mandag, oktober 05, 2015

Dagbok 2015: 5.oktober




Klokka er 18.30, temperaturen er + 11 grader C og det har vore ein strålande dag, med sol frå klår himmel.
Nils har klipt plenane, eg håper det er for siste gong i år, for det er hardt arbeid. Eg var ute ei lita stund og klipte ei buske. Elles jobba eg inne før middag. Eg baka brød, vaska og hengde ut klede og diverse anna småting.
Til middag hadde vi steikt brosme. Det har vi aldri smakt før, men det var ikkje så verst. Eg steikte den først på steikepanna og så 1/2 time i steikomnen etterpå. Laga remuladesaus til, så det vart nesten eit festmåltid. Det var for så vidt godt, men eg likar no best sei, uansett.
Etter middag la vi oss ut på solsengane og slappa av og eg fekk etter kvart lese ut boka mi, mens eg rydda opp både ute på altanen og inne. Hadde eg vore i litt betre form, hadde det vore kjekt med ein tur.

5 kommentarer:

Linda sa...

Beautiful! :)

Hildegard sa...

Vi passar Mira og tek det med ro, blir nok ikkje meir slåing her. I kveld hadde vi både Max, Viktor og Mira her ++, måtte berre gløyme at eg hadde støvsuga på føremiddagen... Sunn og god middag i dag med makrellkarbonader, løk, rødbetar og agurksalat.

Besta sa...

No veit eg ikkje om det blir meir makrell på oss i år, men den oppskrifta på makrellkaker skulle eg gjerne hatt. Fann du den på nettet?

Hildegard sa...

Askhaugs kokebok kjøpt i 1964.
Karbonader av fisk (sei, makrell, sild):
500 g malt rå fisk, 2 egg, salt, pepper. Enkelt og greitt.

Besta sa...

Det høyrest veldig enkelt ut, det er ikkje nødvendig å spe så mykje når ein har rikeleg fisk, Fekk lyst å prøve.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...