onsdag, januar 11, 2017

Dagbok 2017: 11.januar.

Klokka er 18.10, temperaturen er + 2 grader C og i dag har vi hatt både regn og sludd. Det vesle gløttet av blå himmel vi hadde i går får vi visst leve lenge på.
I dag hadde eg eit par jobbar som måtte gjerast. Eg begynte med å støvsuge alle teppegolva; sidan eg venta på at Nils skulle ringe måtte eg halde meg inne og passe telefonen.
Etter at eg hadde snakka med han og fått vite at det stod relativt bra til, gjorde eg ferdig støvsuginga, før eg gjekk ut i garasjen og begynte å kløyve ved. Eg kløyvde tre sekker med ore-ved til opptenningsved, så no har eg ei stund. Så rydda eg litt i garasjen slik at bilen kan køyrast inn att.
Mens eg var i garasjen kom Marit att frå Volda, ho hadde vore på røntgen og så hadde ho besøkt Nils med det same. Ho hadde vore der etter legevisitten, så ho kunne fortelje at Nils skal skrivast ut på fredag og overførast til sjukeheimen i Ørsta. Eg er glad for at dei ikkje sender han rett heim, for det er han ikkje frisk nok til. No er planen at han skal vere på sjukeheimen og få opptrening, blant anna.
Eg har høyrt og lese mykje om samhandlingsreforma, no får eg sjå den i praksis. 
Og no kan eg lett besøke han, det er ein høveleg spasertur fram og tilbake til sjukeheimen.
Eg gjekk litt for tynnkledd ute i slapset så då eg var ferdig i garasjen gjekk eg rett i dusjen for å få varmen i meg. Hadde fått på meg minimalt med klede då telefonen ringde og eg måtte ta ei relativt lang samtale. Ikkje før var eg ferdig med samtalen så ringde det på døra. Eg var først frista til ikkje å late opp, men då det ringde kraftig ein gong til ropte eg "Kven er det?"- "Eirik" var svaret. Då var det den kjekke guten som hadde vore i Ørsta og handla, og hadde funne ut at han kunne ta mormora med seg til Volda!  Eg fekk på meg klede i ein viss fart og så for vi bort på sjukehuset til Nils.
Og i dag var eg ekstra glad for å sleppe å gå ned til bussen, for eg var låk i ryggen og vêret var ufyselig. (Eg blir låk i ryggen når eg må bøye meg mykje- elles går det bra)
Då vi kom bort til Nils var Håkon der, og etter ei stund kom Margrete, som køyrde meg heim att. Vi stoppa på Amfi, så eg fekk hente medisin på apoteket og handle litt mat.
Ja, det står ikkje på når ein har så mange gode hjelparar!
Nils meinte at eg treng ikkje besøke han i morgon, men vi får no sjå. For andre blir det kjekkare å besøke han på sjukeheimen, trur eg, særleg viss han får enkeltrom.
No har han tre karar til på rommet som er relativt oppegåande, så han har bra med selskap. Den eine kjende han frå før. Men det er stilt om natta, så då får han ro. Han hadde ete bra til lunsj i dag. Middag skulle han få klokka 16.00.Så det ser ut til at det går seg til denne gongen også. Han hadde ikkje hatt så mykje feber i dag.

tirsdag, januar 10, 2017

Dagbok 2017: 10.januar


Desse bilda er tatt frå trappa vår klokka 12.15 i dag. Sola er på veg nedover fjellsida, og om ei veke, om vêret er fint, skal vi ha sol i stova.


Klokka er 17.05, temperaturen ute er + 5 grader C, og vi har hatt ein fin dag, med opplett og berre lette skyer. Sol i fjella.
Eg hadde bestemt meg for at i dag skulle egg vaske soverommet og bytte på sengane, men at det skulle bli så fint at eg fekk henge ut sengetøyet, det hadde eg ikkje drøymt om. Men slik blei det altså. Merkeleg kor lys og sol gir energi. I dag fekk eg i tillegg til soverommet også vaska kjøkken og bad, og så har eg fått vekk mesteparten av julepynten. Av erfaring veit eg at somme ting stikk seg unna, så derfor har eg ikkje fått noko opp på loftet enno.
Nils ringde på føremiddagen, men han visste ikkje så mykje då. Han hadde hatt feber om morgonen i dag også, men var bra då han ringde. Einar kom og henta meg, som avtalt, og vi var på sjukehuset frå 14-16, og Margrete kom også før vi reiste. Ho var att ei stund etter at vi hadde fare.
I dag fekk eg snakka med eit par sjukepleiarar og dei sa at den nye antibiotikaen virka, så no hadde betennelsen gått tilbake. No håper vi på betring, men håper også at han får vere på sjukehuset til han blir fri infeksjonen. Dei har ikkje funne ut kvar infeksjonen har sitt opphav. Det var i alle fall eit lyspunkt i dag.
Etter at eg kom heim att, såg eg over og sende innlegget til avisa, og så har eg fyrt i omnen. Må vel finne meg litt mat også, for eg har ikkje ete sidan frokost. det blir ikkje mykje matstell når eg er her åleine- men eg har vel berre godt av litt svelteforing.

mandag, januar 09, 2017

Dagbok 2017: 9.januar

Klokka er 21.00, temperaturen er + 7 grader C, det har vore overskya med litt regn i heile dag. Vegane er stort sett berre, noko som passar meg fint.
Denne dagen har eg ikkje gjort mykje til nytte. Eg sov lenge på morgonen, og gjekk heimanfrå klokka 12.00, så det vart ikkje gjort mykje før den tid.
Klokka 12.30 var det styremøte i pensjonistlaget, og då det var slutt tok eg bussen til Volda. I dag gjekk bussen direkte til sjukehuset.
Nils hadde hatt relativt høg feber i dag tidleg, men då eg var der hadde dei fått temperaturen ned på det normale igjen. Eg snakka ikkje med verken legar eller pleiarar i dag, så eg veit ikkje så mykje nytt. Berre at dei har sendt blodprøver til Ålesund og Molde for å prøve å finne ut kva som eigentleg feilar mannen, og kva medisin han skal ha. Vi får håpe dei finn ut av dei. Meir kan vi ikkje gjere.
Naboen var på sjukebesøk til ein annan mann, så han stakk oppom til oss og tilbaud meg å sitte på heim att. Det var eit tilbod eg tok imot med takk, så hadde eg skyss til døra. I morgon kjem Einar innover, så då har eg transport begge vegar.
Eg åt litt då eg kom heim, og skreiv litt på eit avisinnlegg etc., før Marit kom ned ein tur og vi fekk prate oss tomme-eller i alle fall nesten. Eg gløymde tid og stad, og dermed "Anno"-men det kjem vel i reprise. No følgjer eg med på så mange seriar at det blir eit heilt stress. I kveld er det "Arvingane". også.
Elles fekk eg endeleg lese ut boka mi i dag, og rippa eit par andre bøker, og så skreiv eg nesten ferdig eit lite avisinnlegg. Så blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden.
Eg klarer meg heilt fint heime åleine- men ønsker sjølvsagt at Nils må bli så frisk at han kan kome heim snart.

Bok nr.1 -2017: Den japanske elskeren

Den japanske elskeren - 
      Isabel Allende
    
      Kari Risvik
    
      Kjell Risvik
Hemmelig kjærlighet som strekker seg over generasjoner og kontinenter, i krig og fred.

Unge Alma Belasco blir i 1939 sendt fra et Polen i nazismens skygge til sin velstående onkel og tante i San Francisco. Her treffer hun Ichimei, den stillferdige sønnen til familiens japanske gartner. Uten at noen omkring dem merker det, gryr en øm kjærlighet mellom Alma og Ichimei, men etter japanernes angrep på Pearl Harbor blir de to brutalt revet fra hverandre.
Flere tiår senere, da Almas lange og begivenhetsrike liv går mot slutten, blir pleieren Irina kjent med den eldre kvinnen og barnebarnet hennes, Seth. Sammen finner Irina og Seth en rekke mystiske gaver og brev som er blitt sendt til Alma i årenes løp.
I Den japanske elskeren utforsker Allende spørsmål knyttet til identitet, tap og forsoning. Forfatteren av Åndenes hus fortsetter med denne romanen å skildre menneskenes hjerte, og skjebnens uforutsigbarhet, i en fortelling som strekker seg over generasjoner og kontinenter.

...............................................................
Isabel Allende er ein forfattar eg set høgt. Eg har brukt lang tid på denne boka, fordi eg har problem med å konsentrere meg, og må ofte lese om att. Dermed får eg ikkje rette inntrykket av boka. Margrete skal også lese denne, så eg overlet til henne å vurdere boka.
Eg har lese lydbokversjonen.

søndag, januar 08, 2017

Dagbok 2017: 8.januar

Desse restelestane skal eg ha sjølv. Eg brukar ullsokkar døgnet rundt, så eg slit ut nokre par i året

Klokka er 16.45, temperaturen er + 4 grader C og det regnar litt.
Søndagar er nokså late dagar her i heimen, og no når eg er her heilt åleine, skjer det enda mindre.
Føremiddagen gjekk med til dusjing og hårvask, bering av ved, festing av trådar på lestene eg strikka osb.
Klokka 13.45 kom Solveig og Øystein og vi køyrde til sjukehuset for å besøke Nils.
Han hadde sove godt både i natt og i dag, og var feberfri sidan han får medisin. Infeksjonen hadde dei ikkje fått has på, så no ville dei prøve ein annan type antibiotika. Eg forstod ikkje alt legen sa, men det var slik eg oppfatta det.
Solveig og Øystein køyrde meg heim. Håkon skulle ta ein tur innom sjukehuset i kveld. Besøkstida er frå 14-19, så den er romslig.
I dag laga eg meg eit måltid med egg og sild. Når ein er åleine, kan ein ete det ein har lyst på- og ta det lettvint. Kaffi og kaker etterpå.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, og etterpå har eg tenkt å ta bussen til Volda. Nils seier at eg treng ikkje besøke han kvar dag, men eg gjer det fordi eg har lyst. Og eg har no god tid!
I går kveld strikka eg ferdig "restelestene" mine, og i dag kom Solveig med ein heil plastpose med garn ho hadde liggande, så no har eg arbeid LENGE. Likar å henge fingrane borti noko mens eg ser TV-ikkje alt blir like pent strikka, så det kan vere greitt å halde seg til lestar.

lørdag, januar 07, 2017

Dagbok 2017: 7.januar

Klokka er no18.30, temperaturen er + 2 grader. Det har vore skya og opplett, før middag smelta is og snø på vegane, no frys det på. For meg har det vore søndag i heile dag, og når ein først har fått den ideen, er den vanskeleg å bli kvitt.
Sidan eg la meg seint i går, var eg seint oppe i dag, så føremiddagen vart kort. Eg bestemte meg for å ta bussen til Volda klokka 12.53 , så kunne eg komme både fram og tilbake i dagslys. Eg gjekk heimanfrå i god tid. I dag var eg heldig og trefte på ein buss som gjekk heilt til sjukehuset, så eg var der ca. 13.10. Men der låg pasienten og sov tungt og godt. Eg let han berre sove og sette meg til å lese Møre-Nytt som eg hadde tatt med. Tre kvarter sat eg der før han vakna. Men eg har god tid, så eg var der enda to timar, då måtte eg gå for å nå siste busse heim, dvs. den siste som stod i MITT rutehefte. Eg har aldri gått frå sjukehuset og ned til bussen før, så eg ante ikkje kor lang tid det tok. Eg hadde tenkt ut vegen eg skulle gå- tross omveltningar er eg no bra kjend i Volda. Ruta var heilt perfekt, men eg kom 20 min. før tida. Då vi kom til Ørsta var eg nedom Amfi og bestilte medisinen som eg gløymde i går. Kjøpte meg ein liknande salat som den eg kjøpte på Rema i går, det var det einaste eg hadde lyst på. Men den frå Rema var betre.
Så var det å begynne på motbakkane, då var eg litt trøtt, men då eg var komen opp i Håkonsgata stoppa naboane Hildur og Svein og plukka meg opp og kjørte meg heilt heim. No har eg ete og sit med ein kaffikopp. Når eg skriv så mykje om denne gåinga mi, er det for å tydeleggjere at no kan eg GÅ-det har eg ikkje alltid kunna.(Det manglar ikkje på tilbod frå folk som vil køyre meg både hit og dit, men eg synest det er godt å få vere ute litt- og få litt mosjon)
Så til Nils: Han får no penicillinbehandling for ein infeksjon som dei ikkje heilt forstår kvar han kjem ifrå. Men Nils er svak og immunforsvaret virkar dårleg. Dette er same diagnosen som han fekk første gongen han var innlagt. Andre gongen var det dehydrering, og eg håpte det var slik no også; det var det ikkje. No håper eg berre dei får has på denne infeksjonen før dei sender han heim. Han blir fort trøytt, så det er ikkje lurt at mange besøker han i gongen-eller lenge om gongen. Det reknar eg med at alle forstår. Han har mobilen sin med seg.
Der var to andre på rommet i dag, minst ein av dei venta på at han skulle få fare heim. Prata mykje med han.

fredag, januar 06, 2017

Dagbok 2017: 6.januar

Klokka har passert 18.00, temperaturen er + 5 grader C og det regnar litt. Ja, eg er så gammal no at eg likar regnet betre enn snøen, særleg sidan eg prøver å moke snøen vekk etter beste evne. Tunet er ikkje så sleikt og fint som då Nils hadde ansvaret; seinast i fjor dreiv han og moka tunet med "hand".
Nils vart verre utover kvelden i går, litt feber hadde han også, så vi bestemte oss for å ikkje vente over helga men å ta kontakt med lege neste morgon.
Eg ringde legesenteret så snart eg var oppe og hadde lagt i omnen etc. Snakka med ei dame i resepsjonen, og vi vart enige om å gjere det som sist, hente han i ambulanse og få han vurdert av ein lege før han ev. vart sendt til Volda. Ambulansen kom etter ei lita stund og Nils blei godt tatt hand om. Han ringde og sa ifrå om at han vart sendt til Volda.
Margrete hadde kontordag i dag, så ho kunne slutte av tidleg. Ho kom hit og vi sat og venta til Nils ringde og sa kvar han låg etc.
Meininga var at eg og Margrete skulle få gjort unna ein del ærend i det samme. Eg var blant anna inn på apoteket og kjøpte medisin, og så var vi på biblio og fann oss nokre bøker.
Vi fann Nils på rom nr.407, eg meiner det var der han låg åleine ein gong før, no kom han i lag med tre andre eldre karar, men han slapp å ligge på gangen .......der var det andre som låg. Det såg ut som der var fullt opp av pasientar no. Der virka overfylt og trongt. Kan ikkje forstå at det er nokre som vil legge ned sjukehuset i Volda!
Nils hadde vore på røntgen og undersøkt lungene, det var han sist også, utan at dei fann noko då.
Han låg med drypp, men var framleis veldig slapp. Det var ikkje anna å vente, det dryp ikkje så fort.
På heimvegen var vi innom Rema 100 og handla. Eg kjøpte ikkje så mykje, men eg kjøpte ein veldig mettande salat til meg sjølv som eg åt då eg kom heim
Etterpå vaska eg bad og kjøkken, og hadde eit par telefonsamtalar, så no blir det snart TV og strikketøy. Men eg skal lage meg litt kaffi først.
Ønsker alle ei god helg.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...