onsdag, desember 12, 2018

Bok nr.42 -2018: Anfall



Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Ella er på vei til barndomshjemmet for å feire jul. Der venter foreldrene og minnene om broren som en dag gikk ut i fjorden og ble borte. Ingen snakker om han lenger, men nå har Ella falt for kollegaen Kristian, og han spør om broren. Romanen handler om å falle, både for et annet menneske, for fristelsen og for sin egen uærlighet. Dette er forfatterens debut.

Omtale fra forlaget

Kristian hadde aldri vært noe annet enn en kollega. Inntil i går kveld. Hva fikk Ella til å falle? Sammen med Filip og datteren Bess er Ella på vei til barndomshjemmet for å feire jul. Der venter foreldrene og minnene om broren. Uten at noen forsto hvorfor, gikk han ut i fjorden og ble borte. De snakker ikke om det lenger. Bare med Kristian kan hun snakke om det. Men hvor lenge kan hun drive med dette dobbeltspillet før det blir for farlig? "Anfall" er en roman om å falle - for et annet menneske, for fristelsen, og for sin egen uærlighet. Det er også en historie om å miste. Og å risikere alt.
……………………………………………………………………………………………….
Når ein ikkje får gjort så mykje anna, kan ein i alle fall få lese ei og anna bok på papir. Denne boka var det også Solveig som kom med, og eg likte den betre enn den førre eg las. Boka har fått terningkast 4-og det er vel om lag det den er verd.
Eg brukar å tenke slik at forfattaren av ei bok må ha noko å seie, noko å fortelle -ei historie som har ei meining, ein moral eller liknande Det har denne boka. Og så er den veldig lettlest.


tirsdag, desember 11, 2018

Dagbok 2018: 11.desember


Klokka er 17.05, temperaturen er minus 4 grader og det har vore fint , kaldt vêr i dag. Men dagen er kort, så no er det alt mørkt ute.
Sist natt fekk eg ikkje sove til tross for smertestillande tablettar. Det var ikkje kneet som var verst denne gongen, men venstre hofta. Det hofta har plaga meg sidan 2004, men dei siste åra har det ikkje vore gale. Før no. Eg har vore på røntgen med den fleire gonger, og på MR, men dei har alltid sagt at den ikkje er moden for operasjon, slitasjen er heilt normal. Men i natt var det så vondt at eg såg for meg både operasjon og opphald på institusjon resten av livet. Eg lurte på om eg greidde å gå, og det gjorde eg. Gjekk ut på kjøkkenet og fann meg tablettar. Så sette eg på det elektriske varmeteppet i senga og etter kvart sovna eg - og sov til klokka var 10. Då stod eg opp og hofta vart etter kvart nesten heilt bra. Men det er ikkje godt å sitte ! Kneet derimot, det venstre, har plaga me noko det også, så i dag har ingen ting blitt gjort. Godt at eg gjorde litt i går.
Eg sjekka rekninga på gravsteinen som eg fekk for nokre dagar sidan og oppdaga at betalingsfristen var ute. Eg skunda meg å betale og skreiv ein mail til Vartdal og unnskylda meg. Då fekk eg det til svar at steinen var levert og sett opp. Eg fekk sjølvsagt lyst å sjå den - og helst i dagslys-men korleis skulle eg komme meg fram på gravplassen? Til alt hell dukka Marit U. opp i eit heilt anna ærend, og ho køyrde meg fram mens det enno var lyst. Eg hadde med meg eit batteridrive "stearinlys", men det var ikkje råd å få opna luka til "lyshuset"-alt var frose. Og stearinlysa som vi har sett fram før var også frosne, så det var ikkje råd å tende dei.
Har lege på sofaen i dag og lese i ei bok, det er det lenge sidan eg har gjort. Er eg ikkje betre i morgon, får eg kanskje ringe til anestesi-legen i Volda og få nokre sprøyter på fredag- smerteklinikken er open berre ein dag i veka.
Det passar aldri å bli sjuk eller hjelpelaus, og no før jul høver det særs dårleg. Det er fleire år sidan eg har vore særleg rundt i butikkar før jul- men når ein ikkje kan får ein veldig lyst.


mandag, desember 10, 2018

Dagbok 2018: 10.desember

Klokka er 17.40, temperaturen er + 3 grader, det er vått av sludd og regn. Ikkje direkte julestemning.
Eg har ikkje vore i skikkeleg form i dag heller, eg veit ikkje kva som gjer det. Har ikkje direkte vondt nokon stad-kanskje eg berre er litt utbrent. Eg kjenner ikkje meg sjølv att, for eg plar som regel vere full av energi og arbeidslyst. Viss det er noko som er i vegen, så er det i så fall ryggen. Så no har eg bestemt meg for å late meg litt og sjå om det hjelper.
Litt har eg no fått gjort i dag også. Var nettopp ned i kjellaren og sette på vaskemaskin nr.2, det blir ofte klesvask om måndagane.
På føremiddagen sette eg meg til å lese ut ei bok, før eg tok meg på tak og vaska soverom , bad og kjøkken, rista teppe osb. Og så var eg ned i tilbygget og saga litt-vil gjerne rydde opp  der, men eg må visst ned til Clas og kjøpe ei ny sag.
Kokte meg litt graut som eg åt før eg sette meg i godstolen og sovna litt. Trur det gjorde godt. Eg har tenkt å late meg enda meir, til kleda er tørre og eg kan få alt på plass.
Det blir ikkje mykje juleførebuing i form av kakebakst, såpass kan eg seie. Eg har ikkje alt eg treng i hus heller, var litt sosete då Solveig var her for å handle til meg sist fredag. JUL blir det uansett. No skal eg bevilge meg ein kaffikopp.

Bok nr.41 - 2018: Gaute og Veronika


Gaute og  Veronika er en roman fra et hus der man venter på døden, og tenker på fremtiden. Gaute bor sammen med sin mor og hennes kjæreste. En dag kommer kjærestens datter Veronika hjem, etter å ha bodd flere år i New York. Den samme sykdommen som moren hennes døde av, har også rammet henne. Har Veronika kommet tilbake for å dø hjemme, eller flykter hun også fra noe? 
………………………………………………………………………..
Denne boka har eg lese i papirutgåve, Solveig kom med den sist fredag. Den var lett å lese, men eg forstår liksom ikkje kva forfattaren meiner med teksten. Den er skriven i "Jeg-stil" av ein mann, men "Jeg " er ei kvinne, som fortel om livet sitt her og no, og om fortida. Eit relativt alminneleg liv som ho på ein måte analyserer heile tida. Type: Kva skjedde, kva kunne ha skjedd.
Sjølv om boka ikkje er direkte spennande, er der ein "nerve" som gjer at ein les vidare for å komme til eit visst forklarande poeng-
Eg hadde venta meg ein annan slutt.

søndag, desember 09, 2018

Dagbok 2018: 9.desember

Klokka er 18.15, temperaturen +  2 grader og akkurat då eg var ute på trappa og såg, var det nedbør i lufta, men eg trur ikkje det var regn.
Dagen i dag har gått som ein røyk, utan at eg har "gjort" så mykje.
Det første eg gjorde etter frokosten var å strikke ferdig eit lestepar, så lageret mitt veks. Her er ingen små lestar lenger - vaksen storleik på alle. Kven som skal ha kva er enno ikkje bestemt. Men no må eg snart komme meg til Volda og kjøpe meir garn, eg skal ha anten Regia eller Opal-berre det beste er godt nok !Og eg har ikkje funne dei merka her.
Marit sende melding om at ho var i god form i dag, så eg måtte komme opp ein tur. Var der ca. frå kl.13 til nærmare 16. Vi pratar med kvarandre ganske ofte men vert visst aldri tomme. 
Eg fekk m.a. julebrød til kaffien, og det hadde ho kjøpt ferdig på butikk. Det var utan sukat. Trur ikkje dei lagar julebrød med sukat lenger, det er så mange som ikkje likar det, men Marit og eg ville gjerne hatt det.
 Dei som er bekymra for kosthaldet mitt , kan få vite at i dag steikte eg karbonader attåt potetene frå i går, pluss at eg kokte meir poteter+ gulrøter. Kokte så mykje poteter at eg har til i morgon også. Så no må alle vere fornøgde; sjølv er eg litt overmett !
Kneet mitt er framleis vondt, men berre når eg går, og eg tok ikkje smertestillande i går, og ikkje i dag. Då eg var dårleg i det andre kneet i februar-mars varde smertene lenge og eg tok mange tablettar for dag, så eg synest det går betre denne gongen.

lørdag, desember 08, 2018

Dagbok 2018: 8.desember

Klokka er 18.30, temperaturen +2 grader og stort meir veit eg ikkje om vêret. Snøen ser ut til å smelte litt, og det er mørkt nesten heile tida.
I går kveld slapp eg å ta smertestillande tablettar, og i dag har eg også klart meg utan, så langt. Det har gått mykje fortare framover med denne foten enn den som vart låk i februar. No er dei om lag like. Men så har eg ikkje utfordra føtene så mykje heller. Følte meg ikkje heilt i form då eg stod opp i dag, men no mot kveld kviknar eg til-eg er eit nattmenneske, ingen tvil om det. I heile dag har eg kjent på at det er søndag, slik er det somme tider. Og det endatil at eg var ute og henta inn avisa på morgonen. Elles har eg gjort veldig lite i dag, anna enn å strikke. Driv og strikkar på eit par parallell-lestar, det er ganske kjekt, for då blir begge ferdige om lag på samme tid. Eg har eit bra lager, men det er enda ei stund til jul, så eg rekk nokre par til. Eg prøvde å lese litt i ei bok, men då sovna eg berre.
Både Solveig og Bodil kjem med gode råd når det gjeld kosthald. I staden for å ete brød støtt og alltid, skal eg koke meg poteter. Og det gjorde eg i dag. Hadde nokre små mandelpoteter som ikkje var så verst. Tilbehøret var steikte grillpølser. Det er ikkje ofte eg orkar å lage middag når eg er åleine, men eg har no besøk av og til og då blir det som regel å ete restar fleire dagar. Ikkje så fristande det heller. Men eg trur potetene gjorde godt for helsa mi, og dei som vart til overs steiker eg i morgon. Kanskje eg skal spandere gulrøter også? Når ein "slurvar" med matlaginga må ein i alle fall passe på at ein får i seg det kroppen må ha. Såpass forstår eg. Frukt et eg kvar dag!
Marit er også heime åleine denne helga, men vi held kontakten og passar på kvarandre. Meininga var at ho skulle komme ned og drikke kaffi med meg, men så var ho ikkje i form. Ho har vore litt tufs heile veka etter at ho fekk ei "sykje" førre helg.

I dag har eg tenkt mykje på at det var den 8.desember i fjor at Nils flytta ut på Ørstaheimen for godt. Vi sa det ikkje høgt, men vi visste begge at han neppe kom heim att i Starevegen. Sjølv var han glad for å komme dit ut, for han kjende seg ikkje trygg her heime når han ikkje lenger greidde å gå med rullator. Vi hadde fått all den hjelp vi trong heime , om vi ville, men Nils sa alltid at heimen vår ikkje skulle vere eit sjukehus.
Eg har fått rekninga på gravsteinen, så no reknar eg med at den blir sett opp før jul. Eg håper det ! Viss den blir så fin som eg trur, ser eg fram til å sette lys i lykta.
Første jula Nils og eg feira i lag var i 1959- og sidan då har vi vore i lag alle juler til no. Eg kjem truleg til å vere på Hareid julekvelden i år. Nils og eg var der i fleire år, men ikkje dei to siste.

fredag, desember 07, 2018

Dagbok 2018: 7.desember

Bøker eg kanskje skal lese.


Klokka er 22.20, temperaturen ute er + 2 grader C, og det kjennest mykje mildare ut  enn det var i går. Snøen har i alle fall smelta litt.
Eg har ikkje vore heilt i form i dag, kan ikkje heilt forklare korleis eg føler det - og  kva som gje det.
Eg sov lite og dårleg sist natt, så det er kanskje berre ein biverknad av det.
Eg har no fått gjort litt husarbeid i løpet av dagen, og når det leid på kom Solveig ein tur og ho handla til meg. Vi fekk no tid å drikke kaffi og prate litt også før ho reiste ut att. Elles har eg sett TV og strikka.
Eg skal ikkje begynne å køyre bil så lenge det er slikt føre, men eg gjekk ein tur ut i garasjen, låste opp bildøra og sette meg inn Det er vel det ein kallar "tilvenning".
Vekene fyk av garde, og no er det fredagskveld så då vil eg ønske alle ei fin helg.Eg har ingen spesifikke planar for helga, det kjem an på form og helse kva eg kan finne på.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...