tirsdag, januar 19, 2016

Dagbok 2016: 19.januar

Klokka er no 16.15. Temperaturen er minus 2 grader C og akkurat no er det opplett. Elles har det snødd det meste av dagen. 
Eg mòka så fint på altanen og rekkverket i går, men i løpet av natta hadde det kome ganske mykje snø, som de kan sjå på bildet over. Det var berre å starte på nytt. Eg tok altanen og trappa, Nils feia tunet og naboen freste veg ned til kjellarleilegheita. Ei lita stund var her fint og ryddig, men så lava det ned igjen! Det kan hende eg må ut att og ta altanen ein gong til, det er fort gjort, og snøen er lett og fin. 
Dette er nesten som i "gamle dagar"-men det er nokre år sidan sist vi hadde så mykje snø. Ja, mykje og mykje, den sig fort ihop; ein påliteleg nabo har målt snødjupna til 60 cm på flat mark. 
Alle desse bilda er tatt før klokka 13.00 i dag.
Elles brukte eg mykje av føremiddagen på ein telefonsamtale, delvis i "embets medfør". Vi hadde fisk til tidleg middag i dag, og då eg skulle slappe av etter middagen, fekk eg ein ny telefon, og så vart det kaffi. I dag har eg ikkje følt meg så trøtt -kanskje var det den friske snølufta som sette fart i meg. No har eg fått vaska golva også; av ein eller annan grunn har tysdag blitt vaskedag, trur programmet vart skipla ved juletider.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale til pensjonistmøtet som vi skal ha neste veke.Det blir litt ut om det vanlege.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...