tirsdag, oktober 06, 2015

Dagbok 2015: 6.oktober.

Klokka er 19.45,temperaturen er + 12 grader og vi har hatt ein fin dag. Ikkje så klårt som i går, men lettskya og mildt.
Nils og Matias reiste ut for å fiske sei klokka halv ni. Eg sette i gang med husarbeid, vaska grundig kjøkken og bad blant anna.
Då karane kom att vart dei ståande i garasjen; Nils skulle lære Matias å filetere. Dei hadde ikkje fått så mykje fisk, og det blæs, så det var ikkje så kjekt å vere utpå. Nils og eg tok oss ei brødskive og ein kaffikopp før vi pausa.
Litt seinare tok vi ein tur til Vik og handla diverse. Mellom anna måtte eg ha ny blekkpatron til printeren min. Og så insisterte eg på å kjøpe ei ROSA hagebøtte som eg skal bruke når eg steller med plantane mine ute.(Dei svarte bøttene tek Nils til fiskeavfall).
Då vi kom heim, laga eg fiskesuppe til oss to; det er lenge sidan vi har hatt det. Det var nydelig med fersk småsei i. Kanskje "fiskegryte" var eit meir dekkande namn?
Men først reinska, vaska og skar eg opp tre store purrar. Verken Nils eller eg toler så godt vanleg løk, så det går mykje i purre-løk. Eg gjer dei klar til bruk og frys dei i plastboksar i kjøleskapfrysaren. Då er det lettvint å ta fram-klar til bruk, anten eg steiker fisk eller lagar grateng- eller noko anna.Elles har det lett for at purrane blir liggande å visne i kjøleskapet
Så var det pause på sofaen, med lydbok. Det er sikkert mange som stussar over at eg ligg så mykje på sofaen. Nei, eg er ikkje sjuk, men eg har vondt for å sitte, truleg betennelse i "sitteknuten" -igjen. Derfor har eg også slått frå meg å reise til Ulsteinvik på "Høstkonferansen" til pensjonistlaget, men Nils reiser utan meg. Eg blir heime og passar Charlie, som skal vere her nokre dagar. Då blir det kanskje ein liten tur også. Når eg ikkje får sitte, blir det heller ikkje strikka så mykje, men det får stå sin prøve.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...