er no19.55 og temperaturen ute er + 17 grader. I dag har det vore nydelig vêr og vi har fått ein smak av sommar.
Sist natt verkte eg så mykje i hendene og fingrane at eg måtte ta ein smertestillande tablett, noko eg gjer svært sjeldan. Eg hadde planane klar for dagen og det som skulle gjerast, men trudde ikkje eg kom til å greie det. Men det merkelege skjedde, hendene mine var ikkje så vonde lenger. Dermed fekk eg støvsuga alle teppegolva. Etterpå gjekk eg ut og jobba i hagen. Blant anna rydda eg bedet nedanfor tilbygget og fylte på med kugjødselkompost. No når løkplantane blir borte er der eit New Dawn rosetre som vi har hatt veldig lenge . I tillegg er der fire klematis-plantar. Dei klipper eg heilt ned kvar haust, dei blir store nok likevel. I fjor haust var det ikkje ute verande, men i januar tok eg ein tørn og rydda i hagen. Jordbærplantane fekk siste resten av kugjødselkomposten.
Til middag i dag kokte eg graut, og etterpå la eg meg på solsenga ei stund, men hadde ikkje trott til å ligge der så lenge. 
Eg hadde bestemt meg for å klippe Skråninga igjen i dag, for i morgon er det meldt regn. Eg måtte vente til eg fekk tak i ein mann som kunne hjelpe meg litt med klipparen. Det var fryktelig mykje gras i dag, for sist eg klipte samla eg ikkje opp. 
Eg visste godt at det var siste bensindropane mine som var i klipparen, men eg håpa at det skulle halde. Sjølvsagt kunne eg køyrt ned og kjøpt oppå kanna mi, men eg tok sjansen på å la vere. Dermed står det att ei uklipt bot nedi bakken. Eg er ikkje alltid like lur. Det er heller ikkje så lurt å gå berrføtt i croxane når ein klipper plen, det resulterer som regel i skitne føter som ikkje er så lette å få reine igjen.
I morgon skal vi på trening, Marit og eg, men vi har tenkt å forhandle oss fram til ein annan dag i veka. Etter treninga skal vi handle, og bensinstasjonen er ganske nær butikken.No må eg ut og rydde på plass diverse reiskapar etc.


Bok nr.31 - 2020: Kunsten å dø


Då vart eg endeleg ferdig med denne boka. Det har blitt litt fram og tilbakespoling. Eg kjem nok til å lese fleire bøker i serien. Det er lettlest underhaldning. Som KRIM-bok er dei kanskje litt langdryge og ikkje så veldig spennande, men elles OK.

Opplesaren har eit lite snev av ittakisme slik at sykkel-blir nærmare sikkel etc. Det er berre litt morsomt.

søndag, mai 24, 2020

Dagbok 2020: 24.mai


Klokka er no 19.55 og temperaturen er + 13 grader. Det har vore ein relativt fin dag i dag, sjølv om sola ikkje har vore framme heile tida.
På føremiddagen gjorde eg ein liten jobb , eg rensa skinnmøblane og sette dei inn med noko som ska hjelpe til å bevare skinnet. Det var ingen stor jobb. Etter at eg hadde vasa rundt ei stund gjekk eg ei runde på Vernet. Eg tok det heilt med ro og sat litt på kvilebenkane for å nyte sol og finevêr.
 På heimturen stoppa eg opp ved naboen og vart sittande å prate på trappa.Då eg kom heim vatna eg nokre blomsterbed, for det er faktisk ganske tørt.
Eg var veldig låk i hendene først på dag, men det har kome seg litt etter kvart. Eg veit ikkje heilt kva denne dagen har blitt brukt til, men den er i alle fall snart over. Eg laga middag i 15-tida som vanleg og etter middag skulle eg legge meg ut på solsenga, men då var sola borte. I staden la eg meg på dagsenga med Storytel.
Då eg stod opp att kokte eg kaffi og åt litt is til. Då sende Marit melding om at eg måtte komme opp til henne, så vart eg sittande der til klokka nærma seg Dagsnytt. Og det var den dagen. For morgondagen har eg ikkje så mykje program, men det er nok jobbar å ta av. Tysdag skal vi til fysioterapeut igjen etter ei lang tid utan. 




lørdag, mai 23, 2020

Dagbok 2020: 23.mai


No er klokka 17.50, temperaturen ute er + 16 grader C, og elles er vêret som på bildet over her.
denne dagen vart litt annleis enn tenkt, men det er berre bra. Eg var oppe i skikkeleg tid, åt frokost, bretta ein klesvask og rydda litt på kjøkkenet. Eg hadde planar om å dusje og vaske håret. Men før eg kom så langt, ringde Solveig og sa at ho og Øystein var på veg til Ørsta, og Øystein ville reparere trappa. Det var no veldig kjekt for meg, men Marit og eg måtte utsette handlerunda vår. Det gjorde ingen ting.
Øystein hadde med seg alt han trong og sette i gang og jobbe. Der var mange hol i "sementen" og dei vart fylte opp med eit stoff-eg veit ikkje kva det heiter. Så skal det stå i 48 timar før han pussar ned og målar. Inntil vidare må eg gå gjennom kjellaren når eg skal ut.
Etter at Øystein var ferdig åt vi brødskiver med plommesylte som Solveig hadde kokt heil nyleg. Og etter at dei var reiste vart det butikkrunde på Marit og meg. I dag handla vi berre på SPAR.
Eg laga meg litt middag då eg kom heim, og etterpå vart det litt hagearbeid. 
Tidlegare i vår gjødsla eg plenane  for å brenne bort mose, og det gjekk som planlagt. Det er berre det at der mosen vaks-var det ikkje gras. NO har eg fylt holene med mold og sådd i grasfrø, så får vi håpe det beste. Eg apar etter det som naboen gjer, for han har alltid så fin plen. Eg har ikkje brukt maskinene mine i dag. Der er diverse delar som må festast betre, og så må eg spare litt på hendene mine. Skuldra er ikkje så mykje i faresonen no når eg ikkje dreg i snora, men både fingrane og handledda får sitt. Men det går bra. Sidan eg gjorde hagearbeid vart det ikkje tur på Vernet i dag



fredag, mai 22, 2020

Dagbok 2020: 22.mai


Klokka er 17.30, termometeret viser + 18 grader, så no kjem det seg. 
I dag har eg vore rimeleg aktiv, eg fekk m.a. vaska kjøkken og bad før eg reiste bort i Furene. Eg trudde kanskje eg skulle finne meg ein klippar der på Felleskjøpet. 
Eg snakka med ein hyggeleg ung gut og han forstod kva eg måtte ha, men dei hadde ikkje slike klipparar inne, og han visste ikkje kor det var å bestille-om det tok lang tid etc. Men han anbefalte meg å høyre på EIK-senteret. Han meinte dei hadde Honda. Det hadde dei ikkje men dei hadde HUSQVARNA. Han eg snakka med der hadde også god tid til å forklare og vurdere. Det stod mellom to, den eine gjekk på bensin, men hadde batteri til el-start. Den andre som var litt mindre og nettare gjekk på batteri. Eg kunne tenkt meg den, men spurde kor lenge batteriet varde. Ein halv time ! Ergo måtte ein då kjøpe to batteri til 1700 kr stk. Dermed var den klipparen mykje dyrare enn den eg kjøpte. Eg føler meg litt på tynn is når eg skal kjøpe sånne mannfolkting heilt åleine. Men eg er klar over at det er gammaldags å tenkje slik. Eg spurte om dei kunne køyre klipparen opp i Starevegen, men han eine meinte at klipparen gjekk inn i ein Yaris- det trudde ikkje eg, men han fekk prøve. Og så vart der ein annan som køyrde den heim til meg. Han var kjend i Starevegen for han hadde budd i kjellaren til Eliassen i 5 år. 
Marit og Marit og Torbjørn kom for å sjå på den nye klipparen, og Torbjørn meine det var eit godt kjøp, seinare kom Gudmund også og ville sjå. Eg synest det er kjekt når naboane er interessert i det ein styrer med. 
No har eg snauklipt rundt huset for andre gong i år. Deretter stilte eg klipparen heilt opp og klipte Skråninga utan å samle opp, eg måtte ta det litt på halv 8, for eg ville ha vekk engkarsen før den blomstra. Det var ei lette å sleppe å dra i snora, men om det sparte armane, så røynte det på hendene og fingrane, men det må eg vel rekne med. Eg må nok finne meg i at eg ikkje kan ta alt på ein dag.
No skal eg koke ein kopp kaffi og slappe godt av før det blir TV-tid. Det blir ingen tur på Vernet i dag. I morgon trur eg at Marit og eg må proviantere litt.
Eg har litt problem med å halde styr på dagane, men det er fredag i dag, så då ønsker eg alle ei GOD HELG.

Dei brune flekkane er død mose, eg skal fylle på jord og så frø i "holene"-det har Gudmund gjort.



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...