søndag, januar 24, 2016
Dagbok 2016: 24.januar.
Klokka er 19.10. Temperaturen er +5 grader C, og det er opplett. Vi kom nettopp att frå Hareid, der vi var invitert til middag klokka 15. Vi fekk nydelige kjøttkaker + kjøtt i brun saus, men mykje tilbehør. Eg åt meg litt for mett, så eg var heilt stinn. Til dessert fekk vi kaffi og stikkelsbærkake med heimelaga vaniljekrem + fløtekrem. Ikkje verst det heller ! Takk for oss, Solveig og fam. !
Eg sov dårleg sist natt og har vore rimeleg trøtt i dag, men så har eg ikkje sove middag, så eg får nok ei god natt til mandag, enda eg skal til tannlegen, noko eg har inngrodd skrekk for.
Før middag skreiv eg referat frå styremøtet førre veka, så festa eg trådar på to par lestar og gjorde eitt par klart til "oppattespøting". Prøver å bruke mest mulig av restar eg har liggande. Men eg strikkar ikkje lester av dårleg garn, det er vekkasta arbeid..
Høyrde radio, og etterpå lydbok mens eg styrte på.
Det var mindre snø på Hareid og i Ulsteinvik enn her, men jammen minkar det fort her også. Dessverre. Det var så fint med alt det kvite- etter at det hadde slutta å kome meir.
lørdag, januar 23, 2016
Bok nr.7 - 2016: Det som er mitt.

Emilie, ni år, blir borte på vei hjem fra skolen. Seks dager senere blir lille Kim kidnappet. Han kommer raskt til rette. Død, med en beskjed festet til liket: Der fikk du som fortjent. Inger Johanne Vik, forsker og småbarnsmor, er like rystet over kidnappingene som resten av Norge. Når førstebetjent i Kripos Yngvar Stubø trygler henne om hjelp til å løse saken, nekter hun. Selv om hun har en fortid i FBI, og både er jurist og psykolog. Inger Johanne er opptatt med sitt. Hun leter etter sannheten i en barnedrapssak fra 1956 , der en gjerningsmann ble tatt, dømt og siden løslatt før tiden, under merkelige omstendigheter. Saken krever hennes fulle oppmerksomhet. Men så forsvinner enda et barn på 20-bussen i Oslo. Med sine kunnskaper om forbryterens psykologi kan ikke Inger Johanne sitte på gjerdet lenger. Gjennom skjebne og tilfeldigheter tvinner de to sakene seg inn i hverandre, og fremkaller et nytt og overraskende bilde. Dette er den første romanen om Vik og Stubø.
.........................................................................................................
Når ein har lese stort sett alle kriminalromanar som har kome ut på lydbok dei siste ti åra og vel så det, skal det noko til å overraske meg. Nesten alt blir klisjear fordi ein har lese liknande fortellingar før. Slik er det også med denne boka. Den er sikkert ikkje dårleg, men heller ikkje nyskapande. Det beste eg kan seie om boka ut frå min ståstad er at den er grei å lese som lydbok. Den er ryddig og persongalleriet er begrensa.
Dagbok 2016: 23.januar
Klokka er 18.10. Temperaturen ute er + 5 grader C, for det meste opplett. Like greitt når snøen smeltar. Det er ikkje så fint og kvitt ute lenger, men det ligg mykje snø att. Vegane er berre.
I dag har vi hatt ei kjensle av at det har vore sundag, for vi har ikkje vore ut for ei dør, verken på butikk eller noko anna. Vi snakka om å sjå etter båten, men utsette det til i morgon. Det er så mange som er der ute i hamna at dei hadde sikkert gitt beskjed om det var noko gale.
Ingeborg ringde frå Oslo på føremiddagen, og det var no hyggelig.
I dag hadde vi bestemt oss for å ete resten av maten vi løyvde frå Nils sin fødselsdag 14.november. Dvs. pinnekjet. Men vi laga sjølvsagt ny rabbestappe til. Det er tung og kraftig mat for gamle magar.
Etter middagen tok eg ein diger oppvask, for det meste panner, sidag oppvaskmaskina ikkje var ferdig med sin oppvask. Tenkte eg skulle sleppe å bli så døsig etter middagen viss eg styrte med noko. Ja, det kan de berre tru. Då eg ei stund seinare la meg på sofaen med lydbok, hamna eg i drømmeland.
Elles begynte eg å strikke ny fot på gamle brot i går, og kjem til å bli ferdig med lest nr. to i løpet av kvelden.
Skulle ha vore til frisør for lenge sidan, men har vegra meg litt på grunn av forkjøling og kulde. I dag sende eg melding til frisøren, om eg kunne få kome i dag eller ev. tysdag. Ho var også sjuk, men trudde ho skulle vere frisk att til tysdag, så no har eg/vi planar for nesten heile neste veke.
I morgon, sundag, er vi invitert til middag hos Solveig. Mandag skal Nils til lege klokka 9.00 og eg til tannlege klokka 10.00. Tysdag skal eg til frisør og onsdag er det pensjonistmøte. Greitt å ha program å gå etter.
Nils ser sport på TV, så eg trur eg skal lure meg til å lese ferdig boka mi. Den er ikkje så altfor spennande.

fredag, januar 22, 2016
Dagbok 2016: 22.januar.
Klokka er ca 18.45. Temperaturen på trappa vår er + 5 grader C, det er overskya og opphaldsvêr. Snøen smeltar, men det gjer ikkje så mykje så lenge det ikkje regnar.
Det var nesten klårt og veldig fint først på dagen. Vi hadde ingen ting å stresse med i dag, så eg sette meg til og strikka ferdig ein lest mens vi venta på sola. Den kom fem minutt tidlegare enn i går, men så skya det over ganske raskt. Og dett var dett.
Nils hadde lyst på kinamat i dag, og det hadde eg ikkje noko imot. Var som snarast innom biblio før vi for til Volda.Eg hugsar aldri skikkelig kva nummer yndlingsretten min har, men Kina-dama veit det. I dag var maten ekstra god, og ho passar på at Nils får ekstra mykje ris. Sist vi var der var restauranten stengt, dei hadde vore i Kina på ferie fortalde ho, besøkt foreldra sine. Fly tur-retur Kina kostar 7000 kr, det er ikkje dyrt.
Etterpå var vi ein tur innom Amfi, der vi tok ein liten runde, kjøpte ikkje anna enn mat, men vi trefte mange kjende.
Då vi kom heim drakk vi kaffi før eg begynte å rippe dei 19 CD -platene i "Jeg er Pilegrim". Eg tok eit par gamle lestar for å strikke ny fot på gamle brot -mens eg rippa. Maskina var samarbeidsvillig og det gjekk relativt radig. Då eg var ferdig å rippe oppdaga eg at eg hadde gløymt e-en i Pilegrim på første plata. Det måtte rettast, og då skjedde det at alle 19 CD-platene la seg inn i samme boksen. Eg har opplevd før at to plater har slått seg i hop og det fiksar eg lett-men 19 ! Berre ein ting å gjere-rippe alt på nytt ! Men eg kom ganske langt på lesten. ( Reknar med at det stort sett er Solveig som forstår problemet?)
No blir det vel TV resten av kvelden. Vi følgjer ivrig med på Anno-eit program vi likar begge to.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, januar 21, 2016
Dagbok 2016: 21.januar 2016
I dag skein sola inn i stova frå 10.45 til 11.30, sånn om lag. Som de ser slapp vi å mòke på altanen i dag.
Klokka er 18.30, temperaturen ligg nær 0 grader, så vi får nok ikkje behalde finevêret vi hadde i føremiddag. Vi har ikkkje mòka i dag, for det hadde ikkje snødd sist natt. Dermed gjorde eg litt husarbeid, baka brød og støvsuga,blant anna. Elles har eg strikka ein god del. Garnet som Solveig hadde kjøpt var fint, men sidan eg er den typen som skal ha to og to like lestar blir det litt problem fordi mønsteret er såpass "langt". Dette høyrest vel gresk ut for dei som ikkje strikkar. Har også lese litt i Anne Holt- boka, den er heilt uproblematisk og enkel å lese.
onsdag, januar 20, 2016
Dagbok 2016: 20.januar
Klokka er 15.30. Temperaturen ute er minus 2 grader, og det var opplett og fint. Eg gikk ut for å ta bilde, men akkurat då begynte det å snø. I dag då vi stod opp var det kome like mykje snø som natta før. Og eg tok altanen, mens Nils rydda tunet. Seinare på dag mòka Nils altanen over tilbygget, den har ikkkje vore "letta" før. Han kom ikkje heilt i mål, men den eine solsenga kom i alle fall fram i lyset. Det er utruleg fint ute no, eg skulle ønske at det ikkje kom regn med det første.
Elles har eg brukt føremiddagen til å skrive eit lite avisinlegg,betale rekningar i nettbanken, rydde kjøkkenet, og ta ein telefon til ei veninne.
Vi steikte karbonader til lunsj, om det blir laga middag seinare i dag står att å sjå. Det er slutt på brøda i frysaren, så no må eg til å bake meir. Eg er plaga med at brøda mine blir smuldrete etter frysing, eg trur dei ville blitt meir samanhengande med større del fint mjøl, men eg vil no helst ha dei så grove som mulig. Eg brukar aldri oppskrift, men puttar oppi det eine og andre etter kva eg finn i skuffer og skap. Det gir litt spenning i kvardagen. Men er det nokon som har gode idear, så tek eg imot råd.
tirsdag, januar 19, 2016
Dagbok 2016: 19.januar
Klokka er no 16.15. Temperaturen er minus 2 grader C og akkurat no er det opplett. Elles har det snødd det meste av dagen.
Eg mòka så fint på altanen og rekkverket i går, men i løpet av natta hadde det kome ganske mykje snø, som de kan sjå på bildet over. Det var berre å starte på nytt. Eg tok altanen og trappa, Nils feia tunet og naboen freste veg ned til kjellarleilegheita. Ei lita stund var her fint og ryddig, men så lava det ned igjen! Det kan hende eg må ut att og ta altanen ein gong til, det er fort gjort, og snøen er lett og fin.
Dette er nesten som i "gamle dagar"-men det er nokre år sidan sist vi hadde så mykje snø. Ja, mykje og mykje, den sig fort ihop; ein påliteleg nabo har målt snødjupna til 60 cm på flat mark.
Alle desse bilda er tatt før klokka 13.00 i dag.
Elles brukte eg mykje av føremiddagen på ein telefonsamtale, delvis i "embets medfør". Vi hadde fisk til tidleg middag i dag, og då eg skulle slappe av etter middagen, fekk eg ein ny telefon, og så vart det kaffi. I dag har eg ikkje følt meg så trøtt -kanskje var det den friske snølufta som sette fart i meg. No har eg fått vaska golva også; av ein eller annan grunn har tysdag blitt vaskedag, trur programmet vart skipla ved juletider.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale til pensjonistmøtet som vi skal ha neste veke.Det blir litt ut om det vanlege.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...