mandag, november 18, 2019

Dagbok 2019: 18.november

Klokka er no 16.50, temperaturen er +1,5 C. Verdama sa i går kveld at det skulle komme nedbør på Sunnmøre, men det var uvisst om det vart snø eller regn. Det hadde vore veldig kjekt å visst akkurat det. Det har vore kaldt nokre dagar og snøen ligg på vegen, det var greitt å køyre nedover i dag, sa Marit, men i morgon skal vi av garde før klokka 10 -så då kan det kanskje bli problematisk om det kjem snø. Eg har ikkje køyrt på vintervegar med bilen min, og den har ikkje piggdekk, men heilårsdekk. Det var i grunnen min tur å køyre på trening førre veka, men då køyrde Marit, så enten må eg trå til i morgon eller så blir det Taxi.
Eg har i alle fall avisa det meste i dag, og sett bilen inn i garasjen, dumt å la den stå ute og ise ned. Det er mykje som blir meir problematisk når det er vinter.
I dag har eg ikkje vore ute og gått. Eg har styra på meir og mindre her heime. Saga litt opptenningsved, rydda litt her og der og så har eg bakt tre brød. No har eg nettopp hatt meg eit betre måltid med grovbrød og pålegg, ikkje meir kjøttkaker no på ei stund.
Eg var nede i kjellaren og luska litt, då fann eg ein svart søppelsekk som det stod VØR på, det betyr at sekken er kjøpt og betalt og kan brukast. Så no vil dei nede fylle den opp med alt det boss dei kan oppdrive, det er levering komande onsdag. (Nils brukte av og til å kjøpe slike sekker og ha på lur; eg har brukt mange av dei- men så var der ein att.)
Eg ryddar både her og der på min måte, dvs. finn eg noko brennbart så brenn eg det. I garasjen er det i alle fall så pass no at eg kjem inn med bilen.
Eg veit ikkje kvar dagane fer av. Eg gjer ikkje så mykje, og likevel flyg tida. Føler at eg latar meg, men så får eg heller ikkje gjort alt eg vil og kan på grunn av armane. Eg håper at det blir bra føre, så eg kan bruke bilen til diverse ærend. Det var no litt utgjort at det kom snø såpass tidleg. Men det var veldig fint og lyst i går.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...