søndag, oktober 04, 2015

Dagbok 2015: 4.oktober

Klokka er 18.30, temperaturen er + 11 grader C ; det er lettskya og fint ute no, før i dag var det overskya, skodde og regn.
Eg hadde ingen andre planar for dagen enn at eg skulle lese over det eg hadde skrive og sende det til avisa. Nils reiste bort på sjukehuset i Volda og skulle besøke kusina si. Eg rekna ikkje med at han vart særleg lenge, men klokka var halv to før han kom heim att. 
Eg gjorde diverse jobbar i huset, las litt osv., og til slutt ringde eg ei veninne. 
Sidan det leid så langt på dag  då Nils kom heim, kunne vi like godt ete middag, fårikålrestar frå i går. Dei seier at fårikålen er best oppattvarma, men det er eg ikkje enig i.Eg er glad der ikkje er meir att no.
Etter middag drakk vi kaffi og surra litt rundt. Så fann  Nils ut at vi kunne ta ein tur ut på Rjåneset og ause båten. Surprise, surprise!


Eg gjekk som vanleg ein tur på stigen, og tok bilde. Sist vi var der hadde dei greve grøfter på begge sider av stigen, no hadde dei gjort enda meir, så det er tydeleg oppgradering på gang. 
Å fotografere mot ei låg  sol er utfordrande, men med litt redigering kan det bli fint.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...