torsdag, november 14, 2019

Dagbok 2019: 14.november.


Himmelen i vest
og i aust kl.16.00


Klokka er no 16.10, temperaturen er minus 2 grader og det har vore nydeleg vêr i dag. Sola har vore framme fleire gonger, dvs. den har vel vore her heile tida, men berre korte stunder inn glasa våre-ikkje lenge nok til å varme opp huset. No har eg kveikt i ovnen ,men eg likar ikkje så godt å fyre, for omnsdøra er ikkje fast, så eg kan ikkje gå langt frå ovnen.
Eg var litt sløv på føremiddagen, ikkje heilt i form, men det har ei enkel forklaring; sist natt sov eg ca. 2 timar, og det er i minste laget. Fekk melding frå Einar i går kveld om at han og Audun ville komme innover i dag kl. 13. Det var no veldig kjekt, og Einar gjekk med på at vi kunne ha det vi brukar å ha til middag når han er her, nemleg kjøttkaker i brun saus. Kjøttdeig har eg som regel i lageret mitt så då slapp eg å handle. Veit ikkje korleis det var å køyre i dag, det har jo kome litt snø, men så er det bra kaldt, som sagt. Eg køyrer ikkje viss eg ikkje er sikker på å kome heil fram. I går var det ei trafikkulykke i Volda der ein mann miste livet - og slik skremmer.
Einar og Audun kom som avtalt og vi åt middag og drakk kaffi i lag. Audun har vore heime nokre dagar ni, men skal opp att i Bardufoss på søndag-trur eg det var.
Etter at dei reiste har eg rydda vekk matrestar og vaska kasseroller med hand, for å bli ferdig med dei. Det ser ut til at eg må ete kjøttkaker eit par dagar til, minst, men det er lenge mellom kvar gong eg lagar skikkelig middag.

I dag er det fødselsdagen til Nils; hadde han fått leve hadde han vore 83 år. Gløymer ikkje 80-årsdagen hans, då han hamna på sjukehuset for første gong, ambulansen kom ved midnatt. Det er vondt å tenke på. Men han fekk vere heime og "feire" 81-årsdagen før han flytta ut på "heimen" 3-4 veker seinare. No har det gått såpass lang tid at det går an å tenke lenger tilbake på betre dagar. Eg har så mange bilde av Nils, ikkje få av dei er med fiskefangst. Det er slik eg helst vil minnast han.


Her har han på seg yndlinghua si. Eg hadde strikka den og tova den, og den var varm og god. Men han bad meg om å lage snorer så han kunne knyte den under haka, så den ikkje for sin veg i vind og blest. Eg laga band, men han fekk ei åtvaring:" Du går berre ikkje inn på AMFI med den hua !"


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...