søndag, februar 24, 2013

Dagbok 2013: 24.februar.

Klokka er 15.30, temperaturen ute er + 3 grader og vêret er framleis nydelig, slik det har vore det meste av vinteren. Det er så ein kan få lyst å legge seg til bruning på altanen, men temperaturen held ikkje til det.
I dag hadde vi tenkt å gå på ein skogsveg som blir kalla Kanalvegen, men dessverre var der vel mykje snø, så vi køyrde ut til PER-MEK, sette bilen ifrå oss og gjekk Hagevegen utover. (Det er gamlevegen til Ålesund). På Setre er det veldig fint på denne tida av året, trur ikkje nokon andre har så mykje sol som dei der ute. Vi trefte mange vi kjende , så det vart mykje prat. Det er som om alle kjem ut av hiet slike dagar. Eg var ikkje god i hofta, så eg trudde ikkje eg hadde klart å gå så langt, men det gikk betre enn forventa. Då vi kom heim og eg vart ståande ute på vegen og prate med diverse naboar, gikk Nils inn og steikte flesk og egg til lunsj. Middag blir det kanskje ut på kvelden.
Nils ser sport på TV, det gjer ikkje eg, så eg skal ha meg ei stund med lydbok. No har eg berre att ei erm, så er genser nr.2 også ferdig. Så får dei seie ifrå dei som ønsker seg noko- for eksempel ein genser, for no er eg i siget.

lørdag, februar 23, 2013

Dagbok 2013: 23.februar

Klokka er snart 17.00, temperaturen er +3 grader på baksida av huset, og det har vore ein strålande dag.
No har  eg vore bra så lenge at det var heilt uventa at eg begynte å verke i hofta i går kveld etter at vi hadde gått tur. Var ikkje særlig mykje betre i dag tidlig, så eg bestemte meg for å ta det rolig i dag, til tross for at det var fristande å gå ut i finevêret. Eg har ikkje verkt så mykje i dag, så det går vel over. Eg har brukt dagen til diverse huslige syslar; bytta på sengene, vaska og hengt ut klede, rydda og styra litt på kjøkkenet etc.
Eg er ikkje den som les altfor mykje i kokebøker og prøver nye rettar, men ein ting synest eg er artig, og det er å prøve og koke suppe på ein spikar. Det gjorde eg i dag. Suppa laga eg etter prinsippet "Man tager hvad man haver". Eg hadde nokre ganske inntørka skalkar av ymse spekepølser som eg skar i små bitar og kokte i lag med 2dl raude linser, ein halv løk, ein heil kvitløk (kinesisk) eit par stilkar selleri, eit par-tre gulrøter, eit par grillpølser, bulliongterningar. Salt og krydder var der nok av i spekepølsene, så smaken ordna seg sjølv.
Nils vart overraska over kor god suppa vart. Eg laga noko liknande ein gong før, då hadde eg noko tørr morrpølse. Vi prøver framleis å gjere kål på lageret vårt av alt mellom himmel og jord. Men i går kjøpte vi inn nakkekotelettar som vi steikte til kvelds og åt med ris oh karrisaus frå glas. Det er litt irriterande at slike glas alltid er så store. Eg tvilar på om vi får i oss all den sausen. Men godt var det.
Nils for til Volda på "Vardebrenning"-det er visst ein protest mot oljeboring i Lofoten eller noko slikt. Eg kunne ha vore med viss eg ville, men valde å vere heime på grunn av at eg gjerne vil bli heilt bra. Eg har strikka litt og høyrt lydbok. Då eg skulle legge bilde inn på laptoppen, nekta den å fungere, så no får vi vel eit problem. Det mest irriterande er at eg har mykje bilde liggande der."Papir" har eg på den stasjonære PC-en, men eg skulle absolutt hatt ein ekstern harddisk og tatt back-up av altsom er viktig. Dei har visstnok på Clas Ohlson til ein rimelig pris. Mitt problem er at eg ikkje er særlig flink med det tekniske.
No skal eg strikke litt til og høyre bok for det brakar laus i TV-en.
PS: Fekk laptoppen til å virke igjen. Eg drog ut ledningen og let den kjøle seg heilt ned.(Den HAR underlag med vifte).

fredag, februar 22, 2013

Dagbok 2013: 22.februar

Klokka slo akkurat seks (18), temperaturen ute ligg på 0 grader , det er klårt og fint, berre lette skyer.
I dag hadde vi ikkje så mykje på programmet, men vi hadde eit ærend på apoteket, så det vart ein liten tur på Amfi, der vi trefte mange vi kjende, som vanlig.
Då vi kom heim, var det altfor fint til å gå i hus, så vi gikk ein tur den vanlige ruta. Eg hadde med meg kamera for å øve meg, men bilda vart nokså ubrukelige, trur det har noko med sola å gjere.Bildet over viser byggeaktivitet i Millionærsvingen. Ein annan stad var det ein mann som saga sund graner til ved etc. så vi fekk ei kjensle av vår etter ein lang og stilleståande vinter.
Heime att vart det ein kaffikopp og ei brødskive, så middag har vi ikkje hatt enno. Eg har slappa av med lydbok på sofaen. No skal eg gjere ferdig noko "kontorarbeid"; det er tid for årsmøte i pensjonistlaget i veka som kjem, og det følgjer litt arbeid med. Så blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden.
I dag fyller barnebarnet Audun 23 år, han held framleis til i Oslo og studerer jus. Han har nylig vore til Cuba på studietur.
Vi gratulerer Audun med dagen og ønsker alle ei god helg.
Audun til høgre.

torsdag, februar 21, 2013

Dagbok 2013: 21.februar


Klokka er 13.15, temperaturen +3 grader C; det er overskya, men opplett.
Eg ha nettopp gjort meg ferdig med "fredagsvasken", som eg oftast tek på torsdag, og måtte kvile meg litt framfor datamskina. Nils driv og styrer med ymse greier ute og i garasjen. Fisk for eksempel. I dag skal vi ha steikt sei til middag.
I går ettermiddag var vi samla hos Margrete og fekk herlig lasagne (heimelaga), salat og foccaiabrød (som Lars hadde laga). Til dessert hadde vi kaker og kaffi.Og karamellpudding, som var Solveig sitt bidrag til "festen". Det kjem vel med å ha eit stort bord, i går var vi 13, men der var plass til fleire.
Solveig, Øystein og Olaug kom frå Hareid, dei var med opp at hit fordi dei skulle ta Einar sin bil med ut att. Solveig hjelpte meg med å rekke opp den genseren som var for lang- nedanfrå. Ho trudde ikkje eg hadde rette tolmodet til det, og det hadde ho vel rett i.
Som de veit har eg skrive mykje på bloggen om Ferdinand Finne-tallerkane eg har kjøpt-i alt ni. Solveig hadde vore inn på butikken og sikra seg to nydelige skåler som høyrer til serviset, og dei hadde ho kjøpt i fødselsdagspresang til meg. Den øvste skåla er større enn den nedste, det kjem ikkje så godt fram på bilda. Den eine kan stå oppi den andre.Det vart til at eg fekk gåva i går-i staden for at vi venta til påske. No kan eg altså dekke med dette fine serviset til 9 personar.
I dag vil vi gratulere Henning på Eid med dagen. Og sjølvsagt også hans majestet kong Harald.( Eg er ikkje heilt sikker på om han les bloggen min.) No skal eg steike fisk.

onsdag, februar 20, 2013

Dagbok 2013: 20.februar

Klokka nærmar seg 13.00, temperaturen ute er +4 grader C, det er lettskya og fint vêr.
Lite og ingen ting er blitt gjort så langt i dag. Meininga var at vi skulle på Dagkino  og sjå Lincoln, og så ein tur inn til Margrete etterpå. Men då vi såg at filmen skulle vare i 2 1/2 time endra vi planane. Ein rekk ikkje over alt, så då må ein prioritere.
Vi skal ein tur på butikken også.Og filmen kjem til å gå fleire gonger.
Nils har helde til i garasjen mykje av føremiddagen. Han har filetert fisk og male opp, så Solveig skal få noko å lage fiskemat av. Dei skal også inn til Margrete i dag; så det blir stort familietreff - før Ingeborg skal på "jordomseiling " neste månad.
Det er lenge sidan vi har vore den inne no, det blir helst dei som kjem hit, sidan det meste går for seg på vår side av fjorden.

tirsdag, februar 19, 2013

Dagbok 2013: 19.februar




Klokka har passert 18.00, og vi er nettopp komne inn frå ein liten tur rundt Storebakken. Temperaturen er no + 1 grad C og vegane er berre, så det er lett å gå.Men sjølvsagt saknar eg sparkeføret. I dag har vi hatt all slags vêr, frå tjukk skodde om morgonen, til sol og blå himmel ei stund midt på dagen, og lettskya og fint no i kveld.
Nils for på sjøen i dag tidleg i 9.30 tida og kom heim med ein del småsei og nokre litt større. Det vart kokt småsei til middag i dag. Eg har styrt litt med å dampe strikketøyet mitt, og strikke litt meir. Så fann eg ut at eg ville ta opp att noko, så det  skal eg strikke om att i løpet av kvelden. Blir litt tung i hovudet av å sitte slik å "naure", så det gjorde godt med ein tur ut. Eg treng ikkje stresse med den strikkinga, det er ingen ting som hastar; men det er slik eg er- alt skal bli ferdig og det i ein fart.
Eg har hatt det nye fotoapparatet med meg på turen i kveld, må prøve ut diverse lysforhold m.m.


mandag, februar 18, 2013

Bok nr. 8 - 2013: Døden kommer til Pemberley

Døden kommer til Pemberley
"Krimdronningen P. D. James er bare 92 år gammel - og må åpenbart ha hygget seg over å skrive denne lille boken. Den er vel nærmere en roman enn en kriminalbok, fordi P.D. James gjør seg slik flid med miljøskildringen.
Hun tar fatt seks år etter at Mr. Darcy og Elizabeth giftet seg, de har to barn. Søsteren Janes familie bor like ved, og det er fryd og forventning i luften kvelden før det tradisjonsrike Lady Anne-ballet. Så kommer et uventet og dramatisk besøk, en mann blir myrdet på Pemberley-eiendommen."
Dette er henta frå nettet, og der har boka fått terningkast 6.

Eg er ikkje medlem av Jane Austens fan-klubb, men eg har då lese eit par bøker, og ikkje minst sett filmar/seriar på TV. Bøkene hennar synest eg rett og slett er kjedelige, men sett ut frå tida dei er skrivne i, les ein dei på ein spesiell måte, og med ei viss interesse.
Jane Austen vart fødd i 1775 og døde i 1817. Boka "Stolthet og fordom" skreiv ho i 1813, så den er 200 år gammal i år.
Og no har altså den 92 år gamle forfattaren P.D  James skrive eit framhald av historia. Noko som eg kallar risikosport. Eg synest boka hennar var ganske kjedelig, men den tok seg opp mot slutten.Og eg trur den er svært lik Jane Austen si bok både i form og innhald. Det nye er "mordet". EG trur at dei som er betre kjende med Austen sine bøker vil finne eksperimentet meir interessant enn eg gjorde. Men at ei 92 år gammal dame vågar seg utpå glattisen på denne måten, må ein berre beundre.
Så får alle fans berre unnskylde at eg ikkje diggar boka.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...