mandag, oktober 05, 2015

Dagbok 2015: 5.oktober




Klokka er 18.30, temperaturen er + 11 grader C og det har vore ein strålande dag, med sol frå klår himmel.
Nils har klipt plenane, eg håper det er for siste gong i år, for det er hardt arbeid. Eg var ute ei lita stund og klipte ei buske. Elles jobba eg inne før middag. Eg baka brød, vaska og hengde ut klede og diverse anna småting.
Til middag hadde vi steikt brosme. Det har vi aldri smakt før, men det var ikkje så verst. Eg steikte den først på steikepanna og så 1/2 time i steikomnen etterpå. Laga remuladesaus til, så det vart nesten eit festmåltid. Det var for så vidt godt, men eg likar no best sei, uansett.
Etter middag la vi oss ut på solsengane og slappa av og eg fekk etter kvart lese ut boka mi, mens eg rydda opp både ute på altanen og inne. Hadde eg vore i litt betre form, hadde det vore kjekt med ein tur.

Bok nr. 70 - 2015: Om høsten

Vakre og tankevekkende betraktninger om verden, skrevet av en blivende far. 
"Nå, når jeg skriver dette, vet du ingenting om noe, hva som venter deg, hvilken verden du blir til i. Og jeg vet ingenting om deg. Jeg har sett et ultralydbilde, og lagt hånden på magen du ligger i." 

Et barn skal bli født. Og en far setter seg ned for å skrive til det. Han vil vise barnet hva som venter.

«Om høsten» er det første bindet i en personlig encyklopedi som forsøker å sirkle inn det karakteristiske ved tingene vi omgir oss med, og nærme seg verdens materialitet gjennom en serie korte beskrivelser. Noen forsøk handler om lysende øyeblikk hvor noe tilsynelatende ubetydelig får glans fra livet som står og betrakter det, mens andre er melankolske, fulle av sorg over det som går tapt. Men felles for dem alle, er at den verden som stiger frem gjennom dem, er en fantastisk verden.
.............................................................................
Denne boka er annleis enn noko anna eg har lese, og til å begynne med lurte eg litt på om den var verd å lese. Men eg blei etter kvart heilt betatt. Men så er eg altså Knausgård-fan!Boka består av 4 CD plater med ca. 60 korttekstar. Kvar tekst har eit ord/fenomen/ ting etc. til overskrift. Til dømes epler, biler, bensin, veps, hoggormer, ensomhet osv. Han filosoferer om tingen eller omgrepet/følelsen osv. Mens eg låg på solsenga i dag, las eg om oppkast, og begynte halvvegs å brekke meg. Dei to siste tekstane handler om trommer og øyne. Det høyrest litt rart ut, men det er kjempegode tekstar.

søndag, oktober 04, 2015

Dagbok 2015: 4.oktober

Klokka er 18.30, temperaturen er + 11 grader C ; det er lettskya og fint ute no, før i dag var det overskya, skodde og regn.
Eg hadde ingen andre planar for dagen enn at eg skulle lese over det eg hadde skrive og sende det til avisa. Nils reiste bort på sjukehuset i Volda og skulle besøke kusina si. Eg rekna ikkje med at han vart særleg lenge, men klokka var halv to før han kom heim att. 
Eg gjorde diverse jobbar i huset, las litt osv., og til slutt ringde eg ei veninne. 
Sidan det leid så langt på dag  då Nils kom heim, kunne vi like godt ete middag, fårikålrestar frå i går. Dei seier at fårikålen er best oppattvarma, men det er eg ikkje enig i.Eg er glad der ikkje er meir att no.
Etter middag drakk vi kaffi og surra litt rundt. Så fann  Nils ut at vi kunne ta ein tur ut på Rjåneset og ause båten. Surprise, surprise!


Eg gjekk som vanleg ein tur på stigen, og tok bilde. Sist vi var der hadde dei greve grøfter på begge sider av stigen, no hadde dei gjort enda meir, så det er tydeleg oppgradering på gang. 
Å fotografere mot ei låg  sol er utfordrande, men med litt redigering kan det bli fint.

lørdag, oktober 03, 2015

Bok nr.69 - 2015: Det som ikke dreper oss.

Lisbeth Salander er tilbake! Millenniumserien fortsetter. 
Tidsskriftet Millennium har fått nye eiere. Onde tunger påstår at tiden har gått fra Mikael Blomkvist, og han lurer på om han burde finne seg noe annet å gjøre. Lisbeth Salander er rastløs. Hun deltar i et hackerangrep, tilsynelatende uten noen spesiell grunn. Hun tar risikoer hun vanligvis er nøye med å unngå. Det ligner ikke henne. En sen nattetime får Mikael Blomkvist en telefon. Det er professor Frans Balder, en ledende autoritet innen AI-forskning. Balder påstår at han sitter på revolusjonerende opplysninger om amerikansk industrispionasje, som kan ryste verden. Han har dessuten hatt kontakt med en ung, kvinnelig superhacker, som har en viss likhet med en person Mikael Blomkvist kjenner godt. Mikael Blomkvist begynner å håpe at det skupet som han og Millennium sårt trenger, er innen rekkevidde. Lisbeth Salander har, som vanlig, sin egen agenda.

David Lagercrantz' Millennium 4 er et selvstendig litterært verk inspirert av karakterer og hendelser fra Stieg Larssons univers.
.......................................................................
Denne boka er på 13 CD-plater, og eg har brukt lang tid på den, det kan øydelegge litt for leseopplevinga.
Eg har lese Stieg Larsson sin Millenniuntrilogi, men var ikkje overbegeistra.
No har ein annan forfattar skrive ei ny bok i serien ......eg likar ikkje heilt konseptet. Eg likar ikkje at forfattarar skriv om andre sine figurar, men det blir ofte gjort.
Denne boka handlar veldig mykje om matematikk, data  etc. Sjølv om det går langt over min kompetanse synest eg faktisk det er litt interessant.Elles meiner eg at boka er langdryg og direkte kjedelig.

Dagbok 2015: 3.oktober


 
Klokka er 10.10, og temperaturen er + 10 grader C. Det er opplett og litt vind.
Eg kjem så vidt til innimellom alle TV-programma  å skrive litt blogg. No er eg litt lei meg for at favoritten min rauk ut av Stjernekamp i dag, men eg kjem vel over det.
I dag hadde eg invitert Margrete og barna til fårikål-middag. Vi hadde fårikål førre helga, men tolte ein omgang til fann vi ut.Føremiddagen gjekk med til matlaging, og litt smårydding etc. Fårikål er noko av det mest lettvinte ein kan lage, og som regel blir det godt, det blei det i dag også. Eirik kom litt seinare enn dei andre, for han jobbar på møbelbutikk om laurdagane. Charlie var med, og det kan vere bra at han er litt husvarm sidan han truleg blir her nokre dagar i neste veke. Vi åt, prata og leika med Charlie - stort meir hadde vi ikkje på programmet.
Etter at gjestane hadde reist, sette eg meg til å lese og strikke, og rakk akkurat å lese ut boka mi, før Stjernekamp begynte. Oppvasken tok ASKO.
Bilda under har eg stole frå Margrete sin FB-status. Eg somla meg ikkje til å ta bilde etter at gjestane var komne. Det er ikkje så ofte eg treffer ungane lenger, dei er opptekne med så mykje og ingen har hatt bursdag på ei stund.




fredag, oktober 02, 2015

Dagbok 2015: 2.oktober

Klokka har passert 18.30, og vi er nettopp ferdige med middagen, som i dag bestod av steikt sei. Om ei lita stund blir det kaffi.
Ute er det overskya og regn - eg er ikkje frista til å gå ut. Det blir vel å benke seg framfor TV- en resten av kvelden.
I dag før middag sette eg meg til for å skrive referat, men hadde ikkje skrive mange linjene før telefonen ringde. Nils har bestilt sørvis på bilen  neste måndag, men så måtte dei scanne lakken, fordi dei skal reparere in liten skade.
Dermed heiv eg meg rundt og vart med, så fekk vi handle med det samme. Nils skulle kjøpe poteter på torget, og eg skulle handle på rabattlappane på Coop + litt til.
Vi var relativt snare å komme oss heim att, og eg heldt fram med å skrive. Synest av referata mine blir veldig kjedelege etter kvart, har liksom hamna i eit spor. Då eg var ferdig med "kladden" åt vi lunsj, og etterpå var det pause.
Så vart det litt multitasking før eg laga middag; mens eg strikka og høyrde lydbok, rippa eg to bøker inn på datamaskina. Det gjekk bra.
Neste veke er det haustferie her i distriktet, og då skal nokre i familien på tur. Vi blir nok heime den veka også. Ønsker alle god helg og god ferie, og god tur til dei som skal ut og reise.

torsdag, oktober 01, 2015

Dagbok 2015: 1.oktober

Var innom biblio i dag, og fekk med meg eit par lydbøker som eg skal rippe. Så får vi sjå om eg les dei også.

Klokka er 19.45, temperaturen er + 13 grader, og akkurat no er det nokså fint ute, lettskya og litt vind. Men det mørknar tidleg. Vi er nyss heimkomne frå pensjonistmøte, og Nils for nedover for å sjå andre omgangen av ein fotballkamp.
Dagen i dag har stort sett dreia seg om pensjonistmøtet på Eldredagen.
Før klokka 12.00 var vi på plass på Kulturhuset for å dekke bord og lage til.
Då vi kom heim åt vi litt og slappa av ei stund etterpå. Eg sov dårleg sist natt så eg trong ein pause.
Møtet tok til klokka 16.00. Vi hadde besøk av ein pensjonert lærar frå Dale i Sunnfjord som fortalde om Jakob Sande, spela trekkspel og song. Vi hadde også allsong, og eg hadde lagt ganske mykje arbeid i eit fint songhefte. Og så blir eg gjort merksam på at eg har skrive feil på framsida.  Der hadde eg kopiert eit fint bilde av diktaren og skrive med store bokstavar og tal: Jakob Sande 1006-1967.
Ja, det er ikkje første gong eg trykker feil, og treffer 0 i staden for 9-talet. (Eg har til og med prestert å skrive at eg er fødd i 1040) Dette ergra meg, men ikkje dei andre.
Møtet vart vellykka og damene i Lions hadde laga nydelige snittar og eit hav av fantastiske kaker.
Eit skår i gleda for meg, var at Møre-Nytt ikkje dukka opp, så då må eg skrive sjølv. Synest jammen lokalavisa kunne støtte litt opp om dei eldre-dei er no til stades overalt elles.
No er eg litt sliten, så eg skal slappe av litt med boka mi, så får eg skrive referat i morgon.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...