torsdag, desember 15, 2016

Dagbok 2016: 15.desember

Klokka er snart 21.00, temperaturen er +6 grader, tidlegare i dag var det oppi + 10 grader C.  Det har vore opplett og lyst i dag, så lenge som det varte.
Nils sit og pratar i telefonen no, med ein fetter frå Solund. Det er kjekt for han å prate med folk når han er opplagt til det. Han kjem seg jo ikkje ut, og det han bli litt einsidig med berre meg å snakke med. Lars var ein tur innom, noko som han også sette pris på. Då fekk han snakke om Harald; Nils og Harald var gode venner i alle åra dei var kjende og dei hadde diverse prosjekt i lag.
Elles har det vore ein roleg dag i dag. Vi har ete og vi har slappa av det meste av tida. Eg gjer no alltids litt husarbeid, i dag shina eg opp kjøkkenet, og i morgon er det fredagsvask. Men eg blir no gåande rundt Nils for det meste, han sit mykje i ein stol og beordrar diverse mat, drikke og tablettar. Så eg er litt  heimehjelp/heimesjukepleiar i eigen heim. Så lenge det går bra med Nils og eg føler det går rette vegen, så er det meiningsfylt. Julevasking og baking etc. bryr eg meg ikkje det minste med.
Vi skal vere her for oss sjølve, vi to, og synest det er heilt greitt i den situasjonen vi er i no.
Dagane, vekene og månadane går fort uansett.

onsdag, desember 14, 2016

Dagbok 2016: 14.desember.

Klokka  er 20.30 og temperaturen kryp oppover, no er den snart + 4 grader.
I dag har det vore fint vêr med sol i fjella og frost på marka. Og det var lyst.
Eg var relativt tidleg oppe i dag, NB: alt er relativt. Eg skulle ha unna morgonstellet før ho kom frå heimesjukepleien. Dusja og vaska håret gjorde eg også. Men Nils var ikkje ferdig å kle på seg då ho kom, han hadde dusja og vaska håret han også. Frokosten var vi ferdige med, men sjukepleiaren kom ein halv time før vi venta henne. Ho var her frå 10.30-12.00 ca. Det var ei kjekk dame og gav oss diverse gode råd. Det var no snakk om kva vi trong av hjelp, men vi klarer oss bra enno. men vi fekk ein nummer vi kan ringe til om vi får behov-også akutte behov.
Elles har vi hatt ein sløv dag, eg har ikkje gjort så mykje anna enn å lage litt mat etc. Synest det er viktigare å vere "selskapsdame".
Til middag i dag laga eg ei lettvint betasuppe, og den åt Nils
Til kvelds rekk han ein slags "rømmegraut" som eg kokar på restar av fløyte og lettrømme etc. Den er skikkelig god, og glei lett ned.
Så i dag kan ikkje pasienten klage på tørr mat. I dag har det gått bra.
Margrete var på Amfi og sende melding til oss. Ho lurte på om vi skulle ha noko på butikken, men det skulle vi ikkje. Viss ho ville kunne ho ta ein tur oppom, og det gjorde ho.
Ikkje lenge etter at ho var reist, ringde ein nabo, og ei stund etterpå kom ho med smaksprøve på julebrødet ho har laga i dag. Mannen hennar har hatt liknande problem som Nils, med dårleg appetitt.
Ho sat og prata ei stund, så vi slepp å føle oss einsame.
Jula stressar vi ikkje med. Vi tek den som den kjem, det viktigaste er at Nils er så bra at han kan vere heime. Vi har lagt opp ein strategi, med nok kvile og mat, som første prioritet. Det har gått veldig bra så langt i dag. I dag er det 1 mnd. sidan 80-årsdagen, eg synest tida går fort-merkeleg nok.

tirsdag, desember 13, 2016

Dagbok 2016: 13.desember

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er+ 1 grad og eg trur det held på å klårne opp. Før i dag har det regna.
I dag føremiddag vart eg gåande å vente på beskjed frå Nils, var spent på om han fekk fare heim-eller måtte vere der lenger. Til slutt ringde eg sjølv og fekk vite at han skulle heim med drosje, men han visste ikkje tidspunktet.
Eg hadde brukt føremiddagen til diverse husarbeid, blant anna hadde eg bakt tre brød og laga svelerøre. Det har hopa seg opp med melk, egg, rømme, fløyte etc.  så det var mykje godt i deigane mine i dag. Og kjøleskapet letna. Nils drikk mykje melk, og eg smakar det knapt, så då er det klart det hopa seg opp. Elles hadde eg varma pølser og laga rabbestappe til middag.
Fekk telefon frå Lefdal om at datamaskina var klar, og eg sa at det kom ein ung gut og henta den. Dei ville vite namnet og det fekk dei. Derfor hadde Eirik null problem med å få den med hit. Han og søskena kom ei stund etter at Nils var på plass. Han kom i drosje. Han er relativt bra, men brukar rullatoren for sikkerheits skuld. Han hadde fått lunsj klokka 13, så han skulle ikkje ha middag DÅ, men vente til klokka var 16-17. Eg åt åleine for å vere ferdig til Eirik &Co kom.
Det gjekk fort og greitt å få opp datamaskina, og no har vi Windows 10 på begge maskinene. Noko anna anbefalte dei ikkje å legge inn. Eg har jo hatt Windows 10 ei god stund på den stasjonære maskina mi, men eg kan ikkje alt. Til bilda mine brukte eg den gamle laptopen, så no må eg lære meg å legge inn bilde-på nytt. Eg greier det sikkert sjølv om eg tek tida til hjelp, men det er meir lettvint å få nokon til å vise meg når dei likevel er på besøk.
I morgon kjem "heimesjukepleien" på besøk igjen. Ho vil sjå korleis vi har det og kva vi ev.treng av hjelp. Eg synest eg har sagt til det kjedsommelige at det er Nils som treng hjelp, viss han ikkje klarer seg sjølv med det meste. Eg treng ikkje hjelp med husarbeid og liknande. Det som er største problemet no, er å få i mannen skikkeleg med mat og drikke. Eg blir sant å seie litt lei av å gå og mase. At han ikkje har appetitt, ikkje lyst på noko, og at ingen ting smakar godt- det er så ulikt slik han brukar å vere. Han har alltid hatt ein glupande appetitt og ete all slags mat. Det einaste han et no-med glede-er klementinar, og det kan han ikkje ete så mange av, på grunn av diabetes.
Og så er det eitt problem til, det var slik før også, han sveittar og eg frys! Så no lyt eg sitte med pledd rundt meg mi staden for å fyre. Det er eit relativt lite problem.Det er kjekt å ha han heime att!

mandag, desember 12, 2016

Dagbok 2016: 12.desember

Klokka er 22.10, temperaturen +5 grader C og det regnar så smått. Regn ser eg no på som ferdigmoka snø.
I dag tidleg var det lettare vêr , og det var frose både på vegen og bilen, som står ute.
Nils ringde ut på føremiddagen og fortalde at han kjem heim i morgon. Det var eg sjølvsagt glad for, men no er det ikkje sikkert han kjem likevel. Ja, det har ikkje skjedd noko dramatisk, men legane må først sjå på nokre prøver. Sjukepleiaren som var der i kveld sa at det stod eit spørsmålsteikn bak det som var skrive om heimreisa. Solveig og eg var bort ein tur på kveldstid. Ho kom her klokka halv seks, og så var vi innom apoteket på turen bortover. Nils har litt feber om kvelden, men ikkje mykje. Han er relativt bra,  han får inga behandling, men dei passar på at han et og drikk. Og så går han tur på gangen med ei asiatisk sjukepleiar som han likar godt. Han har framleis einerom med eigen telefon. Den virka ikkje, sa han, men det gjorde den då eg fekk plugga inn att ledninga. Nummeret er 700 58 405.
Elles har eg ikkje gjort noko særleg i dag heller. Eg har støvsuga, og så har eg lagt opp ei bukse, ei i går og ei i dag. Så slepp eg at eg trakkar buksekanten ned i søylene. Har leselitt, strikka litt og elles styrt litt i huset -som vanleg.
Solveig og eg handla begge på Kiwi på heimvegen, så no har eg enda meir mat på lager. Solveig hadde med seg kake i dag også, så vi tok ein kaffikopp ved kjøkkenbordet før ho reiste ut att.
Så kom det ei nabodame på besøk og sat her og prata med meg ei stund.
I morgon skal Eirik hente den nye laptopen og gjere den klar, så eg håper Nils kjem heim og får prøve den. Eg har så mange som "går meg til hånde" at eg skal ikkje klage på noko. Og eg er takknemlig for at Nils får så godt stell der han er, sjølv om eg veldig gjerne vil ha han heim att.
Ps: kl.23.30. Nils ringde nettopp, han var blitt flytta enda ein gong, så no stemmer verken romnummer eller telefonnummer lenger. Men han har mobil.

søndag, desember 11, 2016

Dagbok 2016: 11.desember

Klokka er 19.35, temperaturen er + 3 grader C, og i dag har det stort sett vore opplett, trur eg. Har knapt nok vore ute.
Føremiddagen gjekk med til diverse huslege syslar, litt klesvask, stryking og reparering av tøy, mellom anna.
I går kveld ringde ein av naboane og sa at dei skulle til Volda i dag og sjå barnebarn spele fotball. Dei skulle bort til klokka 15.00 så eg kunne få sitte på med dei viss eg skulle bortover. Det var eit godt tilbod- og eg kunne få sitte på heim att også, viss det passa slik.
Det er ikkje så mykje som skjer på sjukehuset på søndagar, så eg fekk ikkje ny informasjon. Derfor veit eg ikkje meir i dag enn i går når det gjeld sjukdom.
Men eg fekk vere med på å flytte Nils frå eitt rom til eit anna. Han låg åleine på eit 4-mannsrom, og det var eit par damer som skulle leggast inn, og dei kunne ikkje ligge på samme rom som Nils.
No fekk han einerom igjen, noko han var glad for. Han vil gjerne ha det stilt og fredeleg. Dermed fekk han også nytt telefonnummer-han har fasttelefon på rommet, men har også mobilen tilgjengeleg.
Eg vart verande heilt til klokka 17.00, dermed hadde eg skyss med naboane heim att også. Kan ikkje klage på sørvisen!
Nils fekk kveldsmat mens eg var der og åt opp alt, eg tykte det såg godt ut-men hans kommentar var: TØRT. Så appetitten er ikkje på topp. Han er slapp, men ikkje direkte sjuk-ikkje direkte frisk heller. Han har ikkje fått direkte behandling, men sist dei sjekka hadde infeksjonen gått litt tilbake utan medisin. Han snufsar og geispar, det er teikn på at han ikkje er heilt frisk, ja. Eg kjenner teikna etter kvart.
Vi har ingen planer for jula, det får bli som det blir. Eg stressar ikkje. Håper sjølvsagt å få Nils heim snart, men vil helst at han får vere på sjukehuset til han er litt kvikkare.
Eg klarer meg heilt fint heime åleine, så meg må de ikkje syte for.

lørdag, desember 10, 2016

Dagbok 2016: 10.desember

Klokka er 18.00, temperaturen + 6 grader C og det regnar i dag også. Tenk om alt regnet hadde kome som snø? Då hadde somme hatt litt av ein jobb, og andre hadde fryda seg.
Denne dagen har gått som ein røyk. Nils ringde før eg var ferdig med morgonstellet, han har fasttelefon på nattbordet og kan ringe så mykje han vil. Han hadde tenkt ut at eg måtte få med meg Margrete å kjøpe ein ny Laptop . Eg hadde tenkt å kjøpe ein til han i bursdagsgåve i alle fall, men meinte eg kunne vente til den gamle feiga ut. Og eg er fullt ut i stand til å kjøpe på eiga hand. Men sidan Margrete kom hit og henta meg og likevel skulle opp på Plantasjen, gjekk vi inn på Leftal og kjøpte laptopen  med det same. Den er klar til henting tysdag.
Vi stressa ikkje med besøket på sjukehuset, for vi visste at Einar og Håkon hadde vore der før.
Nils var mykje kvikkare i dag. Eg sa til han før han vart innlagt at dei måtte sjekke slimet som han har vore plaga med i nase og hals, og det har dei gjort. Dei har funne ut at det må vere eit virus.....er vel det dei kallar det når dei ikkje riktig veit. Men infeksjonen har gått tilbake -utan antibiotika. Ja, slik forklarte Nils det. Sjølv har eg ikkje snakka med legen. Men Nils var i alle fall kvikkare i dag enn på lenge. Det var no dehydreringa som var det som sette han heilt ut av spel. Får håpe dei held han på sjukehuset til dei får han frisk-eg likar ikkje dette inn og ut styret. På sjukehuset både et og drikk han - heime blir det kanskje verre.
På heimvegen handla Margrete og eg mat på Rema 1000. Eg har huset
fullt av mat, men det er ikkje alt som fristar når ein sit åleine. Så i dag kjøpte eg meg litt sånn snacks som eg hadde lyst på. Og det gjekk ned på høgkant.
No har eg ein klesvask å legge i hop, og så er det snart TV-tid. Med eller utan strikketøy. God helg til alle. Det gløymde eg i går.

fredag, desember 09, 2016

Dagbok 2016: 9.desember

Klokka er 20.15, temperaturen er + 6 grader C og det regnar. Takk for det, regn slepp ein å moke vekk.
Så litt om dagen i dag. Legen ringde ca. 9.30, slik avtalen var. Nils blei henta med ambulanse, og køyrt ned på legesenteret, der det vart bestemt at han skulle innleggast på sjukehuset. I 18-tida var Solveig og eg bort og besøkte han, og han var slett ikkje så verst i form. Det første dei hadde gjort var å fylle han med væske intravenøst - han var nokså dehydrert. Det er greitt nok å seie til ein pasient at han må drikke mykje, men EG veit kor vanskeleg det kan vere for pasienten. Kva meir dei kan finne ut, veit eg ikkje. Han ligg no åleine på eit firemannsrom, så der var fredeleg og godt. Han orkar ikkje så mykje styr, så lenge han er så slapp. Eg hadde med meg mobilen hans og diverse anna som han trong, men vi var der ikkje så lenge. Han likar å få besøk, men ein treng ikkje gi seg til.
Eg håper berre han får vere der så lenge at han er litt robust når han kjem heim. Men han er på langt nær så dårleg som han var første gongen han vart innlagt. Det hadde eg lova både meg sjølv og han -at ha ikkje skulle bli liggande heime over helga-slik som sist.
Solveig var med meg inn og drakk kaffi då vi kom heim att. I morgon blir det Margrete og eg som skal visitere. Elles skal eg helse frå pasienten og takke for alle gode helsingar på Facebook. Solveig har Smart-telefon så ho kunne lese meldingane til han der og då.
Tidlegare i dag hadde eg besøk av ein nabo, elles har eg vaska litt og gjort litt husarbeid, men mest har eg berre gått og vima.
Eg føler meg trygg når Nils er på sjukehuset, eg føler meg ikkje så veldig kompetent til å vere sjukepleiar. I går hadde han feber, det hadde han ikkje i dag.
Elles så har ikkje laptoppen vakna til live att-så der for alle bilda mine-for n-te gong. Heldigvis ligg der nokre på bloggen. Og så fekk eg ein relativt lys idé; sidan eg har redigert mange av bilda mine på Picasa, kunne det hende eg fann nokre der, på den stasjonære maskina. Og det gjorde eg.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...