søndag, april 05, 2015
Dagbok 2015: 5.april
Klokka er 20.00, temperaturen er + 5 grader C og det har vore ein overskya og litt våt dag.
For mitt vedkomande har påska i år stort sett dreia seg om mat og prat. Ingen fjellturar eller annan mosjon. Men det er kjekt å vere i lag med familien. Vi har jo stort sett god tid-no er det dei yngre som sit i den såkalla "tidsklemma". I løpet av vel ei veke har vi hatt tre meir og mindre store samlingar. I dag bad vi Margrete og ungane på ballj. Det er ein rett som eg aldri lagar når vi er berre to, etter at det vart slutt på ballett-besøka i fjor.
Etter at vi hadde gjort alt klart såg vi gudstenesta på TV- for å komme i "påskestemning".
Eg høyrer framleis svært lite på venstre øyret, så akkurat det er litt slitsomt både når ein skal følge med i ein samtale og når ein ser TV.Men eg håper det skal komme seg når eg får spylt øyrene etter helga.
Reknar med at eg må gå på eit par møter i løpet av veka, og fredag reiser vi til Solund om alt går etter planen.
Eg tok ikkje bilde i dag, så eg "låner" Margrete sitt.
lørdag, april 04, 2015
Bok nr.30 - 2015: Sannheten og andre løgner.

En uhyre spennende psykologisk thriller
Henry Hayden er en berømt og bestselgende forfatter, en kjærlig ektemann og en sjenerøs venn – kort sagt en svært hyggelig og omgjengelig mann. I hvert fall tilsynelatende. Det viser seg nemlig at han ikke skriver sine egne bestselgere. Og når elskerinnen hans, som også er hans redaktør, blir gravid, truer hele hans omhyggelig regisserte tilværelse med å rakne.
I et forsøk på å sno seg unna, legger Henry en listig og utspekulert plan som sammenfletter løgner og sannheter og grumsete halvsannheter. Men når han forsøker å kvitte seg med elskerinnen, begår Henry en fryktelig feil. Han pådrar seg ikke bare politiets interesse, men fortiden hans – som han så nidkjært har holdt skjult for sine omgivelser – risikerer også å innhente ham, med livstruende konsekvenser. Men Henry er en mann som har gjort det til en egen kunst å unnslippe følgene av alt han foretar seg, selv når han står på randen av avgrunnen...
Sascha Arango er en av Tysklands mest kjent manusforfattere for TV, og har to ganger vunnet Grimme-prisen, en prestisjefylt pris for tysk tv. «Sannheten og hans andre løgner» er hans første roman, og blir allerede utgitt i hele 13 land.
«Den tyske romandebutanten Sascha Arangos «Sannheten og andre løgner» er en krimbok utenfor allfarvei – dystert morsom, spennende og litt skremmende. En viktig grunn til å like denne boka, er Arangos særegne fortellerstemme, en sarkastisk-vittig kommentatorrøst som løper parallelt med fortellingen, kommer og går, og lar leseren utbryte sine «Hah!» i de snedigste sammenhenger.»
..............................................................................................
På biblioteket legg dei til sides lydbøker som dei trur eg kan ha interesse av og sender meg melding på mobil. Slik fekk eg med meg heim ein tysk kriminalroman som eg aldri har høyrt om. Men der fekk eg meg ei overrasking, denne boka var verkeleg noko for seg sjølv, og eg likte den!
Ja, eg har kosa meg med den frå først til sist. Eg var veldig spent på slutten, for den er viktig i alle kriminalromanar. Eg var spent på om slutten ville bli så bra som eg ønska. Det blei den eigentlig ikkje, men bra nok. Denne boka minte meg på ein måte om "Flink pike"- ikkje for at handlinga likna, men det var noko med skrivestilen....... Anbefalt til alle som likar krim med "snert".

Dagbok 2015: 4.april
Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 7 grader C. Det har vore ein fin, solrik dag, men ikkje heilt klårt.
Etter at eg kom heim i går var eg litt susete i øyra, meir enn vanleg altså; og då eg stod opp i dag, var eg nesten døv. No har eg fått att ein del hørsel på eine øyret, det som i utgangspunktet er dårlegast. På venstre øyret er eg framleis nesten døv. Så no driv eg og drypper begge to, og så får eg prøve å få spylt dei etter helga. Eg har opplevd dette før, og då gjekk det bra. Eg skriv dette, for at de skal vite at det ikkje er vits i å ringe til meg. Lydboka brukar eg å ha på venstresida, no er den flytta til høgre.
Elles måtte Nils ta ein tur på butikken åleine i dag, det var berre eit par ting vi trong. Eg støvsuga (med lydlaus støvsugar) og vaska golv, så no er eg sånn ca i rute. I morgon ventar eg besøk av Margrete og ungane. Då skal eg koke ballj (klubb)-det gjer eg aldri til berre oss to.
Eg la meg ut på solsenga med lydbok ei lita stund, men sola var ikkje så sterk at det gjorde noko, så eg vart ikkje så lenge ute.
No har vi ete middag, i dag vart det fiskekaker frå frysaren. Og no har Nils kokt kaffi. I kveld gler eg meg til MGP-programmet. Eg kan hugse dei første vinnarane for 60 år sidan. Mykje har endra seg frå den gongen.

fredag, april 03, 2015
Dagbok 2015: 3.april
Klokka er ca 21.30. Temperaturen ute er + 1 grad C, og det er måneskin.
Vi har vore på Hareid det meste av dagen, og som vanleg har vi fått rikeleg av det meste der; mat, kaffi og prat.Til saman var 8 barnebarn til stades, ikkje ofte så mange er samla på ein stad. Vi fekk nydelig middag, sosakjøt og kjøtkaker.Dessert fekk vi også. Og seinare eit måltid med brød og kaker. Litt hadde gjestane med seg også, slik skikk og bruk er i familien vår.
Morfaren hadde tatt med nokre lakselus på glas og dreiv og underviste dei unge i naturfag. Han har ikkje vondt i "blåveisen, men ser framleis litt skummel ut.Eg veit ikkje så mykje om veret i Ørsta i dag, men registrerte at asfalten var våt. På Hareid ver det lettskya og fint.
torsdag, april 02, 2015
Dagbok 2015: 2.april
Klokka er 17.30, temperaturen er +4 grader C. Det har snødd og sludda i heile dag, og det har vore eit ganske kjedelig vêr. Får i alle fall ikkje lyst å gå ut. Har i grunnen ikkje lyst til noko anna heller. Eg likar kvardagar best.
Nils var ute i garasjen og rydda i fiskesakene sine f.m. og eg tok like godt og baka tre brød. Elles har eg lese ut boka mi og strikka litt, men føler meg litt tiltakslaus i dette vêret, no var eg i grunnen innstilt på vår. Tenkjer på alle dei fine krokusane og påskeliljene som vert meir og mindre øydelagde av snøen.
Eg har mykje eg kunne ha gjort viss eg ville, men kan no halde litt fred på helgedagar. Til middag i dag hadde vi påskeskinke og div.anna spekemat. Men i morgon skal vi til Hareid, så det kan vere greitt å kvile magen ein dag. No skal eg legge siste hand på eit lestepar til meg sjølv, og så blir det vel eitt og anna å sjå på TV etter kvart. Gledde meg til litt gammaldags påskekrim, men hittil har det vore skralt.
No skal Nils ut i båten og skrubbe vekk litt fiskeblod. Det vart seint den kvelden dei var ute og drog, så då vart det berre å fare heim.
Dette vart eit veldig rotete innlegg, slik blir det når ein ikkje har så mykje å skrive om!

onsdag, april 01, 2015
Bok nr. 29 -2015: Herre min hatt

Gud er sliten. Han syns ikke han har fått til ting på svært lenge, faktisk ikke siden første verdenskrig. Han vil ha ferie og ber St. Peter og Engelen Gabriel sørge for å finne en vikar.
Sammen med det som finnes tilgjengelig av engler går de igjennom millioner av bønner. Paven og andre geistlige blir raskt sjaltet ut. Bønnene deres virker ikke ekte. Til slutt fester de seg ved kranfører Birger Ryynänen - hans ønske om at kona må bli mindre sjalu og humørsyk, er inderlig og oppriktig.
St. Peter besøker Birger i hans kranhus, og mannen takker ja til jobben. Og han ligger ikke på latsiden. I løpet av de fire månedene som går før Gud vender tilbake, har hans stedfortreder gjort store forandringer. Han har blant annet flyttet himmelen, vært i nærkontakt med djevelen og stoppet en tredje verdenskrig.
'Herre min hatt' er Paasilinna på sitt mest typiske, morsom og dypt alvorlig på samme tid. Som vanlig er forfatteren elegant, burlesk og syrlig når han skriver om oss mennesker.
........................................................................................................
Denne boka kom ut på finsk i 1995, på norsk i 2015. Originaltittelen er Auta armias.
Eg veit ikkje kvifor denne boka ikkje har kome på norsk før, men eg ser at langt frå alle Paasilinnas bøker er omsette til norsk enno. Eg har lese mange av forfattaren sine bøker og dei er morsomme! Men i små porsjonar. Då eg las denne lurte eg på om eg var metta. Boka er morsom nok, men ikkje den beste han har skrive. Kanskje litt for overtydelig.
Dagbok 2015: 1.april
Klokka er 17.00, temperaturen ute er 2-3 grader C og snøen lavar ned.
Eg sa det i går kveld til Nils:" I morgon vaknar vi til kvite marker". Eg kjende det på gikta. Men så gale har hendt før. Her i Ørsta snakkar dei om noko som heiter "ridene"-det er vårlege snøfall oppkalla etter flyttfuglane. Den siste er "erlerida"- men vi er vel ikkje komne til den enno.
I dag måtte eg vaske håret og pusse meg opp litt før vi for til Vik. Der var fullt med folk på Amfi, og vi trefte mange kjende. Kjekt med ein slik møteplass der det er både varmt og tørt. Det var ikkje så mykje vi trong, men begge hadde vi ærend på apoteket. Kjøpte litt mat og så kjøpte Nils ein kjøleboks til bilen. Vi må ruste oss til langtur utan for mange stopp.
Då vi kom heim tok vi ein kopp kaffi og ei brødskive, seinare skal vi ha kokt lange til sein middag.
Nils måtte i eit hastemøte i dag, det galdt SV-lista til kommunevalet. Og no er han av garde igjen-denne gongen for å kvitte ei kasse med fiskeslog.
I fjor påske var vi på Kongsberg og sat ute i solveggen, mens Nils og Wenche bygde leikeapparat. Rasmus gjekk enno på krykker då. For oss pensjonistar betyr ikkje påskevêret så mykje, vi kan nyte dei fine dagane som kjem, men for folk med "ferie" hadde det vore kjekt med nokre fine dagar. Håper alle kosar seg i påska anten ute eller inne.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...