søndag, desember 09, 2018

Dagbok 2018: 9.desember

Klokka er 18.15, temperaturen +  2 grader og akkurat då eg var ute på trappa og såg, var det nedbør i lufta, men eg trur ikkje det var regn.
Dagen i dag har gått som ein røyk, utan at eg har "gjort" så mykje.
Det første eg gjorde etter frokosten var å strikke ferdig eit lestepar, så lageret mitt veks. Her er ingen små lestar lenger - vaksen storleik på alle. Kven som skal ha kva er enno ikkje bestemt. Men no må eg snart komme meg til Volda og kjøpe meir garn, eg skal ha anten Regia eller Opal-berre det beste er godt nok !Og eg har ikkje funne dei merka her.
Marit sende melding om at ho var i god form i dag, så eg måtte komme opp ein tur. Var der ca. frå kl.13 til nærmare 16. Vi pratar med kvarandre ganske ofte men vert visst aldri tomme. 
Eg fekk m.a. julebrød til kaffien, og det hadde ho kjøpt ferdig på butikk. Det var utan sukat. Trur ikkje dei lagar julebrød med sukat lenger, det er så mange som ikkje likar det, men Marit og eg ville gjerne hatt det.
 Dei som er bekymra for kosthaldet mitt , kan få vite at i dag steikte eg karbonader attåt potetene frå i går, pluss at eg kokte meir poteter+ gulrøter. Kokte så mykje poteter at eg har til i morgon også. Så no må alle vere fornøgde; sjølv er eg litt overmett !
Kneet mitt er framleis vondt, men berre når eg går, og eg tok ikkje smertestillande i går, og ikkje i dag. Då eg var dårleg i det andre kneet i februar-mars varde smertene lenge og eg tok mange tablettar for dag, så eg synest det går betre denne gongen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...