onsdag, april 23, 2014

Dagbok 2014: 23.april

Klokka er 20.40, temperaturen ute er ca +14 grader C; det høgste vi har registrert i dag er + 22 grader C. Dette er vel den sommaren vi får, så det er berre å nyte dagane så godt ein kan.
Nils var tidlig oppe og for ut for å fiske i lag med Mathias. Dei fekk eit par store seiar kvar + nokre små. Så det blei kokt småsei på oss i dag.
Eg plar vere effektiv når eg har føremiddagen åleine heime, men eg er ikkje komen i siget etter påske enno, så det vart ikkje så mykje gjort. Pusla litt i huset, strauk nokre klede etc. Då Nils kom heim, åt vi litt lunsj og så la vi oss ut på altanen ei stund, før arbeidslysta kom sigande så vi fekk gjort litt hagearbeid. Eg har starta "kampen mot skvallerkålen" i år også,  "same procedure as every year".
Etter at vi hadde ete middag i 18-tida, la eg meg ut att på altanen og las ut boka mi. No har eg vaska håret og shina meg skikkelig opp etter hagearbeidet. 
Som de ser av bildet har plommeblomstrane sprotte ut i dag, og her er i alle fall ei humle, vi ser humle rett som det er, men veit ikkje om det er den samme eller om her er fleire. Vi må  ta vare på humlene om folk skal overleve på jorda, seier dei.
I dag har svigerinne Bodil fødselsdag og vi gratulerer ! Vi skal ha oss ein tur til Eid snart, men trur vi ventar til det skyar over.

Bok nr. 25 - 2014: Blomstenes hemmelige språk.

Victoria har tilbrakt hele barndommen i forskjellige fosterfamilier og har aldri latt noen få komme nært innpå seg. Blomstene og deres betydning er blitt hennes måte å kommunisere med verden på. Som 18-åring bor hun i en liten avsidesliggende park i byen, der hun har skapt sin egen hemmelige hage. En dag møter hun blomsterhandleren Renata som blir imponert over Victorias kunnskaper om blomsterspråket og evne til å sette sammen vakre og talende buketter. Hun tar Victoria med til blomstermarkedet, der Victoria møter en mystisk ung mann som skal vise seg å ha forbindelse med fortiden hennes. Snart må Victoria ta et farlig valg – tør hun å satse alt for å finne lykken?
«Blomstenes hemmelige språk» er en rørende og medrivende historie om kjærlighet, tilgivelse og forsoning – og den gir et fascinerende innblikk i det viktorianske blomsterspråket. Boken ble allerede før utgivelse solgt til 27 land, gikk rett inn på bestselgerlistene og er blitt lovprist av et unisont internasjonalt anmelderkorps. 20th Century Fox har kjøpt filmrettighetene til boken.
.......................................................................................................
Denne boka har eg sett på biblioteket mange gongar, men gått fort forbi! Berre tittelen er eit varsel om kva slags bok det er, nemlig ein "Bestseller".Men så blei boka med heim ein dag, og så har eg lese den, med større interesse enn eg hadde forventa. Boka minner veldig om andre"bestsellere", men mest i språket og fortellestilen. Det er eigentlig ei ganske sterk historie vi får her. Ei historie som kan gi nokon og einkvar noko å tenke på. Eit lite minus for slutten, som blei veldig amerikansk/sentimental. Elles er boka slett ikkje så dum.

tirsdag, april 22, 2014

Dagbok 2014: 22.april

Klokka er 20.00 og sola skin framleis. Temperaturen er + 14 grader C. Det har vore enda ein strålande dag. Eg er ikkje så prektig at eg på død og liv må "jobbe" slike dagar, så i dag har eg konsentrert meg om å vere mest mulig ute. Dessverre er eg ikkje sprek nok til lange, fine turar i skog og mark og fjell, slik som eg kunne ønske.
Rett etter frokost var vi nedover og handla mat, her var nokså tomt for frukt og grønt mellom anna, for det var slikt som vi ikkje kjøpte inn før vi reiste.No er kjøleskapet fullt av sunne godsaker igjen.
Då vi kom opp att gikk vi ein liten tur i nabolaget, prata med folk, og såg etter om nokon hadde gjort store endringar i hagar og på hus. Det er mykje aktivitet rundt omkring i finevêret.
Etter lunsj sola vi oss på altanen til det var på tide å lage middag. I dag blei det gryterett med ris og salat, prøver å bruke litt av det som er lagra i frysaren.
Etterpå la eg meg ut att på altanen og las i boka mi, men kom inn att for ei lita stund sidan. Viss nokon spør meg om eg har gjort noko nyttig i dag, vil er svare "JA- eg har vore ute". Kunne nok ha funne litt hagearbeid å henge fingrane bort i, men her er faktisk ikkje så mykje å gjere enno. Kanskje eg skal gjere hagearbeid i morgon, for då skal Nils ut og fiske.

mandag, april 21, 2014

Dagbok 2014: 21.april =2.påskedag.

Klokka er 19.15; temperaturen ute i skuggen er + 13 grader C, og det har vore enda ein nydelig dag.Men det er framleis kaldt om nettene, så ein må vere forsiktig med kva ein set ut av plantar etc. Dei eg har ståande på trappa toler kulden, men "gulltreet" vårt har vi ikkje bore ut enno. Som de ser av bildet er plenen fin og grøn etter all hønsegjødselen han fekk tidlegare. Det som ikkje kjem så godt fram, er at det er blått i blått av Scilla, som er store og kraftige i år.
Dagen i dag har gått med til å få hovudet og tinga på plass. Vi var nok litt slitne etter turen i går, men er ved god helse. Eg hengde på plass alle kleda eg hadde pakka, veldig lite av det var brukt, og så vaska eg det vi hadde skitna til, og hengde det ut. 
Stod lenge ute i vegen og prata med eit par nabodamer; det er slik her at vi går ikkje så mykje inn til kvarandre, men når det er finever, kan vi stå ute og prate i det uendelige.
Låg ei stund på altanen og sola meg med lydbok på øyret. Det var ikkje så mykje eg fekk med meg av innhaldet i boka, for eg har ingen problem med å sove i sola ute.
Til middag i dag vart det steikt fisk, og det smakte godt, som vanlig.No skal Nils ut og sjå etter båten, og er det stilt, tek han ei runde ut på sjøen for å fiske.

søndag, april 20, 2014

Bok nr.24: Djevelanger.




En sommerdag løper lille Ida glad og fornøyd av gårde med dukkene sine for å plukke blomster – men hun kommer aldri inn igjen.
Det har ikke regnet på evigheter. Varmen er i ferd med å tørke ut tjernet Emilie Sande stadig søker til. Vannstanden synker, og hennes fortvilelse øker. For noe ligger skjult under overflaten. Noe hun for all del ikke ønsker at skal komme opp i dagen.

På politihuset i Bodø er det også varmt – og hett, vil noen mene. Guro Hammer, det nyeste tilskuddet til etterforskningsgruppa, setter følelsene i sving hos enkelte av de mannlige kollegaene. Da det kommer melding om at en liten jente er forsvunnet, passer Rino Carlsen på å bli satt på saken sammen med Guro. Dermed er jakten i gang …
Dette er andre boka eg har lese av forfattaren. Han skriv godt, til dels spennande, men eg synest løysingane hans på mordgåtene er til overmål fantasifulle. Denne boka er "ryddigare" enn stormen, men også litt tammare.  God underhaldning, særlig når ein les lydbokversjonen. Ser at anmeldarane har gitt terningkast 4 eller fem. Om lag det eg også ville gitt.

Dagbok 2014: 20.april= Påskedag

 Fagernes. Her åt vi middag.
Lite vatn i Strondafjorden.


Klokka er 22.50. Temperaturen ute er + 5 grader C.Vi kom heim for ca 1 time sidan, då hadde vi vore på reise i 12 timar. Vi kunne klart reisa på mykje kortare tid om vi hadde tatt beine vegen, men vi likar å variere rutene. I grunnen var det altfor fint vêr til å sitte inne i bilen, og eg for min del kunne godt tenkt meg å ta ein enda lengre veg heim og bruk fleire dagar. Men slik vart det ikkje.
I dag valde vi å køyre opp til Fagernes. Det var så lenge sidan vi hadde fare den vegen at eg hadde gløymt kor kjedelig den er. På Fagernes åt vi middag på ei kro. Vi tok "dagens" og den var sånn akkurat passe god. Røykt svinekam med brun saus og surkål. Ja, vi vart i alle fall mette. Når vi reiser i slikt strålande vêr er det utrulig fin dei fleste stader, men det virka litt tørt i Valdres, for det var stor "fjøre" i alle vatn. 
 Tyin. Eit eldorado for skigåarar.
Vi tok ikkje over Valdresflya, men reiste vestover mot Filefjell, vi har reist der før, men det er lenge sidan. Men i dag tok vi av til Tyin og over fjellet til Øvre Årdal, der har vi aldri vore før. Det var flott oppe på fjellet, med mykje snø, men vegen ned likte eg ikkje. Ja, vegen var for så vidt grei nok, men når eg såg utfor kanten var LANGT og BRATT ned til Årdal. 
 Første glimt av Øvre Årdal. 
Dei som ser godt kan sjå vegen vi kom ned. I dei fleste svingane, var der ein liten tunnel der vi køyrde i 90 graaders vinkel.


 Husa klora seg fast oppetter bratte fjellvegger, men der var vakkert og bjørka var utsprotten. Sentrum virka nokså urbant, fordi alle husa var samla på eit relativt lite område.Bilda mine viser berre det mest spektakulære i byggestilen. Der var mange store boligblokker til dømes.


 ØvreÅrdal har heidra arbeidarane på aliminiumsverket med statue + stein med inskripsjon.




Frå Årdalstangen køyrde vi langs sjøen til Fodnes der vi tok ferja. Og så var det beine vegen heim. Vi kom akkurat til ferja på Anda, og i god tid til Folkestadferja.

Dagbok 2014: 19.april= Påskeaftan

Nydelig vêr denne dagen også, skikkelig varmt der eg sat i solveggen og såg på mens dei andre jobba. Elles bar eg ut opp til fleire muggar med isvatn til arbeidshestane. Sidan Wenche er den mest kompetente snikkaren, overtok eg litt av husmorrolla. Det vil seie at eg steikte eit par "lad" med pannekaker til middag, noko som både små og store sette pris på. Seinare åt vi is og kransekake til kaffien. Vi lever godt.
Leikestativet vart nesten ferdig i løpet av dagen, med reier og det heile. Det einaste som mangla var tak på huset. Reknar med at den andre bestefaren stiller opp og hjelper til med det når han kjem heim frå hytta. Det er jo han som er fagmannen innan snikkarfaget. Tok bilde av det nesten ferdige stativet på nettbrettet, men ikkje på med fotoapparatet.
Vi som ikkje dreiv og bygde raka litt innimellom. Nydelige dagar.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...