lørdag, desember 08, 2018

Dagbok 2018: 8.desember

Klokka er 18.30, temperaturen +2 grader og stort meir veit eg ikkje om vêret. Snøen ser ut til å smelte litt, og det er mørkt nesten heile tida.
I går kveld slapp eg å ta smertestillande tablettar, og i dag har eg også klart meg utan, så langt. Det har gått mykje fortare framover med denne foten enn den som vart låk i februar. No er dei om lag like. Men så har eg ikkje utfordra føtene så mykje heller. Følte meg ikkje heilt i form då eg stod opp i dag, men no mot kveld kviknar eg til-eg er eit nattmenneske, ingen tvil om det. I heile dag har eg kjent på at det er søndag, slik er det somme tider. Og det endatil at eg var ute og henta inn avisa på morgonen. Elles har eg gjort veldig lite i dag, anna enn å strikke. Driv og strikkar på eit par parallell-lestar, det er ganske kjekt, for då blir begge ferdige om lag på samme tid. Eg har eit bra lager, men det er enda ei stund til jul, så eg rekk nokre par til. Eg prøvde å lese litt i ei bok, men då sovna eg berre.
Både Solveig og Bodil kjem med gode råd når det gjeld kosthald. I staden for å ete brød støtt og alltid, skal eg koke meg poteter. Og det gjorde eg i dag. Hadde nokre små mandelpoteter som ikkje var så verst. Tilbehøret var steikte grillpølser. Det er ikkje ofte eg orkar å lage middag når eg er åleine, men eg har no besøk av og til og då blir det som regel å ete restar fleire dagar. Ikkje så fristande det heller. Men eg trur potetene gjorde godt for helsa mi, og dei som vart til overs steiker eg i morgon. Kanskje eg skal spandere gulrøter også? Når ein "slurvar" med matlaginga må ein i alle fall passe på at ein får i seg det kroppen må ha. Såpass forstår eg. Frukt et eg kvar dag!
Marit er også heime åleine denne helga, men vi held kontakten og passar på kvarandre. Meininga var at ho skulle komme ned og drikke kaffi med meg, men så var ho ikkje i form. Ho har vore litt tufs heile veka etter at ho fekk ei "sykje" førre helg.

I dag har eg tenkt mykje på at det var den 8.desember i fjor at Nils flytta ut på Ørstaheimen for godt. Vi sa det ikkje høgt, men vi visste begge at han neppe kom heim att i Starevegen. Sjølv var han glad for å komme dit ut, for han kjende seg ikkje trygg her heime når han ikkje lenger greidde å gå med rullator. Vi hadde fått all den hjelp vi trong heime , om vi ville, men Nils sa alltid at heimen vår ikkje skulle vere eit sjukehus.
Eg har fått rekninga på gravsteinen, så no reknar eg med at den blir sett opp før jul. Eg håper det ! Viss den blir så fin som eg trur, ser eg fram til å sette lys i lykta.
Første jula Nils og eg feira i lag var i 1959- og sidan då har vi vore i lag alle juler til no. Eg kjem truleg til å vere på Hareid julekvelden i år. Nils og eg var der i fleire år, men ikkje dei to siste.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...