tirsdag, april 22, 2014

Dagbok 2014: 22.april

Klokka er 20.00 og sola skin framleis. Temperaturen er + 14 grader C. Det har vore enda ein strålande dag. Eg er ikkje så prektig at eg på død og liv må "jobbe" slike dagar, så i dag har eg konsentrert meg om å vere mest mulig ute. Dessverre er eg ikkje sprek nok til lange, fine turar i skog og mark og fjell, slik som eg kunne ønske.
Rett etter frokost var vi nedover og handla mat, her var nokså tomt for frukt og grønt mellom anna, for det var slikt som vi ikkje kjøpte inn før vi reiste.No er kjøleskapet fullt av sunne godsaker igjen.
Då vi kom opp att gikk vi ein liten tur i nabolaget, prata med folk, og såg etter om nokon hadde gjort store endringar i hagar og på hus. Det er mykje aktivitet rundt omkring i finevêret.
Etter lunsj sola vi oss på altanen til det var på tide å lage middag. I dag blei det gryterett med ris og salat, prøver å bruke litt av det som er lagra i frysaren.
Etterpå la eg meg ut att på altanen og las i boka mi, men kom inn att for ei lita stund sidan. Viss nokon spør meg om eg har gjort noko nyttig i dag, vil er svare "JA- eg har vore ute". Kunne nok ha funne litt hagearbeid å henge fingrane bort i, men her er faktisk ikkje så mykje å gjere enno. Kanskje eg skal gjere hagearbeid i morgon, for då skal Nils ut og fiske.

2 kommentarer:

arieldog sa...

De er heldige som kan nyte finevêret, og de bør gjere det utan tanke på kva nytte de eventuelt gjer. Hugs at de avspaserer!

Besta sa...

Klart det! Eg ser det som veldig nyttig å vere ute. Til dømes!

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...