fredag, oktober 13, 2017

Dagbok 2017: 13.oktober

Klokka er 19.30, temperaturen er + 14 grader og det regnar. Det hard et for så vidt gjort i heile dag, så eg har ikkje vore lenger enn til postkassa.
Nils var som vanleg sløv og slapp på føremiddagen, og slappa av og sov for det meste. Han kvikna til etter kvart, men ville ikkje ha middag før klokka 15.00. Og han må få det som han vil.
Eg fekk vaska "rundt" og rydda kjøkkenet før han stod opp, elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Sat og strikka litt med lydbok på øyret mens Nils sov.
Erlend ringde og spurde og dei kunne komme på besøk. Ingeborg, Eirik og Erlend kom rett etter at HBO hadde vore her. Amanda var i Ulsteinvik så ho var ikkje med, men ho skal no ikkje reise att slik som dei to eldste. Ingeborg og Eirik reiser tilbake til Oslo og Trondheim allereie på sundag. Det er kjekt at dei tek seg tid til å besøke oss. Nils hadde tatt to "kvikkisar" før dei kom, så han var i storslag. Eg var litt redd for at han overanstrengte seg, men det gjekk visst bra.
Elles ringde HBO, så vi fekk resultatet av blodprøvene, dei var om lag som sist. Legen vil komme heim til oss i staden for at Nils skal møte opp å legesenteret. Det er fint.
Elles har eg ikkje så mykje å berette i dag. Eg håper på betre vêr sidan eg enno har mykje att å gjere ute. Reknar med at Solveig og Øystein kjem att i løpet av helga, og kanskje har dei Audun med seg.
No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, oktober 12, 2017

Dagbok 2017: 12.oktober

Klokka er snart halv ni, ute er det mørkt og + 8 grader. Eg har sete her ved maskina i det uendelege og prøvd å få eit bilde frå mobilen inn på datamaskina-det går for så vidt bra, men eg får ikkje lagra det slik eg skal. Har gjort det mange gonger før, men no funkar det ikkje. Alle veit kor frustrerande og tidkrevjande det er med datatrøbbel, så det skal eg ikkje snakke meir om.
Denne dagen har gått som ein røyk, slik ale dagar gjer. Nils var som vanleg slapp og sløv før middag, men kom seg etter å ha kvilt. HBO kom og tok blodprøver i dag, før klokka halv 12. Då hadde eg allereie laga ei skuffe- prinsessekake, og var veldig nøgd med meg sjølv. Heilt til eg kom på at eg hadde gløymt å ha i rosiner. Det ergra meg litt.
Sola skein og vêret var fint, så eg valde å gå ein tur på butikken, for å få litt mosjon. Eg har ikkje fått jobba så mykje med prosjekta mine i det siste, så eg er redd for å miste forma. EG gjekk ned på Kiwi, handla to tunge nett med mat og gjekk opp att (ikkje fort) og prøvde å finne ut om eg hadde brukt nok kaloriar . Heile turen tok mindre enn tre kvarter, så det var så vidt Nils hadde fått kvilt seg litt mens eg var vekke. Så tok eg trillebåra og flytta nokre vedsekker opp i garasjen i dag også, og saga litt på eit plommetre. DÅ laga eg middag og så sovna vi begge to.
Så kom HBO, "Kakekrigen" med kaffi til, og så kom Margrete. Ho hadde vore til frisør i Volda først.Då blei det kaffi og prinsessekake.
Dermed var dagen så å seie over. Margrete hadde med seg to lydbøker som eg gler meg til å lese, når eg får rippa dei og lagt dei inn på MP 3-spelaren min. Det er sant å seie ikkje så mykje eg får lese, så det er langt mellom kvar fullført bok.
Det går bra med Nils, han er veldig slapp, men blir litt kvikkare når han får "Kvikkis". NO trur eg han har funne seg ein fotballkamp.

onsdag, oktober 11, 2017

Dagbok 2017: 11.oktober

Klokka er 18.40, temperaturen ute er + 10 grader og det har regna stort sett i heile dag. Eg har enno mykje arbeid att ute og treng fint vêr, så vi får håpe det lettar opp att. Eg saknar utearbeidet, sjølv om eg har mykje eg skulle ha gjort inne også. Det blir liksom ikkje så mykje trim i å rydde og vaske i skuffer og skap, sjølv om det er eit nyttig arbeid.
Nils er relativt bra, men han sit no for det meste i stolen sin, med TV som selskap. Så blir eg også sittande innimellom. Men har sjølvsagt eit lite "spøt".
No skulle eg inn på Facebook, men maskina dreiv og oppdaterte seg på eige initiativ, og då den var ferdig med det, var Facebook låst med hengelås. Veit ikkje om den kjem til å låse seg opp att sjølv. Heldigvis har vi ein Laptop også, så heilt hjelpelaus er eg ikkje.
I går kveld skulle vi kose oss med krabbe. Å koke krabbe har alltid vore Nils sin jobb, men no måtte eg tre til. Han hadde kommandoen. Vi kom i mål, men det vart mykje boss og lite mat. Dei fleste krabbane var tomme. Ikkje ein gong i klørne var det særleg mykje å ete. Men vi vart no mette, og eg trur eg fekk nok. Det vart mykje rot, så eg fekk ein jobb å ordne opp. Når vi åt krabbe i Sula (Solund) var det å sitte ute og knuse krabben med steinar, og så kom måsane og rydda opp. Det var tider.
I morgon meiner eg at Ingeborg kjem heim ein tur. Solveig og Øystein er ute og fartar og tek kanskje med seg Audun heim att. I dag har vi ikkje hatt besøk av andre enn HBO -"Moxnes".

tirsdag, oktober 10, 2017

Dagbok 2017: 10.oktober



Klokka er 19.35, utetemperaturen + 8 grader og i dag har det vore overskya og litt regn av og til.
Nils hadde bestemt at han skulle dusje rett etter frokost i dag, men det greidde han ikkje. Han måtte ta to tablettar og legge seg att ei lita stund, før han greidde å komme seg inn i dusjkabinettet. Så fekk han barbert seg også , fekk reine klede frå topp til tå og var som eit nytt menneske. Eg kallar tablettane "kvikkis", og det er med legens velsigning han tek dei.
Tida då han låg og kvilte brukte eg mellom anna til å vaske skuffer og skap på kjøkkenet, og til å rydde i "matboda" i kjellaren. Det er mykje rusk og rot som berre er til å kaste, andre ting håper eg kan gå i arv til dei yngre. Sjølve treng vi ikkje all verda etter kvart. Men du store tid kva vi har samla i hop i løpet at dei 55 åra vi har budd i lag. Ja, vi er nok ikkje åleine om det
Etter at vi hadde sett "kakekrigen" og drukke kaffi, ville eg ta ein tur ut og jobbe med rota mi. Det var ikkje så lenge eg fekk halde på før Nils ringde på mobilen min. Då var Birte og Håkon komne, og i dag hadde dei fått både hummar og krabbe. Vi fekk sju krabbar som står på kok no. Vi hadde som ei aning om at dei kom, så vi hadde ikkje laga oss middag. Om ein halv times tid skal vi ete krabbe med majones, sitron og loff. Vi gler oss.

mandag, oktober 09, 2017

Dagbok 2017: 9.oktober



Klokka er21.10, utetemperaturen er no + 3 grader. I dag tidleg var det frose på alle hustak, men det har vore ein nydeleg dag med mykje sol.
Nils var ikkje så kvikk i dag som han var i går, men rimeleg bra etter eit par "kvikkisar" som eg kallar tablettane han tek innimellom. Etter avtale vart han liggande ei stund utover føremiddagen, såpass eg fekk støvsuge skikkeleg på stova og gangane.
Eg hadde tenkt å vere med Marit på ei lita handlerunde, for å kjøpe lyspærer m.a. Men så fann vi ei pære vi kunne bruke i utelampen, så eg skrudde i den, og avlyste handleturen. 
Til middag blei det fiskegrateng frå frysaren, så det var no lettvint. Elles har dagen gått som ein røyk utan at eg har "gjort" så mykje. Derfor tok eg no på kveldstid og bakte 6 brød. Eg lagar brøda særdeles næringsrike, for Nils si skuld. Han har bra appetitt, men et nok meir enn han eigentleg har lyst på. Han veit at det går fort nedover om han sluttar å ete. Vi har sett ein del TV i dag, Nils har ikkje så mange aktivitetar å velje mellom, og eg synest ikkje han skal sitte for mykje åleine. Slik går no dagane, og vi har det etter måten bra.
No har vi tenkt å sjå den nye norske serien på NRK 1.

søndag, oktober 08, 2017

Dagbok 2017: 8.oktober.

Klokka er 19.15,utetemperaturen + 8 grader og det har stort sett vore opplett i dag. Men sidan det er sundag kunne eg ikkje jobbe ute likevel. Sundag plar vere ein roleg dag, og då prøver eg å komme a jour med husarbeidet utan å overdrive. I dag vaska eg kjøkken og bad, vaska, tørka og strauk klede og laga middag. Har hatt god tid til å slappe av og sjå TV.
I dag tidleg vakna Nils meir opplagd enn på lenge, og han har enno ikkje hatt behov for ekstra tablettar enno i dag. Han åt godt til middag, det gjorde eg også, og så sovna vi i kvar vår stol. Men vi var vakne då Håkon ringde og fortalde at dei hadde fått ein hummar og to krabbar i teinene. Dei var innom her ein tur før dei for ut og drog. Nils er veldig interessert i fisking og fangst, sjølv om han ikkje lenger kan vere med sjølv. Dei kom innom og synte fram hummaren. Den var ikkje stor, men heldt minstemålet med god margin. Nils måtte få halde hummaren. Eg skulle ta bilde, men fotoapparatet var ikkje heilt i vigør, så bilda blei som dei blei.
I morgon må eg på butikk, for vi manglar lyspærer og ein utelampen er utan lys. Slikt går ikkje an. Innimellom spekulerer eg på korleis vi skal få opp den store granrota. I dag kom eg på ein lys ide som eg presenterte for Nils, og han meinte ideen var god.
I dag har vi hatt ein god dag!




lørdag, oktober 07, 2017

Dagbok 2017: 7.oktober






Klokka er 19.00, temperaturen +5-6 grader og den første verkelege haustdagen er snart over. Førre veka var det sommar, men i dag tidleg kunne vi registrere at det hadde snødd i fjella. Elles har vi hatt sol, regn, hagl, skodde -kort sagt nesten all slags vêr. Eg hadde tenkt meg til med noko utearbeid i dag, men så langt kom eg aldri. Best sola skein, så regna det igjen. Det vart lite gjort både ute og inne. 
For det første stod eg seint opp, til ei forandring, det gjorde sitt til at dagen vart kort. Elles har tida gått med til vanlege huslege syslar og HBO-jobbar. Nils blir ikkje friskare, men han har gått med på å ta Oxycodone-tablettar, og då får han det betre. Dei hjelper sjølvsagt ikkje for noko anna enn at han kan vere litt kvikkare og ha det betre. Det er ikkje lite berre det.
Då vi skulle til å ete middag, restar frå torsdag, kom Håkon og Birte innom, dei skulle ut og sette hummarteiner. Etter at dei hadde fare kom HBO-pleiaren, og då ho var vekke, kokte eg kaffi. Så ringde Eirik, som er heime på ferie og spurde om dei kunne komme oppom. Det var sjølvsagt kjekt; Margrete, Amanda og Erlend var også med. Ingeborg kjem ikkje heim før neste veke.
Resten av kvelden blir det vel å sjå TV. Vi følgjer med på Stjernekamp, der eg heiar på Adam- og dernest på Didrik. Eg er så kry av at eg har køyrt heis i lag med han - i Fosnavåg. Det var ein liten heis, så eg stod og såg han rett inn i ansiktet. Han var ikkje stort høgare enn eg. Eg vart sjølvsagt heilt starstruck. Gløymde visst å ønske lesarane god helg i går, så det får eg gjere no. Håper på fint vêr i morgon.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...