fredag, november 15, 2019

Dagbok 2019: 15.november

Klokka er no 15.10, temperaturen ute på trappa er minus 1 grad, sola har vore innom eit par gonger i dag, men er mest bak fjellet. Eg står på trappa og ser mot Fonnvernet, men skal ikkje dit i dag. For i ettermiddag/kveld skal eg til Folkestad der det er stor festivitas med Bygdles (Namnet er sett saman av Beatles og bygd = Beatles på bygda.) Det er konsert med mange deltakarar, elles veit eg ikkje så mykje, men både Erlend og Amanda skal opptre. 
Eg skal gå ned til Vik og ta bussen til Volda, heim får eg skyss med Svein Nordal. Eg var ikkje sikker på om Margrete hadde ordna billett til meg, for det var ei stund sidan vi snakka om det. Men så fekk eg melding i går.
I dag har eg vore i bra form, for sist natt sov eg godt. Eg har skrive ein liten epistel til avisa. Så har eg saga opptenningsved og fyrt godt i stova, der var nokså utkaldt sjølv om varmepumpa stod på. Eg let det sjølvsagt brenne ut og slokne før eg fer.
Så har eg vaska bad og kjøkken til helga, og ete middag. Hadde restar frå i går som eg varma i mikrobølgeovnen, der er nok til minst ein dag til. Sette meg inn i godstolen etter at eg hadde ete, og då var det rett før eg sovna. 
Det kunne eg ikkje så eg spratt opp og gjekk i dusjen og vaska håret. Håret er eit kapittel for seg, det skulle nok hatt eit møte med frisøren, men det får bli nærmare jul. Eg er glad for at eg somla meg til å kjøpe støvlettar hin dagen, for elles hadde ikkje hatt noko å ha på føtene i dag. Sidan eg skal GÅ til Vik , kan eg ikkje ha hælar på skorne. No skal eg lage meg ein kaffikopp såpass eg livnar skikkeleg til, skal gå heimanfrå ca. kl.17.00. Eg skriv kanskje litt når eg kjem heim i kveld.


Eg gjekk heimanfrå kl.17.00, eg ville ha god tid sidan det var litt glatt på vegane, og dessutan har eg gløymt kor lang tid eg brukte ned til bussen den tida eg dreiv og tok buss til Volda.
Eg hadde så god tid etter kvart at eg tok ein sving bortom Gågata. der var det liv! Julestemning, juletre, juleutstillingar og barn som song frå ei scene. Eit stort juletre stod ovafor ALTI . Har ikkje sett liknande i Ørsta før. Tidleg å tenne julegran, men det var fint vêr og julestemning, så eg kunne nesten ha gitt meg til. Det er mange år sidan eg har vore på "julehandel"-i fjor sat eg i ro med eit vondt kne t.d.
Eg kom meg på bussen gjekk av ved ferjekaia. Der møtte eg Svein N. som skulle køyre meg heim i kveld, men så hadde bilen hans punktert. Men han hadde ordna med ein journalistven som skulle dekke det som skjedde på Folkestad for avisa, han skulle tilbake til Ørsta, så han kunne køyre meg heim. OK, slik vart det. Eg vart køyrt til døra og i tillegg hadde vi ein koseleg prat i bilen.
Om "konserten", eller kva eg skal kalle det, kunne eg sagt mykje, men eg skal begrense meg til å skrive at det var eit fyrverkeri av eit show. Erlend var med i orkesteret og spelte slagverk i kveld. Amanda song, hadde eit par soloar, og greidde oppgåva fint. Eg reknar med at avisene vil ha referat av showet som var vellykka frå ende til annan. Margrete hadde kome tidleg og tatt av plassar til Svein og meg, heilt framme, og for å seie det slik, så høyrde vi godt. Songane var kjende Beatles-låtar med ny tekst med lokalt innhald. Det var ikkje så lett å få tak i all teksten. Andre artistar dukka også opp, kosteleg var Bee-Gees parodien. Og det var heilt utruleg kor mange flinke songarar der var, dei fleste godt vaksne menn. Dessverre kan eg ikkje anbefale nokon til å ta turen over fjorden i morgon, for alle billettane er alt selde.
Eg har hatt dei nye støvlettane på meg sidan eg for heimanfrå og har ikkje tatt dei av enno-dei har bestått prøven.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...