tirsdag, desember 11, 2018

Dagbok 2018: 11.desember


Klokka er 17.05, temperaturen er minus 4 grader og det har vore fint , kaldt vêr i dag. Men dagen er kort, så no er det alt mørkt ute.
Sist natt fekk eg ikkje sove til tross for smertestillande tablettar. Det var ikkje kneet som var verst denne gongen, men venstre hofta. Det hofta har plaga meg sidan 2004, men dei siste åra har det ikkje vore gale. Før no. Eg har vore på røntgen med den fleire gonger, og på MR, men dei har alltid sagt at den ikkje er moden for operasjon, slitasjen er heilt normal. Men i natt var det så vondt at eg såg for meg både operasjon og opphald på institusjon resten av livet. Eg lurte på om eg greidde å gå, og det gjorde eg. Gjekk ut på kjøkkenet og fann meg tablettar. Så sette eg på det elektriske varmeteppet i senga og etter kvart sovna eg - og sov til klokka var 10. Då stod eg opp og hofta vart etter kvart nesten heilt bra. Men det er ikkje godt å sitte ! Kneet derimot, det venstre, har plaga me noko det også, så i dag har ingen ting blitt gjort. Godt at eg gjorde litt i går.
Eg sjekka rekninga på gravsteinen som eg fekk for nokre dagar sidan og oppdaga at betalingsfristen var ute. Eg skunda meg å betale og skreiv ein mail til Vartdal og unnskylda meg. Då fekk eg det til svar at steinen var levert og sett opp. Eg fekk sjølvsagt lyst å sjå den - og helst i dagslys-men korleis skulle eg komme meg fram på gravplassen? Til alt hell dukka Marit U. opp i eit heilt anna ærend, og ho køyrde meg fram mens det enno var lyst. Eg hadde med meg eit batteridrive "stearinlys", men det var ikkje råd å få opna luka til "lyshuset"-alt var frose. Og stearinlysa som vi har sett fram før var også frosne, så det var ikkje råd å tende dei.
Har lege på sofaen i dag og lese i ei bok, det er det lenge sidan eg har gjort. Er eg ikkje betre i morgon, får eg kanskje ringe til anestesi-legen i Volda og få nokre sprøyter på fredag- smerteklinikken er open berre ein dag i veka.
Det passar aldri å bli sjuk eller hjelpelaus, og no før jul høver det særs dårleg. Det er fleire år sidan eg har vore særleg rundt i butikkar før jul- men når ein ikkje kan får ein veldig lyst.


2 kommentarer:

Hildegard sa...

Det var ein enkel og fin stein. Godt den vart montert før jul.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, eg håpte no på det. Det er kommunen som set opp steinane, så dei ventar vel til dei har fleire på ein gong.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...