fredag, april 03, 2015

Dagbok 2015: 3.april

Klokka er ca 21.30. Temperaturen ute er + 1 grad C, og det er måneskin.
Vi har vore på Hareid det meste av dagen, og som vanleg har vi fått rikeleg av det meste der; mat, kaffi og prat.Til saman var 8 barnebarn til stades, ikkje ofte så mange er samla på ein stad. Vi fekk nydelig middag, sosakjøt og kjøtkaker.Dessert fekk vi også. Og seinare eit måltid med brød og kaker. Litt hadde gjestane med seg også, slik skikk og bruk er i familien vår. 
Morfaren hadde tatt med nokre lakselus på glas og dreiv og underviste dei unge i naturfag. Han har ikkje vondt i "blåveisen, men ser framleis litt skummel ut.Eg veit ikkje så mykje om veret i Ørsta i dag, men registrerte at asfalten var våt. På Hareid ver det lettskya og fint.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 26.april

  Klokka er no 18.34, temperaturen ute er + 12 grader, og sola skin. Det har vore enda ein nydeleg dag i den finaste våren eg kan hugse. I d...