torsdag, november 21, 2019

Dagbok 2019: 21.november

Klokka er no 15.50, temperaturen er + 2 grader C. Det har vore fint vêr i dag også og eg hadde den gleda å ha sola inn i stova ein halvtimes tid frå kl.10.30. det var i fjor på denne tid at dei leita som mest etter Maya -dei har enno ikkje funne henne , men no skal dei leite i eit nytt område, der det blant anna har vore ein ramn som folk har lagt merke til. Eg las det på nettet på Møre-Nytt.
I dag kan eg overraske med at eg har fått unna ein del arbeid og plikter. Eg tenkte eg måtte få vaska soverommet mens det var opplett, for der eir eit stort golvteppe som eg ikkje kan ha ut i regnet. Bytta på senga og lufta dyna i samme slengen. Sidan eg hadde tatt fram vaskeremediane og alt var i siget tok eg bad og kjøkken med det samme. Så er det gjort til helga.
Eg har gått og psyka meg opp til å køyre på glatta og i dag fekk eg overbevist meg sjølv. Eg sa som så: Du kan prøve bremsene i Starevegen og viss dei verkar der er resten ok. Eg køyrde rett ned på bensinstasjonen og fylte opp tanken. Fekk nedpå 17 liter i dag, så mykje har eg aldri kjøpt før.
Så var eg ned på ALTI, på apoteket og kjøpte reseptbelagt medisin til meg sjølv. Mat handla eg på Spar, det var over ei veke sidan eg hadde handla, så det vart ganske mykje. hamstrar litt. Mellom anna kjøpte eg ei stor rund julekake (julebrød) som eg tok ein god porsjon av då eg kom heim ca. 15.30-eg hadde ikkje ete sidan frokost, så det smakte godt.
Eg har ingen planar for morgondagen, men laurdag skal Solveig, Øystein og eg til Eid. Vi skal på Sagastad og på Hildegard til Bodil og Svein. Det er ei stund sidan sist eg var der-men eg har no møtt dei her. Eg skulle absolutt ha stelt håret mitt, men eg ville vente til nærmare jul. No angrar eg på det, for det er for seint å bestille no.

Dette bildet tok eg frå altanen rett før eg sette meg til datamaskina, det har mørkna mykje på denne stunda.


onsdag, november 20, 2019

Dagbok 2019: 20.november

Klokka er 17.15, og det er mørkt ute. Temperaturen er minus 4 grader C. Det har vore fint vêr og sol i dag, hadde sola inne i stova mellom kl. 10-11, men så var det slutt. Eg såg at det var sol på Fonnvernet men i dag var eg ikkje budd på å gå tur.
På treninga i går var det mykje armtrening, men det resultatet at eg var heilt gåen i armane då eg stod opp i dag, det var så vidt eg kom meg opp og ut av senga. Men etter at eg var komen i siget, vart armane ganske så bra. Eg hadde bore støvsugaren inn på stova i går kveld, så det var berre å sette i gang. Etterpå shina eg kjøkkenet. Frysedelen på kjøkkenkjøleskapet av -isa eg i går kveld. 
Så måtte eg sage litt opptenningsved og fyre i omnen.
Eg hadde tenkt å fare nedover og handle i dag, men gata var isa og glatt, så eg utsette det til i morgon. Men i tilfelle eg skulle kome på andre tankar tok eg og vaska håret-det såg ikkje ut.
Så tenkte eg at eg kunne vaske klede sidan eg vart heime, så no er eg komen til vask nummer to.
Då var det blitt tid til middag og eg varma opp resten av suppa frå i går. Eg blei veldig mett og sette meg inn til TV-en og såg eit program, men så sovna eg tvert.
Det blir vel ikkje gjort meir i dag, men eg må no passe på vaskemaskina og trommelen, så litt arbeid er det med klesvasken uansett.
Eg strikka litt i går, og det blir vel til at eg strikkar litt i dag også, kan ikkje sitte med hendene i fanget heller. Dagane er korte denne tida, og sidan det vart så kaldt i november i år, får eg ikkje gjort noko ute.
Marit er litt betre no og trur at ho skal komme seg på butikk og på trening i morgon. Om eg ikkje kjem meg på butikk gjer det ikkje noko for eg har så eg klarer meg - både av mat og drikke. Men det er faktisk ei veke sidan eg har vore på butikk. Eg er litt pysete med heilårsdekka, hadde eg hatt pigg hadde eg vore modigare. Det er sjølvsagt berre tull. Det er visst mange bilar som har køyrt ut for vegen, men ingen alvorlege ulykker.

tirsdag, november 19, 2019

Dagbok 2019: 19.november

Klokka er no 16.20, temperaturen er + 1 grad C. Eg trudde det skulle bli mildare etter kvart i dag, men det vart tvert imot litt kaldare, det var neste sol ei lita stund, så no frys det vel på igjen.
I dag tidleg var eg i tvil om kva eg skulle gjere, ta bilen på trening eller gå. Eg gjekk inn Starevegen og såg nedover og fann ut at det var tryggast å gå. Det var rett nok sanda, men dei hadde ikkje akkurat sløst med sanden. Marit var sjuk i dag så ho skulle ikkje på trening. Eg gjekk ned, trena i vel ein time, og gjekk opp att. Så eg fekk bra mosjon. Eg kveikte i omnen og litt seinare laga eg tomatsuppe som eg åt.( Det vart nok til i morgon også.) Då vart eg så trøtt at eg måtte ta pause i godstolen og sjå TV-opptak som eg hadde liggande.
No er eg på beina att og må til å fungere. Det spørs om eg må minne leigebuarane på bosset, dei har ikkje vore å sjå i heile dag, så det kan hende dei er sjuke, dei også. Men eg forstod det i går at dei hadde meir boss dei ville bli kvitt.
Elles så skal eg stryke litt, og så er det den evige oppryddinga; ja, det er berre eg sjølv som rotar, men eg er nokså flink til det.
Eg hadde tenkt å handle i dag, men det vart ikkje sidan eg ikkje tok bilen.
Solveig ringde i går kveld og sa at ho og Øystein skulle til Eid på laurdag, Øystein ville sjå Sagastad, og så kunne eg få vere med, og det ville eg. Eg har ein plan om at vi kan gå på kinarestaurant der borte. Margrete skryter av den, men eg veit ikkje kvar den er. Ho er ofte på Eid, det er ikkje eg.
Eg skulle absolutt vore til frisør, men trur ikkje det blir før etter julemøtet i pensjonistlaget som er onsdag i neste veke.

mandag, november 18, 2019

Dagbok 2019: 18.november

Klokka er no 16.50, temperaturen er +1,5 C. Verdama sa i går kveld at det skulle komme nedbør på Sunnmøre, men det var uvisst om det vart snø eller regn. Det hadde vore veldig kjekt å visst akkurat det. Det har vore kaldt nokre dagar og snøen ligg på vegen, det var greitt å køyre nedover i dag, sa Marit, men i morgon skal vi av garde før klokka 10 -så då kan det kanskje bli problematisk om det kjem snø. Eg har ikkje køyrt på vintervegar med bilen min, og den har ikkje piggdekk, men heilårsdekk. Det var i grunnen min tur å køyre på trening førre veka, men då køyrde Marit, så enten må eg trå til i morgon eller så blir det Taxi.
Eg har i alle fall avisa det meste i dag, og sett bilen inn i garasjen, dumt å la den stå ute og ise ned. Det er mykje som blir meir problematisk når det er vinter.
I dag har eg ikkje vore ute og gått. Eg har styra på meir og mindre her heime. Saga litt opptenningsved, rydda litt her og der og så har eg bakt tre brød. No har eg nettopp hatt meg eit betre måltid med grovbrød og pålegg, ikkje meir kjøttkaker no på ei stund.
Eg var nede i kjellaren og luska litt, då fann eg ein svart søppelsekk som det stod VØR på, det betyr at sekken er kjøpt og betalt og kan brukast. Så no vil dei nede fylle den opp med alt det boss dei kan oppdrive, det er levering komande onsdag. (Nils brukte av og til å kjøpe slike sekker og ha på lur; eg har brukt mange av dei- men så var der ein att.)
Eg ryddar både her og der på min måte, dvs. finn eg noko brennbart så brenn eg det. I garasjen er det i alle fall så pass no at eg kjem inn med bilen.
Eg veit ikkje kvar dagane fer av. Eg gjer ikkje så mykje, og likevel flyg tida. Føler at eg latar meg, men så får eg heller ikkje gjort alt eg vil og kan på grunn av armane. Eg håper at det blir bra føre, så eg kan bruke bilen til diverse ærend. Det var no litt utgjort at det kom snø såpass tidleg. Men det var veldig fint og lyst i går.

søndag, november 17, 2019

Dagbok 2019: 17.november

Ned turvegen

Til Fonnvernet





Kven ser eit lite raudt hus?
Opp Fonnvernet


Ned Fonnvernet


Klokka er no 16.10, temperaturen er minus 2 grader og vi har hatt klarvêr og sol i dag også. Men ho er berre i kortare glimt inn i stova.
Sist natt sov eg betre enn på lenge; eg la med klokka 2 og sov til nærmare halv ti. Eg ser kva som må til, eg må ikkje legge meg for tidleg.
På føremiddagen i dag fyrte eg i omnen, høyrde radio og strikka ferdig ein lest. Trur ikkje eg blir verre av å strikke LITT, det verste er å sitte/ligge heilt i ro. 
Eg såg at det var fin sol på Fonnvernet så det vart tur i dag igjen, hadde ikkje vore der sidan onsdag.
Der var mange andre som gjekk tur i dag også,  der var fine, kvite vegar over alt. Eg gjekk opp Storebakken i dag, ned Turvegen, opp Fonnvernet- og ned att same veg. Det blei 1,5 runder i dag, men litt for mykje nedover, knea mine likar best lett stigning.
Då eg kom heim var det tid for middag. Eg laga kjøttkaker til Einar og Audun skulle kome sist torsdag. Etter det har eg ete restar kvar dag. Og tru det eller ei, i dag åt eg opp resten av resten til minste gulrotbit. Ikkje mykje mat blir kasta her. Eg trur eg må vere veldig berekraftig!
No tok eg fram spanskbøkene mine og repeterte litt, eg har ikkje vore så flittig i det siste, men det blir vel meir spansk når jula er forbi, så det er best å halde seg oppdatert.
Elles så blir det ikkje mykje gjort her i huset, skulle vel både ha vaska og rydda til jul, samt bakt kaker. Eg er vanlegvis glad i å vaske, men ikkje når armane streikar. BAKE likar eg aldri. No kom Marit.

lørdag, november 16, 2019

Dagbok 2019: 16.november

Klokka er 17.45, temperaturen er minus 4 grader og det har vore fint vêr og sol i dag også. dessverre klatrar sola meir oppover for kvar dag, og no er den nesten berre i fjellet. Eit par besøk i stova rett nok, men ikkje lenge.
For meg har det liksom vore litt "dagen derpå"- ikkje for at eg har vore sjuk eller noko slikt, men eg har problem med rygg, nakke, armar og skuldrar, ikkje alvorleg , men plagsomt nok.
No hadde eg heller ikkje store planar for dagen, så det var heilt greitt å sitte i godstolen og sjå TV-programma frå i går.
Eg kunne ha gått ein tur på Fonnvernet, men eg ville spare på knea i dag, gjekk relativt mykje i går.
Her heime har eg rydda litt, lagt i hop klede og saga litt opptenningsved. Leigebuarane er bortreist, så det blir litt kaldt i huset. Eg er ikkje heilt nøgd med omnen min, men å sette inn ein ny er det mykje styr med.
Til middag i dag vart det restar frå torsdag og eg trur eg må ete av resten i morgon også, det er i alle fall middag.
I dag er Marit og hennar familie på konsert. Det er Janne sitt kor "Åmdalskoret Berre Damer" som har sin andre konsert på kulturhuset. Ja, andre i år, men dei har helde på i mange år. Hadde eg ikkje vore på konsert i går, så hadde eg kanskje gått i dag. Men Margrete har ordna billettar til heile familien sin pluss meg til konsert i Fosnavågen med Adam Douglas, det er visst 14. desember.
Eg hadde tenkt eg skulle til Vik i dag og sjå på utstillingar, julepynt etc. I fjor var eg ikkje på julehandel og ikkje dei to åra før det igjen, så no har eg lyst til å kjøpe både pynt og anna. Men eg må ha nokon å fare i lag med, og så må eg av-ise bilen. Her i Ørsta er det snø og is på vegane, i Volda var det bert.
Eg er i grunnen imot søndagshandel, men likar likevel å fare på Plantasjen på sundagar, då er det fredeleg og lite trafikk-til vanleg. Veit ikkje kor fredeleg det er når jula nærmar seg.
No har eg skrive ein heil del om ingen ting. Eg skreiv på bloggen etter at eg kom heim i går, dt er ikkje sikkert alle har oppdaga det.

fredag, november 15, 2019

Dagbok 2019: 15.november

Klokka er no 15.10, temperaturen ute på trappa er minus 1 grad, sola har vore innom eit par gonger i dag, men er mest bak fjellet. Eg står på trappa og ser mot Fonnvernet, men skal ikkje dit i dag. For i ettermiddag/kveld skal eg til Folkestad der det er stor festivitas med Bygdles (Namnet er sett saman av Beatles og bygd = Beatles på bygda.) Det er konsert med mange deltakarar, elles veit eg ikkje så mykje, men både Erlend og Amanda skal opptre. 
Eg skal gå ned til Vik og ta bussen til Volda, heim får eg skyss med Svein Nordal. Eg var ikkje sikker på om Margrete hadde ordna billett til meg, for det var ei stund sidan vi snakka om det. Men så fekk eg melding i går.
I dag har eg vore i bra form, for sist natt sov eg godt. Eg har skrive ein liten epistel til avisa. Så har eg saga opptenningsved og fyrt godt i stova, der var nokså utkaldt sjølv om varmepumpa stod på. Eg let det sjølvsagt brenne ut og slokne før eg fer.
Så har eg vaska bad og kjøkken til helga, og ete middag. Hadde restar frå i går som eg varma i mikrobølgeovnen, der er nok til minst ein dag til. Sette meg inn i godstolen etter at eg hadde ete, og då var det rett før eg sovna. 
Det kunne eg ikkje så eg spratt opp og gjekk i dusjen og vaska håret. Håret er eit kapittel for seg, det skulle nok hatt eit møte med frisøren, men det får bli nærmare jul. Eg er glad for at eg somla meg til å kjøpe støvlettar hin dagen, for elles hadde ikkje hatt noko å ha på føtene i dag. Sidan eg skal GÅ til Vik , kan eg ikkje ha hælar på skorne. No skal eg lage meg ein kaffikopp såpass eg livnar skikkeleg til, skal gå heimanfrå ca. kl.17.00. Eg skriv kanskje litt når eg kjem heim i kveld.


Eg gjekk heimanfrå kl.17.00, eg ville ha god tid sidan det var litt glatt på vegane, og dessutan har eg gløymt kor lang tid eg brukte ned til bussen den tida eg dreiv og tok buss til Volda.
Eg hadde så god tid etter kvart at eg tok ein sving bortom Gågata. der var det liv! Julestemning, juletre, juleutstillingar og barn som song frå ei scene. Eit stort juletre stod ovafor ALTI . Har ikkje sett liknande i Ørsta før. Tidleg å tenne julegran, men det var fint vêr og julestemning, så eg kunne nesten ha gitt meg til. Det er mange år sidan eg har vore på "julehandel"-i fjor sat eg i ro med eit vondt kne t.d.
Eg kom meg på bussen gjekk av ved ferjekaia. Der møtte eg Svein N. som skulle køyre meg heim i kveld, men så hadde bilen hans punktert. Men han hadde ordna med ein journalistven som skulle dekke det som skjedde på Folkestad for avisa, han skulle tilbake til Ørsta, så han kunne køyre meg heim. OK, slik vart det. Eg vart køyrt til døra og i tillegg hadde vi ein koseleg prat i bilen.
Om "konserten", eller kva eg skal kalle det, kunne eg sagt mykje, men eg skal begrense meg til å skrive at det var eit fyrverkeri av eit show. Erlend var med i orkesteret og spelte slagverk i kveld. Amanda song, hadde eit par soloar, og greidde oppgåva fint. Eg reknar med at avisene vil ha referat av showet som var vellykka frå ende til annan. Margrete hadde kome tidleg og tatt av plassar til Svein og meg, heilt framme, og for å seie det slik, så høyrde vi godt. Songane var kjende Beatles-låtar med ny tekst med lokalt innhald. Det var ikkje så lett å få tak i all teksten. Andre artistar dukka også opp, kosteleg var Bee-Gees parodien. Og det var heilt utruleg kor mange flinke songarar der var, dei fleste godt vaksne menn. Dessverre kan eg ikkje anbefale nokon til å ta turen over fjorden i morgon, for alle billettane er alt selde.
Eg har hatt dei nye støvlettane på meg sidan eg for heimanfrå og har ikkje tatt dei av enno-dei har bestått prøven.





Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...